Kvinnfolksyslar

DSC_1471

«Eg går ut og byggjer landet,» seier husbonden, og tek på seg kjeledressen. Han skal ordne med bygging av skogsveg, rydding av skog, utbetring av fjøs, tøming av møkakjellar, forbetring av drikkevasskjelde, og lista kunne halde fram med ein lang meny med handlekraftige, nødvendige og utviklande tiltak. Slik er det med mannfolk, det er ikkje noko knussel. Dei trekkjer i kjeldedress, startar traktoren og gjer nyttige ting.

Kjerringa skal derimot lage julebutikk. I kompaniskap med kreative damer i bygda skal det seljast handlaga bilete laga med akvarell, trykk og symaskin. Det blir vin-nissar med pappvin-pose i magen, strikka huer, labbar, babysokkar og skjerf, tova puter og sitjeunderlag, kort og norgesglas-stearinlyslykter. Og det blir kaffi og kaker og småbord med tante Norunn sine gamle, broderte dukar.  Dei siste månadane har det vore jamn planleggingsaktivitet, og denne helga skulle alt på plass på veggar og bord. Det har vore ei putling og dandering utan like.

Kvinnfolksyslar er ofte kjenneteikna av at dei er lite innbringande, baserte på pynt og kos og utan rasjonell grunngjeving. «Idealistiske tapsprosjekt», er husbonden sin dom, kvar gong kjerringa har lese med begeistring om ei ny medsøster som driv med urtedyrking, toving, gardskafè, ysteri eller andre arbeidskrevjande og lite innbringande aktivitetar inne i ein dal, oppe på ei fjellhylle eller ytst på ei øy. Nyleg kom det ei ny gründarkvinnesak heilt etter vårt hjarte, til og med frå barndomsbygda Jølster: Ei gardakjerring som har starta eige bakeri i ein gammal steinkjellar, med stor bakaromn og alt som høyrer til. Her skal ho starte utsal av eigne bakarvarer, etter å ha sagt opp ein sikker jobb.
http://www.firda.no/nyheiter/naringsliv/jolster/lagar-sitt-eige-levebrod/s/5-15-130006

På midtsidene i Bondebladet kan ein ofte lese reportasjar med fargebilete om bondekjerringar som har starta gardsbutikk, overnattingsplassar på stabburet eller sal av pyntegrønt frå eigen skog. Bileta viser gjerne vakre rom mellom gamle trevegger, der kona serverer trygge smil og kaffi i koselege koppar. Bak fasaden er det mest sannsynleg ei utsliten kvinne som arbeider døgnet rundt, har dårleg samvit for husarbeid, mann og barn og får minimalt med overskot i form av pengar. Men på ikkje-glansa papir i Bondebladet, innimellom seriøse artiklar om avdrått på sau og kornprisar, må vi jo tru at det har noko for seg.

Så når vi no kastar oss på adventskos-trenden, med julebutikk og førjulskonsert i stova, er det nok som eit resultat av overdriven lesing av Bondebladet og andre idylliserte utgåver av kvinneverksemder på bygdene. Det blir heilt sikkert mykje arbeid, ein del kos, og lite økonomisk gevinst. Rekneskapsføraren klarte ikkje å skjule sin skepsis då konseptet vart presentert, og det med god grunn; her kjem vi ikkje til å rekne timebetaling.

Det starta ein dag på skulen. Kollegaen i Kunst-og handverkfaget er ei dyktig dame som lagar flotte bilde heime på loftet, og vi kom i snakk i ei ledig stund mellom undervisningstimar og kopiering. Ho skulle ynskje at ho kunne gjort meir ut av det, men det er no rart med det, dagane fyk av garde, med jobb og ungar og plikter og runddansen mellom kleshaugar og oppvaskmaskin. Det hadde vore fint å hatt ein anledning å jobbe fram mot, hatt litt press på seg og få gjort alvor av å jobbe meir med det, sa ho. Så då var vegen kort til å kaste fram forslaget om julebutikk, som hadde lege der som ein stearinlysgyllen draum ei stund. Det balla fort på seg, med fleire flinke damer som kunne tenkje seg å vere med og produsere bilde og anna.

