Grøftegraving 2

I mai stod husbonden i snøføyka og grov i ei grøft på Klævoldsneset ( sjå innlegget Grøftegraving), og det heile såg noko moalaust ut. Men ein dag uti juni kom han inn døra med eit fornøgd glis og forkynte at begge grøftene var lukka og ferdigstilte. «Det har vore som eit verkande sår i årevis», konstaterte han, og såg seg råd til å kvile ørlite på laurbæra.

No ligg heile området der brunsprøytt med brakkemiddel, klart for pløging. «Skal berre plukke litt stein og småtteri først». Ein halv siger, og ei påminning om at mål vert nådde og ting går framover, det tek berre litt tid. Og lurer du på kvifor det var så om å gjere å få dyrka dette området, som i jordbrukssamanheng må seiast å vere temmeleg marginalt, så er ikkje det eit tema. Det er ei æressak, og eit må-mål på sida av alle kyniske kalkylar. Så då pustar vi andre ut i solidaritet, glade over å ha stroke dette punktet på gjeremålslista, der det har stått og plaga oss i minst fem år. O, glede!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s