Katt

Katt er mitt favorittdyr. Eg kan ikkje tenkje meg å vere utan katt. Sjølv om kattar kan vere irriterande og plagsame, der dei tiggar etter mat, er nærgåande mot gjester, kvesser klør på uynskte stader og smett ut og inn ustanseleg, så må dei vere der.

Ein katt kan verke som eit enkelt, lågareståande og uintelligent dyr, men det stemmer ikkje. Han har sin eigen personlegdom som klart kjem til uttrykk. Vi har to kattar. Kattemora er ei slu, skarp og sjølvrådig dame som opnar dører sjølv og ikkje er mogeleg å stenge verken inne eller ute. Sonen hennar er så usannsynleg lat og likegyldig at han kan berast som ein baby og snuast i alle retningar utan å reagere. Han skjemmest ikkje over sin latskap, og kan tilbringe timar på favorittsoveplassen sin på saueskinnet i sofaen, gjerne hengande utfor kanten.

Det å sjå på ein sovande katt i sofaen er sjelefred og terapi. Der ligg han så uforskamma avslappa at din eigen stressmuskulatur gjev etter i rein misunning. Pustar med magen, og strekkjer seg ut i alle tenkjelege og utenkjelege stillingar.
«Du burde vere meir som ein katt,» sa ein fysioterapeut som prøvde å få skikk på min stramme nakke ein gong. «Veldig lat lenge, og deretter spenstig og energisk». Det er eit enkelt råd som viser seg vanskeleg å følgje.

Sidan eg var fem år, har kattar vore rundt meg. Eg var heldig, og hadde kloke og velmeinande foreldre som lot meg få ein kattunge. Det er eit av dei klåraste, tidlege barndomsminna: Far min tok meg med til ein bonde som hadde eit kull med kattungar i fjøsen. Eg fekk velje kva for ein eg ville ha, og var aldri i tvil: Den finaste av alle, ein med tre fargar, brun, kvit og svart. Kattungen fekk vere med heim og ligge i ei øskje på rommet mitt om kvelden når eg skulle legge meg. Men då han tok til å male, sprang eg forskrekka inn i stova og sa frå om at katten var farleg og knurra mot meg. Responsen var berre milde smil og ei grunninnføring i kattar sin psykologi: Katten mel fordi han kosar seg. Sidan har eg aldri vore redd for kattar, og den trefarga hokatten følgde meg og bror min gjennom heile barndommen.

Kan hende er eg glad i kattar fordi det er noko mjukt ved dei. Livet er så hardt elles, på mange måtar, og ein katt er så mjuk, god til å stryke på og sjå på. Ein blir litt mjukare i sjela av det.
Og så er det noko uforpliktande over han. Katten lyder ingen, og lever sitt liv i suveren sjølvrådigheit. Han berre er der, og gjer som han vil. Det vert jo gjensidig, han krev heller ikkje mykje av sitt menneske, anna enn foring og eit fang og ligge på i korte stunder. Han vert aldri ein trufast og merksam venn slik ein hund er, men ein sytalaus deltakar i livet, som tek seg til rettes, utan plikter og bekymringar.

Då er vi tilbake til rådet frå fysioterapeuten: Lær av katten. Kanskje har nokre av oss ein veg å gå der: Å lære av den sjølvsagde retten katten tek seg til å berre vere til. Vi sokalla høgare utvikla vesen spring omkring og skal gjere rett for vår eksistens gjennom tusen gjeremål og eit sokalla nyttig liv. Det blir stress og stramme skuldrar av slikt. Det enkle dyret har skjønt det: Det er berre å ta seg til rette, finne fram til den beste, varmaste liggeplassen, vrenge buken i veret og slumre uforskamma djupt og lenge. Heilt utan samvitskvalar og ansvar for all verda sitt vel.

1 thought on “Katt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s