Amatørar

Tenåringar er ikkje særleg lure. Lite taktiske og strategiske er dei. Lettlærde og  intelligente kan dei vere, på sine felt, men på nokre område sviktar det alvorleg. Det ser ut til å vere ein type kvardagens logikk som rett og slett ikkje synest mogeleg å lære ein tenåringshjerne. Eg skal forklare meg nærare:

Vi er inne i vår andre runde med tenåringar, og det merkast. Tungrocken dundrar frå loftsetasjen, kleda flyt utover golvet, skytespela plaffar og humøret svingar.  Dei vekslar frå vaksne, fornuftige herrar med stålkontroll til små, sure dritungar fleire gonger for dagen.

Tilsynelatande fungerer hjernen bra, og dei kan løyse mange utfordringar, særleg om dei er digitale. Det sosiale spelet med jamaldringar har dei god sikt på. Men på einskilde andre område er læringskurva paddeflat. Det lure ville jo vere å lære seg knepa i spelet i heimen òg, innrette seg slik at ein fekk minst mogeleg innblanding, pes og mas. Men her er forståinga for årsaker og verknader svært avgrensa.

Når det står ei korg på badet, berekna til å droppe klede i, for så å kunne plukke dei opp att neste dag, kvifor då droppe buksa rett attmed, på golvet, og få kjeft?
Når ein kjem inn i gangen, og det heng ei lett tilgjengeleg knaggrekke på venstre side, kvifor då slenge både ei, to og tre jakker oppå kvarandre på benken attmed, og be om trøbbel? Og så halde på slik i årevis?
Når ein tek med seg mat og mjølkekartongar opp til sitt private territorium på loftet, så ville den lure løysinga vere å bere mjølkekartongane ned att i kjøleskåpet – og sleppe mas og pes om surna mjølk. 
Når ein les teikneseriar på do, og det står ei korg med blad der, berekna til å ha blada oppi før og etter bruk, kvifor då strø dei eitt og eitt utover golvet heilt til ein får surmaga påtale?
Når det ligg ein sjokolade i skåpet, og ein kan ha ein rettmessig mistanke om at nokon har lagt han der for å kunne finne han seinare, er det då lurt å knekke i seg heile sjokoladen og late som ingenting?
Når ein i sitt åttande skuleår har ganske god erfaring med å skulle stå opp klokka sju, og veit kor tungt det kjennest, og kor hurpete mora som skal vekke deg blir nærare klokka halv åtte, kvifor då protestere mot å legge seg kvar einaste kveld? Kvifor stå knallhardt på at det faktisk ikkje er ein logisk, biologisk samanhang mellom leggetidspunktet og kor trøytt ein blir??

Resultatet blir eit fenomen som dei fleste tenåringar slit med, nemleg sure og vrange foreldre. Dei negative tilbakemeldingane kjem i overtal, og ein kan med rette stønne og slenge ut av seg at «same kva eg gjer, så er det feil! Klaging, klaging, klaging!»
Påstanden om at «det er opp til deg kor mykje klaging det skal bli» prellar av som vatn på gåsa. Slike typar resonnement er ikkje tenåringshjernen dimensjonert for. Det er ein grad av logikk som langt overgår deira kapasitet. Eller den framkallar uvanleg sterke forsvarsmekanismer.

Strutsepolitikk kallar ein det, når nokon stikk hovudet i sanden og nektar å møte realitetane. Kanskje tenåringstida er ein årelang tilstand av strutsepolitikk. Av fortrenging, benekting, utsetjing, trenering og sjølvbedrag. Kanskje er det resultatet av å vere liten og stor, vaksen og barnsleg på same tid. Og så prøver ein å køyre slalom mellom desse tilstandane så lenge det går; flykte inn i den uansvarlege barnerollen og la mor vere serviceinstitusjon og bruksperson så lenge det er mogeleg.

Kva kan den reint tekniske årsaka vere? Er det ei mogning i hjernen som inntrer på eit seinare tidspunkt (etter at dei er blitt foreldre sjølv, kanskje)? Er det barnehjernen og voksenhjernen som ikkje er kobla saman? Ein Praxis Colossum, ein type berebjelke i hjernen som ikkje har kobla seg til? To ukjende hjernehalvdelar som fungerer på kvart sitt nivå og ikkje har oppnådd kontakt? Ei slags hjernens visdomstann som ikkje har vokse ut? Mangel på eit kjemisk stoff som skal smørje transporten av stimuli og koblingar i hjernen og føre fram til ei realistisk erkjenning? I så tilfelle har nevropsykologien ein lang veg å gå.

Min konkusjon er at dei er amatørar. Rett og slett amatørar! Førstegongsseglarar på livets hav, som let si skute fare over skiftande bølgjer som måtte skvulpe forbi. Som rett og slett seglar, surfar, flyt på vinden så lenge det går. Men sann mine ord: Kalddusjen kjem, før eller seinare, og dei vert nøydde å ta sine eigne buksedropp, si eiga surna mjølk, rydde sine eigne kaosterritorium, rekke bussen på eige ansvar.

Inntil vidare er det vel mor sin jobb å halde fram med å halde dei flytande, og prøve å balansere mellom kjærleik og konfrontasjon, vere den masete hurpa når det er nødvendig. Akk ja. Det vert vel folk av det til slutt.

2 thoughts on “Amatørar

  1. Du er knallgod til å setje ord på ting Sonja! 🙂 Ei fryd å lese. 🙂 Eg huskar at eg var på foreldremøte på Vidaregåande på Sandane for fleire år sidan, Dei hadde leigd inn Magne Raundalen, psykolog. Han snakka mykje om det same som deg her. Han snakka om hormonane som spratt mellom veggane, og at det burde stått ein plakat i panna på tenåringane med teksten: Stengt på grunn av ombygging! 🙂

    • Tusen takk, Jane! Ja, eg reknar med dette er kjent stoff, gjenkjenneleg for alle som har vore gjennom det. Likevel er det ei utfordring kvar gong ein står oppi det med begge beina! Og det hjelp å skrive, få sett det inn i eit litt humoristisk perspektiv, forhåpentlegvis..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s