Med livet som innsats

«Pappa jobbar 24/7!» stønna trettenåringen hovudrystande. «Ja, han gjer det,» var det einaste eg kunne svare. Eg hadde ein trong til å forklare, skape ei meining i det han opplevde som meiningslaust. Den heilt korrekte observarsjonen av at far hans jobbar døgnet rundt.

No er det sjølvsagt ikkje heilt sant, sånn bokstaveleg talt. Han søv litt innimellom. Men elles er livet hans fylt av arbeid. Det same kvar dag: Heim frå jobb i Førde ca. halv fem, middag og ein halvtime på sofaen. Så er det ut i sitt eldorado av vedlikehalds- og framdriftsprosjekt – det er berre å velje og vrake. Det er skogsarbeid og vedkløyving, VVS-anlegg for hyttefelt, diverse (evige) ryddeprosjekt, fjøsstell, snart dyrking og lamming….og ein heil masse anna som berre han sjølv har oversikt over.
Og så ei mengd uoppfylte, meir eller mindre uttalte forventningar frå kjerring og ungar om andre ting som han burde ha gjort. Skiturar, fisketurar, småreparasjonar, overhaling av syklar, vasking og reparasjon av bilar, samtaler i sofaen…. Stakkars mann.

Men når han får medlidande spørsmål om det ikkje vert i meste laget, er svaret:
«Det er dette livet skal brukast på, og det skal vel syne att noko etter oss når vi dauar.»
Korleis forklare trettenåringen dette? At foreldra hans har valt seg eit livsprosjekt, og at toppen av meiningsfylde er å jobbe mot målet, i den grad reimar og tøy held. At denne garden ikkje berre er ein buplass, men at det å utvikle den vidare er sjølve livsinnhaldet.

I hans hovud rimar det ikkje. Det er så mykje anna ein kan bruke livet på her i verda. Reise ut, oppleve byar og land, møte menneske, slappe av,  dyrke fritidsaktivitetar og leite etter nye opplevingar.

Kanskje kunne eg ha samanlikna det med ei leikegrind, eller ein sandkasse for vaksne menn. Råstoff til å skape noko ut av, sjå framgang og utvikling i.
Hadde han vore eldre, kunne eg ha samanlikna det med ekteskapet: Det handlar om å gjere eit val i livet, å bestemme seg for at dette er det rette, det ein vil satse på. Så får ein stå ved det, og skape meining i det undervegs.

Kanskje kunne eg òg ha fortalt om den svenske psykologen Erik Homburger Erikson, som har laga ein teori om menneskets utvikling. Han hevdar at livet går i fasar, og mennesket utviklar personlegdomen sin ved å gjennomgå ulike stadium etter som livet går. I voksenalderen er det som skapar meining og identitet å skape noko, å ha tilført noko. Det vaksne mennesket har behov for å utvikle produktivitet, kjenne seg nødvendig, og gjennom dette oppnå identitetsopplevinga «Jeg er det jeg gir videre». (Jerlang, Espen (red): Utviklingspsykologiske teorier – en innføring. Gyldendal 1993)
Då kunne eg ha peika på at far hans må vere sjølve kroneksemplet på livsopplevinga til Eriksons vaksne menneske, og finn meininga si i det han skaper.

Kanskje burde eg også ha sagt noko om at av og til er det ein tvil. At det gneg litt, sjølv i far, når kameratane går Birkebeinaren eller deltek i sykkelløp medan han sjølv tømer ein møkakjellar eller kløyver dei siste kubikkmeterane med ved. Når det sig inn i oss i si fulle breidde, dette at det er på livstid. At det er heile livet vårt vi har valt å legge i potten i dette prosjektet.

Men før eg fekk sagt noko som helst, var trettenåringen ferdig med saka og vidare til neste tankerekkje. Truleg like greitt. Han må uansett skjøne det sjølv ein gong. Kanskje.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s