Aksjonist i det små

Verda går ikkje vår veg. Bøndene køyrer traktor i gatene og tømer brødhyllene i protest mot ei utvikling som dreg ifrå dei, utan å bli nemneverdig høyrde.
Nynorsken er også truga. Kunnskapsministeren vil gå laus på sidemålet, og staut nynorskungdom konverterer i hopetal til bokmål. Slik kan vi ikkje ha det.
Verdiane våre er under press, og ingen kan vite kvar det skal ende. Noko må gjerast.
La oss først ildne oss opp med ein liten språkhistorieleksjon i denne moløysa.

Ivar Aasen er eit dugande førebilete, med eit livsverk som ikkje er til å kimse av. Då han gjekk på sine føter frå landsende til landsende midt på 1800-talet for å skrive ned norske dialektar, var det ikkje berre for å snekre ihop eit nytt språk. Det var for å gje folket, i praksis bøndene, ein reiskap til styrka sjølvtillit og auka påverknadskraft. For det danske språket som rådde grunnen var påført oss saman med overherredøme og embedsmenn  frå Danmark, og låg i hendene til samfunnseliten. Dei som meistra språket, fekk noko dei skulle ha sagt. Og det gjorde ikkje bøndene, for dei hadde ikkje sjanse til å tileigne seg eit framandt språk på ein dugande måte. «Heile livet tykte Aasen det var ille at eliten såg ned på folkemålet og bondekulturen, og han ville at målreisinga skulle auka den språklege og kulturelle sjølvtilliten i allmugen.» http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1250

Så den gode Ivar la ned sitt imponerande livsverk for å gje bøndene tilgang til sitt eige språk, for å gje dei høve til skrive det målet som dei snakka, og som dei kunne uttrykkje seg på. Slik at dei kunne delta i samfunnsdebatten, skrive brev og dokument, utfalde seg i forteljingar og dikt, på sitt eige mål. Det var eit demokratiseringsarbeid, eigentleg. Eit utjamningsarbeid og eit likeverdsprosjekt, der føremålet var å løfte bondestanden opp som kvalifiserte samfunnsborgarar.

Så kva har dette med oss å gjere? Har vi trong for å bli styrkte av nynorsken framleis i dag? Eller er den tvert om vorten eit sosialt handikap i vår moderne tid, som vi burde legge av oss for å halde sjølvbildet oppe, slik einskilde rapportar kan tyde på?
La oss ta eit sveip innom Bergens Tidende. I vinter skreiv kultur- og debattredaktør Hilde Sandvik ein kommentar i avisa om «Kjærleikens sørgjereiser», som etter rapportane å dømme tok eit tak rundt hjarterota på fleire enn meg: http://blogg.bt.no/sandvik/2012/01/28/kjaerleikens-sorgereise/

«Språket er personlegdomen min, identiteten min, det skinet eg ser verda gjennom. Står noko verkeleg på spel, kan eg aldri skrive «spill». Leiken er aldri lek, kjærleik aldri kjærlighet og saknet alltid mykje sterkare enn savn. Då eg flytta til Stavanger for å byrje på vidaregåande skule og kunne byte til bokmål, var det allereie for seint: Klangen i det nynorske hadde etsa seg inn i kroppen saman med kolsvarte stjernehimlar og granitt.»

Slik formulerte ho seg, og i hovudet mitt sa det berre JA og AMEN, for akkurat slik er det.
Vi treng vårt eige språk for å uttrykkje våre eigne opplevingar, slik bøndene på 1800-talet trengde det. Då var det dansk-norsk samfunnselite som rådde grunnen. I dag vert status og definisjonsmakt flytta stendig lenger ut, til sentrum og maktbastionar langt borte frå oss.
Til Oslo, til London, Brûssel, Paris, New York. Til trend- og samfunnsvinnarane, dei som sit på kontor i byane og fortel oss kva bransjar vi bør gjere karriere innanfor, kva klede vi bør kjøpe, kva lesestoff vi bør føretrekkje,  kva tankar vi bør tenkje for å henge med her i verda.

Trenden tilseier ikkje bønder og nynorsk. Slett ikkje. I beste fall kan det ha ein viss folklore-effekt, som på postkort. I alle fall viss vi også maktar å halde kulturlandskapa opne og tiltrekkje oss turistar. Men ekte, oppriktige nynorskbrukarar, bønder og bonde-etterkomarar som hevdar likeverd og påverknadskraft, er det noko dei vil ha? Vil dei forsvare halstarrige vestlendingar som hevdar med styrke at vi treng å halde på hjartespråket vårt for å vere oss sjølve?
Kanskje ikkje, men då bør nokon fortelje dei kvifor verda og vi vert fattigare utan.
Det har då òg folk gjort. Noregs Mållag har fått rekordhøge innmeldingar, og rapportane tyder på at mange har funne tida mogen for å protestere mot utviklinga.

Så også her. Oppildna av Hilde Sandvik og Ivar Aasen fann eg ut at tida var inne for å tone flagg for den gode sak. Så var det at eg sende inn bestilling på nettbutikken til Yves Guhl, ein tyskar busett på Osterøy, som har gjort innkome av å selje reklameartiklar for nynorsken. Det er eit genialt konsept, og sjølvsagt måtte det ein utlending til for å komme på det! http://www.bt.no/bergenpuls/Alle-elskar-NY-hua-2655140.html

Så kom pakken i posten, ei T-skjorte med teksten I love NYnorsk.
Trass tenåringane sine åtvaringar om latterleggjering og skam, er vi no klare for å seie verda midt imot, på vår vesle, forsiktige måte.
Lukke til, du òg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s