Sunshine of my life

Så vart det sol likevel. Krokusen min opna seg og strekte seg mot lyset, slik som alle oss andre. Det var ein strålande dag med hagearbeid i sola.

Fjorden låg der blank og blå, og verda var vakker igjen. Sauene kom ut med sine runde lammemagar, og myste forvirra i overgangen frå  fjøsmørket. Gutungen låg på vika i båten, og vedkløyvaren til naboen kvein i det fjerne.

 

Det har vore solskin i ei anna tyding òg, denne veka. Det har vore den årlege lønningsdagen for musikklæraren. Tre års arbeid med eit kull elevar vart utbetalt torsdag, i form av den store konserten der 10. klassingane stod på scena og strålte i to timar. Læraren ved pianoet kunne suge inn den stolte begeistringa som stod i ansikta på 45 ungdommar, der dei song, spelte og fortalde seg gjennom det innøvde programmet om musikken på 70-talet. Dancing Queen, Living next door to Alice, You are the sunshine of my life. Gitargrepa sat, tekstane var lærde utenat, trommisane heldt rett tempo, alle var på rett plass til rett tid. Strålande auge, klare stemmer, energiske kroppar, smittande musikkglede og trygg sjølvtillit er god betaling for arbeidet.

Det er som ein fødsel. Målet er nådd, underet er skjedd, og alt som ligg bak er gløymt. Alle svette og støyande timar på musikkrommet sidan 8. klasse. Gitargrep som vert instruerte og viste om att og om att, stive fingrar som må flyttast og hjelpast på plass på strengar og band. Spel – stopp  – skift – send gitarane vidare, til alle dei 25 har fått prøve. Trommerytme som må trampast og klappast inn med armar og bein stokka på rette pedalar og stikker og hi-hat og trommer. Bass-gitaren der du for 100. gong svarer på spørsmål om kva for ein streng det skal spelast på. Mas og surr, alltid nokon som ikkje klarer å halde munnen sin att og vente på tur. Møysommeleg innlæring av samspelets kunst; å starte og stoppe på rett stad, å halde same tempo, å repetere vers og refreng, å tore å synge inn i mikrofonen.

Og no stod dei der, på scena, som stjerner for ein kveld. Tiljubla av eit begeistra publikum av familie og venner. Gjennomførte med glans det som har vore terpa på i månader. Ei strålande, stor, felles glede for alle til stades. Foreldre som takka med blanke blikk og varme hender. Den gode vissa om at nokon har opplevd noko stort og viktig.

Det er store kontraster; i læraryrket, i vestlandsvèret og i livet i det heile. Denne veka har det vorte ekstra klart. Og songane rulla og gjekk i hovudet heile helga etterpå: You are the sunshine of my life..

Skvis

Krokusen har forvilla seg ut frå blomsterbedet og trengjer med all si livskraft gjennom grusen. Våren har hatt litt av ein jobb i år, men går på med krum hals.
Krokusen sitt vårlege pågangsmot kan inspirere nokon og ein kvar i desse dagar. Livet har vore variasjonar i grått så lenge vi kan hugse.

Det har vore ein lang vinter. Mørke, våte dagar til og frå jobb. Mørkt når du reiser, mørkt når du kjem. Vindusviskaren alltid på. Karusellen av daglege plikter som går og går.
Jobb-plikter, først og fremst – vi må jo leve.
Ungar som alltid skal noko, kabalar som alltid må gå opp. Stendige påfyll i kjøleskåp og klesskåp, pengar ut og inn av konto, varer ut og inn av bil og hus. Koppar og glas opp og ned av oppvaskmaskin, klede ut og inn og opp og ned av skittentøykorg, vaskemaskin, tørkestativ, korger, haugar og klesskåp. Tomme sokkekorger må fyllast. Fulle søppelbøtter må tømast. Gjenstridige tenåringar må oppdragast. Mannen har sine må-ting, og heng i sin eigen stropp. Det rullar og går, og regnet trommar på terassen.

Kvar vart småbrukarlivet og draumen av? Om utvikling og framsteg. Om vedlikehald og ivaretaking. Om å få til noko nytt. 
Gløym draumar, hald hovudet over vatnet. Ta ein ting om gongen. Start på den endelause rekkja av gjeremål som ligg og ventar. Det blir nok sol ein dag.

