Det vakre og det vonde

Det var fredag 20. april, ca. kl. 13. Sauer og lam var komne ut på grøn eng for første gong. Dei små hoppa og spratt og oppdaga ei heilt ny verd – bokstaveleg tala. Den kalde nordavinden hadde sleppt taket, det var sol og vakker vårstemning. Vi hadde til og med ein ekstra fridag frå skulen, og livet var godt, der vi gjekk og stulla med vårt og såg på mor-og-barn-idyllen på bøen.

     

Seinare vart det komplikasjonar, når alle dei uerfarne førstegangsfararane skulle inn att i fjøsen. Same kaoset som kvart år før: Forvirra lam som skvett til alle kantar og ikkje skjønar sitt eige beste. To voksne, ein sur tenåring og ein oppskjørta gjetarhund prøver etter beste evne å få nurka inn dit dei høyrer heime. Springing, jaging, taktiske grep, bråe sprang for å gripe dei små, raske rakkarane.

Og trur du ikkje sjefsbonden hadde greidd å velte ein palle med ved midt på tunet, og samstundes velta heile tidsskjemaet og arbeidsplanen for ettermiddagen?
Forviklingar som eigentleg berre var sjarmerande og understreka vår truskuldige, enkle verd ein vårettermiddag.

Men under låg det noko og skrapte i sjela.
På same tid, i Oslo: Ein dresskledd drapsmann  skaper gråt, vantru og smerte.  
Menneske rysta i sine grunnvollar stig fram på TV-skjermen med store, triste auge. Sjølv garva NRK-kommentatorar snakkar seint og audmjukt, med senka stemmeleie og eit plaga blikk. Vi prøver å forstå, men den vondskapen som kjem fram er uforståeleg.

Det er som ein glasvegg mellom meg og realitetane i denne saka. Ei nummen kjensle av å ikkje forstå, ikkje kunne gripe og føle kva det handlar om. Av å mangle eit sanseapparat med dei dimensjonane som må til.  Av å leve i ei heilt anna verd, i eit anna sett av forståelsesmekanismer. Av å møte noko som ikkje er gripbart ut frå dei realitetane eg har levd i.  

Rapportane frå TV-skjermen kastar lange skuggar over vår vesle verd, og over store deler av verda der ute. Det rislar kaldt langs ryggrada når vi tenkjer på kva scenario denne mannen har produsert, og enno verre dei han hadde tenkt å skape. Verda vert uhyggeleg og utrygg, som under ei klam hand.

Men likevel, medan dette vonde veltar fram frå drapsmannens munn som ormar og padder, er det ei sterk kjensle av fellesskap. Før det ufattelege skjedde var verda berre normalt gal. Samfunnet gjekk av hengslene på sine mange vanlege måtar, og vi rista jamnt på hovudet over ymse slag havesykje, dumskap og vald. Vi sukka over oppløysinga og utviklinga av dette og hint, men slik måtte det vere i eit moderne samfunn. Det var ingen faste grenser lenger, og folk gjorde stort sett som dei ville. 

Brått var det ei veldig tydeleg grense. Brått var verda så gal at vi måtte halde saman om det normale. Vi vakna opp og visste at dette står vi saman om å avsky og lide over, utan spørsmål om skilnader elles. Kanskje det likevel er håp for den normale, vakre verda.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s