Outsiderar

«Dei som bur på gard er alltid outsiderar. Nesten alltid.» Trettenåringen hadde igjen komme med ei av sine sylskarpe analyser. Med den nybakte ungdommen sine fininnstilte antenner hadde han full kontroll på dei sosiale silingsmekanismane. Vi var på veg heim frå fotballtrening og hadde sett av ein treningskompis som også budde på gard, men litt nærare sivilisasjonen, som gutungen uttrykte det. Om denne kompisen også var definert som outsider, vart ikkje eintydig slått fast.

«Det er vel mest opp til deg sjølv og korleis du er,» prøvde eg å argumentere. «Det er korleis du oppfører deg som betyr noko, ikkje kvar du bur.» Sa den rettlærde mora, men hadde fått noko å tenkje på. For antakeleg har han eit poeng. «Bonde» er ikkje nokon heiderstittel, og vår samtid har flytta seg eit stykke frå verdsbildet i Bjørnsons bondeforteljingar. Det er kanskje tydelegast og mest brutalt i den hårfine balansen mellom «inne» og «ute» i ungdomsmiljøet. Det er ikkje berre hårsveis, klede og sko som plasserer deg, men kven foreldra dine er, kva bil dei køyrer og kvar dei bur.

Men det ligg meir eller mindre tydeleg under også i den voksne sosiale rangeringa. Folk som bur på gard i vår moderne tid er antan eit etterslep av gammeldagse heilblods-bønder i fjøsluktande kjeledress på butikken, eller tilflytta bonderomantikarar med urealistiske draumar om eit økologisk liv på landet med katt og kaniner. Høgast mellom dei låge på bonde-rangstigen er vel ressurssterke akademikarar frå austlandet som flyttar til ei avfolkingstruga øy på vestlandet og reddar skulen, folketalsutviklinga og utdanningsnivået i det stakkars lokalsamfunnet der ute. Elles er det vel så som så med statusen.

Nokre av oss finn ei viss glede i «kjerringa mot straumen»-fakter. Både fordi vi rett og slett er nokså avvikande på ein del interessefelt, og likar sauer, speidarliv, nynorsk og korps, men også fordi det er noko tilfredsstillande i å følgje si eiga nase. Så håpar vi at vi er normale nok til at vi kan fostre opp etterkomarar utan varige mein, sjølv om dei til ein viss grad må slite eit stykke nede på den sosiale rangstigen. Og forhåpentlegvis kjem det noko godt ut av det, der både småbrukarsonen og sentrumsungdommane til sjuande og sist kjem bak maskene og kan bli ståande igjen med kvarandre som vener, ikkje som statusplasseringar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s