Så vart apparatet sett i gang, informasjonsbrev sende ut, plakatar laga, Facebook-arrangement oppretta. Så går det som det alltid gjer når ein prøvar seg på noko nytt: Dei bange tankane dukkar opp, små svarte troll som sit plagsame på skuldra di og spør korleis i all verda dette skal gå i praksis. Blir det nok varer? Kjem det til å komme folk? Blir det selt noko? Blir det så stearinlys-koseleg og triveleg som det bør vere for å lokke folk innanfor? Blir det eit pes av prisar og pengar og lister og mangel på tape og innpakningspapir?  Og kva er vitsen? Har du ikkje nok å gjere? Kva har du igjen for å sose vekk førjulstida på ulønsamt fjas, er det ikkje travelt nok frå før? Bør du ikkje konsentrere deg om å feie for di eiga dør, bokstaveleg talt, og få skikk på huset og familien og julefeiringa? Slik surrar dei små, svarte tanketrolla. Og der ute i den haustmørke bygda ligg Bygdedyret på lur og slår lett ned på dei som finn på rare ting og set i gang med noko nytt og uvant. Nei, kanskje burde ein ikkje ha teke seg i ferde med slikt.

Men ein grunn må det vel vere til at damer rundt i heile distriktsnoreg går i den same fella, og set i gang med allverdas merkelege tiltak? Kvifor lever kvinnfolksyslane sitt eige, irrasjonelle liv? Kan vi snakke om ein eigen kos-økonomi, aktivitetar som kastar av seg i annan valuta enn norske kroner? Tilboda som poppar opp i alskens julebutikkar i adventstida er kanskje ikkje først og fremst eit tilbod om handel, men om sjelebot og trøyst i vår moderne kvardag. Vi ynskjer oss inn i ei verd av gamal nostalgi, handlaga ting, noko som er ekte og originalt, som har vorte skapt mellom levande hender. Vi trekkjest mot stearinlys og tømmerveggar, ull og filt, bakverk og strikking, stunder av nærleik og kontakt med tradisjonane.

For tida spinn elles så fort forbi. Det er så mange bilete som flimrar, plakatar som lokkar, musikk som rullar, ting som fossar frå samlebanda og ut i effektive varekjeder med breitt utval i plast og kunststoff.
Vi blir trekte mot noko som er langsamt, jordnært, tidkrevjande, samanhengande, enkelt, handlaga. Noko som nokon har hatt mellom hendene lenge og samanhengande, tenkt på, jobba med, skapt. Urkvinna i oss protesterer mot det raske, digitale, regisserte, og vil tilbake til ull og stearinlys og trekvistar og stein, varme brød og kanelbollar.

I ei verd som målar alt i kroner og øre, vinning og tap, er det vanskeleg å forsvare kvinnfolksyslane. Kva slags samfunnsøkonomisk gevinst kan ein vente av damer som sit heime og strikkar og målar og lagar bilete med pensel eller symaskin?  Dei bidreg nok ikkje til bruttonasjonalproduktet. Men kanskje det er eit bidrag i eit anna reknestykke, eit «trivselslokalprodukt». Kvinner er kjende for å drive mikro-økonomi. Dei startar i det små og set i gang forsiktige snøballar som kan rulle i det stille.
I ein trivsels-lokal-mikro-økonomisk  modell kan ein møteplass i ei bygd i adventstida kanskje ha verdi. Der kan det kanskje vere eit ørlite dytt på snøballen å invitere inn til strikkahuer og kaffi og kveikte lys. Og kven veit kva følgje-effektar kan det få at talentfulle damer får hente kunsten sin fram frå loftsrom og lager?

Slik trøystar vi oss, kvar gong husbonden startar traktoren og gjer nyttige ting. Men no er det uansett berre å setje alle klutar til og fullføre det vi har sett i gang. Så får vi gjere opp status, vinning og tap etterpå. Den neste veka blir spennande, vi ser fram til å kveikje stearinlysa neste helg, og håpar at nokon vil stikke innom.

DSC_1453DSC_1479DSC_1459DSC_1457DSC_1468

 

 

 

 

2 thoughts on “Kvinnfolksyslar

    • Vi er utselde for saueskinn akkurat no, men får inn nye på etterjulsvinteren. Vi har ei bestillingsliste, men kjem til å få inn fleire skinn enn dei som står på lista, så det blir nok sjanse til å få kjøpt noko då. Vi får dei vanlegvis frå garveriet ein gong mellom januar og april/mai.
      Sonja

Kommenter innlegget