Høgdepunktet i småbrukaråret er nådd: Dei første lamma er komne.
Tre bittesmå, sjarmerande, brunkrølla vesen som tok steget ut i verda litt før dei var venta. Livsdyktige, flinke til å suge, utan komplikasjonar. Nytt liv, midt i påska.
Dagen etter kom det fire til. Vi hadde fulle hyre med å halde tritt, ha oversikt og lage føde- og barselbingar. Hektisk tid, men så kjekt. Til og med dei kule tenåringane smeltar ei lita stund og tykkjer det er stas med dei søte små.
Det var ikkje så lett å få skikkelege bilde inne i bingen, så dei finaste motiva får vente til dei slepp ut på grøn mark.
Desse var utruleg søte. Det er ei fin tid no framover, sjølv om det er hektisk og litt lite soving til tider.
Å denne tida er nesten magisk 🙂 Og kjekt og lese fleire bloggar om sau! Det er det alt for lite av 😉 Er det gamelnorsk spel dere har? Mvh Kari-Anne
Ja, det er det. Flott rase!