Vårherre og Eli Kari Gjengedal har sett på oss med milde auge. Vi fekk akkurat nok godver til å få resten av høyet tørt på kverv, før regnet kom. O, glede!
Slåtten vart unnagjort på rekordtid. Finlesing av yr.no, eit par dagar med godvèr, ein hardt arbeidande småbrukar, ein gammal traktor og ei høyvendemaskin, så var det i boks.
Høyet var køyrt i hus ein vakker midtsommarkveld, vindane var milde, og regnet var ikkje meldt før neste morgon. Vi raka oss til såre hender, og traktoren gjekk til langt på natt. Neste dag kunne vi kvile på laurbæra, ete vaflar og sjå på regnet med godt samvit.