Heimanfrå

«Ein veit ikkje kva ein har før ein har mista det,» sa mor mi ofte.
No har ikkje eg mista noko, heldigvis, men fått ein sjanse til å kjenne litt på korleis det ville ha vore. I tre veker skal eg vere borte heimanfrå. Etter alt for mange år med kranglete musklar har eg bestemt meg, pakka og reist til sjølvvalt eksil ved Flekkefjorden for å gje kroppen motstand under kyndig rettleiing.

Men det var ikkje heilt utan hjarteverk at eg forlot heimen og dei tre karane som skal vere att der. Ingen av dei hadde eg vore borte frå så lenge før. Det ville bli uvant, på godt og vondt.
For det må også innrømmast: Av og til leikar ein med tanken om å ynskje nokon av sine kjære dit pepparen gror – eller reise dit sjølv i protest. Av og til tenkjer ein at det kunne no ha vore andre stader på kloden der det kunne ha vore spennande å bu. Av og til kan det arte seg som ein draum å sleppe unna kvardagens gnag og konflikter og berre ha seg sjølv å tenkje på ei stund.
Men det skal ikkje bli mykje realisme i det før det riv i sjela. Før kjensleapparatet reagerer og stiller seg i alarmberedskap, og alt ser annleis ut enn vanleg. Då er det vel rett og rimeleg å gjere seg nokre tankar omkring dette, som vi tek for sjølvsagt.

Det er ikkje sjølvsagt å komme heim. Vi fekk ei smerteleg påminning om det gjennom verdsmeistaren i symjing som aldri kom heim att til kjærasten sin. Ho skulle aldri trenge å stå ved ei båre og lese minnetale for sin unge, veltrente mann.
Og i rettssalen i Oslo pågår den umenneskelege gjennomgangen om alle dei ungdomane som ikkje kom heim i fjor sommar. Kristopher Schau skriv om opplevingane derfrå:  http://morgenbladet.no/samfunn/2012/kristopher_schau_rettsnotater_uke_4

Dei drøymer om det vanlege, dei hardt røynde menneska som har gjennomlevd sitt livs mareritt gjennom dei siste 9 månadene. Dei ynskjer berre å kunne leve slik som før. Oppleve vanlege dagar, gjere heilt vanlege ting. Vi som alltid har hatt vår kjære trygt under vengjene, skuldar dei å tenkje over verdien i våre vanlege dagar.

Det er heller ikkje sjølvsagt å ha ein heim å komme til. Nokre vert sende ut av landet, dei som ikkje har hatt flaks i bingoen og vorte fødde i rett land eller verdsdel, eller av foreldre som vart det. Nokre opplever ikkje heimen sin som ein god stad å komme tilbake til. Det kan vere mange grunnar til å mangle ein heim i ordets rette forstand.

Når ein har ein heim å vende attende til, og sine kjære der i behald, bør ein ha vit til å setje pris på det, dette vanlege. Vi kortsynte, sjølvopptekne, tankelause som lever i vår eiga vesle boble utan tanke for at den kan sprekke den og, ein dag.
Eg skal prøve å tenkje på det når eg kjem heim, og neste gong det dukkar fram tankar om staden der peparen gror – kor no enn det kan vere.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s