Lamme-lukke

Ein 7 år gamal nevø har vore på lamme-helgebesøk, med voldsom entusiasme. Han har sett, klappa og halde dei krøllete små med stor fryd. Han har gått med mjølbøtta og vore med på foringa. Han sprang i fjøsen for å passe på om det var lamming på gang, og han fekk sitje på traktoren og vere med og gjødsle med kunstgjødsel på bøen.

Han har vore med på lamming, og opplevd både at den nyfødde overlevde med knapp margin, og at eit lam døydde i fødselen. Han har fått sitt eige lam, etter å ha framført ynskje om det med forlegen mine, og han har stolt late det bli oppkalla etter seg. Stor stas!

«Eg gledar meg sånn til i dag!» var hans første kommentar då han vakna andre dagen.
Han venta tolmodig til onkelen omsider vart ferdig med søndagsfrukosten og skulle i fjøsen. Om ettermiddagen reiste han heim med besteforeldra, godt nøgd i baksetet.
Ut på kvelden kom det Facebook-melding frå mor: Om vi hadde eit bilde til den stolte lamme-eigaren?

Det hadde vi ikkje sånn utan vidare, men dagen etter gjekk vi i fjøsen og fekk arrangert eit bilde med den utvalde, bortadopterte lammejenta. Takkseiingar kom raskt som svar, og vi forstod det slik at guten var godt nøgd.

Så enkelt å glede ein 7-åring i lammetida! Alle born skulle hatt lovfesta rett til kontakt med dyr, og alle skulle oppleve nytt liv i ein lammefjøs ein gong i livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s