Påske og påminning

Det dukka brått opp ei melding. På Facebook, innimellom påskerapportar om skiturar og appelsiner, uvesentlegheiter, solbriller og tøysebilde, låg ei pressemelding om eit dødsfall.
Ein velkjend og verdsett person var brått gått bort. Uventa, frå ein dag til den neste. Tankane stoppa opp, det kunne ikkje vere mogeleg!

Han var ein ressursperson som har gitt 110% av seg sjølv. Eg kjende han gjennom speidararbeidet, vi har vore på fleire leirar i lag, som leiarar for kvar vår gruppe. Han har fått til fantastiske ting med ungdomen, hadde store vyar og evne til å gjennomføre dei. Ein person med både hovud og hjarte på rette staden. Og no: Borte.

Vi vart rivne ut av det sjølvsagde livet. Det var lenge sidan vi hadde ofra særleg mange tankar på påska sin eigentlege bodskap, om liding og død og nåde. Det har vel ikkje vore nødvendig. Livet har gått sin gang, med appelsiner og sol og alt som høyrer til. Trygge i vår vesle verd. Truleg for trygge, og modne for ei påminning. Livet er skjørt og usikkert. Vi veit ingenting om framtida, berre om det vi gjer her og no. Vi er inne i den stille veka, og brått vart vi stille.

Her har vi gått og lurt på kva vi sjølv gjer med livet, om vi har gjort dei rette vala, om vi får nok ut av det, om det kastar av seg i eit livstidsperspektiv (jfr. førre innlegg).
Kanskje er sjølve spørsmålsstillinga feil. Det handlar truleg ikkje om kva livet kastar av seg for oss, men om kva vi kastar av oss i livet. Vi har mista ein ressursperson som kasta mykje av seg. Det vart ei påminning i påska om livet og dei store spørsmåla.  La oss tenkje litt meir på dette.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s