Samtaler i sola

Sommaren streifa innom i førre veke, ei openberring av sol og varme så vi mest ikkje trudde det var sant. Tilfellet ville at det på same tid opna seg heile to sjansar til å sitje i kveldssola og la praten gå med gamle kjenningar, damer som ein ikkje møter så ofte.

Der sat vi, på ein terasse med utsikt over fjorden den eine kvelden, og i ein vakker, stor hage eit par kveldar seinare. Det var akkurat passeleg varmt, sola steikte ikkje for mykje og ikkje for lite. Det var ikkje plagsam vind, kalde gufs, mygg, masande ungar, telefonar eller andre uromoment. Heilt uforstyrra kunne vi møtast og oppsummere liva og tankane våre i løpet av eit par timar.

Det er eit privilegium å treffe att gamle kjende. Dei som du var saman med i ungdommen, kanskje heilt frå barndomen. Dei du har gått i klasse med, vore i korps eller kor med, opplevd folk og festar og turar med. Dei som kjenner heimbygda, menneska, forholda, lærarane, stadane, hendingane frå den gong då. Dei som ber med seg dei same minna, har gått den same vegen, gjort ulike, men liknande erfaringar som deg. Ein får så mykje gratis når ein treffer igjen slike menneske. Det er ein heil bank av felles kunnskap og erfaring som kan hentast fram og brukast som ramme.

Så oppdaterer vi kvarandre på siste utvikling, fortel om born, arbeid, interesser, prosjekt som vi tenkjer på. Oppdagar at vi har tenkt tankar som er i slekt med kvarandre, drøymt draumar, overvunne utfordringar og opplevd vanskar som liknar kvarandre. Kjenner att den gode kjensla når sjeler møtest på bølgjelengde, og samtalene tvinnar seg inn i kvarandre, rullar framover av si eiga tyngde og finn eit engasjement som tek form der og då. Strålestunder i sola.

Desse soldagane vart ei overrasking. Vi visste ikkje kor hardt vi hadde pansra oss mot kulde, regn og mørke i månadsvis. Korleis vi hadde stålsett oss mot stress og påtrykk frå ymse kantar. Korleis vi hadde krumma nakken, halde inne pusten, festa skuldrane permanent i ei umerkande unormal høgde. Eigentleg ikkje tort å tru på alvor at det skulle bli varme og late dagar igjen.
Så kom dei, med velsigna, gode samtaler i sola. Dei kan vi leve på i kvardagar med nordavind, både solstrålane mot huda og gledesstrålane mot sjela.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s