Jordbær og prestekragar

Brått var det der. I forbifarten, på veg til klessnora med ei ny ladning klesvask, openberra det seg tre-fire raude jordbær i skråningen. Dei voks på nokre stakkars små jordbærplantar som har blitt sett ned innimellom vintergrønt og staudar, som ei naudløysing i mangel på skikkeleg jordbæråker. Der står dei kvart år og kjempar mot uttørking i den sørvende skråninga. Og no, den 16. juni, var det altså modna jordbær.

Det kom heilt brått og uventa på meg.  Sommarmodusen var ikkje slått på. Skuleferien var ikkje begynt, og fridomskjensla hadde ikkje slått inn. Og då tenkjer ein heller ikkje på jordbær. For jordbær er sjølve sommardraumen i eit nøtteskal. Reiseradioen på NRK, humler og blomsterange, lettlurte idèar om soling og strandliv og bading i sjøen og mild vind i håret og jonsokbål og vi skal ikkje sova bort sumarnatta. Då er det at ein skal stå i åkeren og plukke sesongens første jordbær, og sanseapparatet skal grøsse i fryd over den raude, søte lukka.

Og så kom det i staden kasta på meg, ein grå, overskya og blåstrig laurdag full av tortimelege arbeidsoppgåver. Motivasjonen for husvask og klesvask var berre so måteleg. Husbonden var i full sving med vedmaskina, og den dundra og slo i bakgrunnen. Gutane og bestefaren var i gang med beising av sperrestove, og mor gjekk og sulla med evighetsarbeidet i heimen, det som aldri viser att. Tankekverna med alle gjeremåla som ein burde rekke var komen i gang. Den jobba med å finne den minst ufornuftige rekkefølgja og prioriteringa, og med å forsone seg med den lange lista over det ein ikkje kom til å rekke i dag heller. Det som vart sett på lista over gjeremål for sommarferien, som frå før var faretruande lang. Vi var rett og slett på veg inn i ei god, gammaldags, sjølvmedlidande felle av husmormismot og småbrukarkoneoverarbeidingssyndrom, då dette nemnde bæret openberra seg.

Det var heilt feil. Jordbær no? Her? Klesvaskbaljen vart sett ned. Jau, det var nesten heilt raudt. Absolutt etande. Det fekk stå til, sjølv om ramma ikkje stemte med originalbiletet i hovudet. Men smaksløkane tok ikkje omsyn til vèrlag og omstende. Refleksen slo inn med det same. Auga lukka seg, eksplosjonen i ganen spreidde seg, og i eit glimt var eg 10 år og stod i barndomens jordbæråker bak huset på Jølster, og opplevde den momentante lukka av sommar.

Det skjedde noko med sanseapparatet. Sommarmodusen vart slegen på, auga opna seg og konstaterte at det faktisk var sommar, skuleferie og sol eller ikkje. Då golva var vaska kom eg meg ut av husarbeidets fangtak og sette i gang med å plukke rabarbra ved veggen på gamlehuset. Rabarbragraut skulle det bli. No var det indre lerretet spent opp, og assosiasjonane til rabarbra romma farmor Besta i den småblomstrete kjolen sin på slutten av 70-talet og rabarbramotiva i Nikolai Astrup sine måleri frå Jølster. 

Ved husveggen voks det òg eit hav av prestekragar, som eg ikkje heilt hadde lagt merke til før. Det bølgja av kvite blomar langs heile den gamle muren og bortover i den uslegne delen av hagen. Så vart det til at eg dukka ned i det kvit-gule blomehavet og plukka ein rikeleg bukett, gjekk inn og fann vase og plasserte den på kjøkenbordet.
Meir skulle det ikkje til. Bakgrunnsbiletet på den indre skjermen var skifta. Moduset var endra. Blikket løfta seg ut over den velkjende utsikta over den blå Sognefjorden og det grøne graset. Husmormismotet gjekk over i øyeblikksopplevingar, sanseapparatet var skrudd på og det lyste grønt i den indre PÅ-knappen. Sommaren var visst komen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s