Dette er min påstand: Den viktigaste føresetnaden for å drive med småbruk i vår tid er verken jordbruksutdanning eller det å kunne køyre traktor, sjølv om det er viktig nok.
Det er evna til å takle den konstante kjensla av å ikkje strekke til. Å gå gjennom dagane og sjå på alle dei ugjorte gjeremåla som hopar seg opp i hus og tun, fjøs og bøar, hage og hovud. Prioritere knallhardt mellom alt det nødvendige og noko av det som er nødvendig for livsmotet. Gle seg over dei små framstega som tidstjuvane ikkje tek.

I dag var det til oppmuntring og inspirasjon å sjå krokusen i grusen. Han må ha pressa seg noko vanvittig gjennom dei skarpe, harde steinane, med kaldt regn i nakken.
Han vil ha vår, og det vil eg òg. Han veit at han må skape den sjølv, og det må nok vi og.

Utkantkultur

Bremanger musikklag var i Førde og hadde konsert. Det var eit fyrverkeri av profesjonelle amatørar. Dyktige og scenevande songarar, eit solid orkester,  eit velfungerande korps, flotte og humoristiske kostyme og voldsom musikkglede. Dei heldt det gåande i nær to timar med velkjende hits frå 70-talet, og stemninga var høg i Førdehuset.

Kva dei får til ute i Bremanger! For bak det oppkommet av overskot og gjennomføringsvilje som vart vist her, må det ligge mykje arbeid, innsats og samarbeid. Og når dei så reiser inn til «metropolen» Førde for å halde konsert, som vokalisten sjølvironisk kommenterte frå scena, er det ei oppvising i tiltakslyst og ressurssamling som Førde kan misunne dei.
Korpsa i Førde har aldri vist seg fram frå ei slik side, enn kome på tanken å inngå konsertsamarbeid med eit danseband og eit knippe songarar. Kanskje fordi dei ikkje må? Fordi medlemsmassen held seg stabilt god og øvingar og arrangement gjennom året rullar og går. Ikkje slik som i utkantstrok, der kvar tilgjengeleg sjel må vinnast for fellesskapet for å halde korpset og bygda gåande.

Eit godt kulturtilbod er ofte framheva som føresetnad for kvar folk vel å busetje seg. Dei fleste vil bu i byar og større sentra, der det er lett tilgang på kino, teater og konsertar. Dette konsument-kulturlivet er ein viktig kvalitet ved livet som folk etterspør meir og meir.

Vi som bur i grisgrende strok er vårt eige kulturliv, slik dei viser så tydeleg i Bremanger. I staden for eit konsument-kulturliv har dei eit deltakar-kulturliv der kvar engasjert og ressurssterk sjel er gull verd for å skape blomstring og begeistring. Sjølvsagt har dei deltakar-kulturliv i byane òg, men ikkje med same livsnødvendige drivkraft.
Einskildmennesket kan bidra på ein avgjerande måte, og fellesskapet blir eit mål i seg sjølv. Det er ikkje profesjonelt og strigla, det kan vere både amatørfakter og ulydar, men det er vårt, og det er godt nok til å skape begeistring og vi-kjensle over kva vi får til. Og det er lett å kjenne at ein bidreg, at ein kan tilføre noko som andre set pris på, og at ein er del av noko.

Heia, Bremanger! Musikk er eit fantastisk middel til å skape samspel og fellesskap, til å få til noko saman. Det er arbeidskrevjande og krev stayer-evner, og det er meiningsfylt og byggjande for livskvaliteten. Dette er kultur frå utkanten, og døme på den utkantkulturen som gjer at folk lever gode liv utanfor metropolane.

Mann med motorsag

Den aller første kjensla av vår er å vere med husbonden å skjere frukttre. I går var ein slik stjernedag. Etterlengta, skarp sol som varmar når vinden tek ein pause. Glitrande fjord. Lukt av tre og motorsag-eksos. Mann i skogskle og hjelm som klatrar i stige og tre med lette føter, sagar og skjer. Diskusjonar om kvar greiner skal kuttast, kva som skal få vekse og byggast vidare på. Litt småkrangling når han misforstår og kuttar feil grein.

Heldig er den som har ein mann med motorsag. Ein som kan sage der du peikar. Ein med god balanse, praktisk innsikt og sterke armar til å løfte, sage og fikse. Som får til det du trur ikkje går an. Balanserer der du er sikker på at han kjem til å dette ned.
Ein som smiler guteaktig under hjelmen og løfter hørselverna opp for å høyre. Ein dugeleg arbeidskar. Langt mellom slike menn no til dags. Nokre dagar skjønar eg kor heldig eg er.