Forever alone, liksom

Trettenåringen er sterkt misnøgd. «For ein tragisk plass å bu på! Her er jo ingenting å gjere og ingen å vere med! Berre sitje her, forever alone, liksom!?» Han drøymer i staden om å bu i Høyanger tettstad. Berre rusle bort på den opplyste kunstgrasbana når det måtte passe. Ha alle venene innanfor rekkevidde. Kunne ta ein tur ned på butikken når behovet melder seg.

I staden bur han altså her. På eit mørkt og vindfullt nes langsmed riksvegen. 20 minuttar med buss kvar gong han skal på trening eller møte venner. Ingen likesinna å gå til.
Rett nok har han hund, katt og kaniner, eiga fotballbane med to mål, eigen båt og flytebrygge. Om sommaren hjelper det nok litt. Men no er det vinter, mørket står som ein vegg på rutene og vindfullt regn piskar rundt hjørna. Berre facebook til trøyst. Og mor må berre ikkje klage over at han sit mykje ved dataen. Kva elles er det å gjere?

Foreldra sitt optimistiske val har sin pris. Det hjelper ikkje med flott utsikt, mykje sol (på godversdagar, vel og merke!), eiga strand, dyr og god tumleplass. Guten treng vener, sosialt liv, sivilisasjon, ein stad der noko skjer. Stakkars, han må berre halde ut nokre år til.
«Når eg flyttar på hybel, mamma, då…!» Og mor tenkjer med tungt hjarte: Er det verkeleg så gale? Kjem han til å sjå annleis på det ein gong?

Rapport frå «der ute»

Systera mi har reist til Beijing. På sitt andre sosialantropologi-opphald i Kina skriv ho blogg og fortel om opplevingar og tankar frå den store verda. Bloggen hennar heiter «Camilla i verda» (www.camillaiverda.net), og eg tykte det såg kjekt ut å ha ein slik blogg og skrive om ymist til dei som gidd å lese. Så fann eg ut at eg og vil sende ut mine betraktningar frå min stad i verda.

No har ikkje eg reist så langt. Då eg var på hennar alder, for over 20 år sidan, valde eg i staden å satse framtida med min kjære på eit vakkert småbruk ved Sognefjorden.
Sauer, born, fjord og ope landskap skulle vere framtida. Her er vi framleis.
Men i mellomtida har sentraliseringa stramma sitt grep, og no er det snart like eksotisk å leve livet i det vestlandske distriktsnorge som i Beijing. Så kvifor ikkje blogge litt?

Ei veninne i Førde inviterer kvart år til dameselskap for å feire bursdagen sin. Mange kjekke damer er å møte der, og kvar gong dei same spørsmåla: «Du kjem heilt frå der ute?» «Køyrer du frå Sogn?» «Korleis går det der ute?»
Ja, eg har køyrt 43 km til Førde, like langt som frå Skei. Og eg har kryssa fogderigrensa med nokre få kilometer. Men langt er det ikkje. 40 minutt i bil.  Rart kor lange avstander kan bli når dei går «feil» veg.

Så då er det vel på sin plass å sende ut nokre rapportar frå livet «her ute» ved fjorden, eit stykke frå sentrale strok. Hadde tenkt det skal handle om tildragingar og hendingar på vår vesle perle  gjennom året, men mest omkring dette med å bu i distriktet. Å prøve å skape aktivitet. Å finne seg eit fellesskap i ei ny bygd. Om bulyst og alle desse nye orda som skal belyse dette fenomenet: Folk som bestemmer seg for å bu «der ute», trass alle sentraliseringsstraumar. Vi får sjå kva det blir.