Den aller første kjensla av vår er å vere med husbonden å skjere frukttre. I går var ein slik stjernedag. Etterlengta, skarp sol som varmar når vinden tek ein pause. Glitrande fjord. Lukt av tre og motorsag-eksos. Mann i skogskle og hjelm som klatrar i stige og tre med lette føter, sagar og skjer. Diskusjonar om kvar greiner skal kuttast, kva som skal få vekse og byggast vidare på. Litt småkrangling når han misforstår og kuttar feil grein.
Heldig er den som har ein mann med motorsag. Ein som kan sage der du peikar. Ein med god balanse, praktisk innsikt og sterke armar til å løfte, sage og fikse. Som får til det du trur ikkje går an. Balanserer der du er sikker på at han kjem til å dette ned.
Ein som smiler guteaktig under hjelmen og løfter hørselverna opp for å høyre. Ein dugeleg arbeidskar. Langt mellom slike menn no til dags. Nokre dagar skjønar eg kor heldig eg er.