I går var det sommarkonsert på Eikaasgalleriet på Ålhus, «Bossanova på nynorsk» med duoen A Mar. Heimbygda var i velkjent lune, som på ein sommardag i gamle dagar:
Intens møkalukt og silande regn. Eit 30-tals sjeler hadde funne vegen til Eikaasgalleriet, og var benka mellom veggene med Ludvig Eikaas sin kunst. Arrangør var Jølster jazzklubb, og i kafèen var det sal av vaflar og kaffi.
Dei to flinke, unge musikarane tok oss avslappa og uhøgtidleg med til eit møte med lette rytmar, leikne melodiar og klår, nynorsk språkdrakt. Tekstar om kjærleik, lengt og tristesse, med humor og snert, lett og svingande.
Sommarkonserten var ein avleggar av Jazz på Jølst, ei festivalhelg med jazz som vi har kunna nyte i haustmørket dei to siste åra. Kven kunne trudd noko slikt for nokre år sidan? Den første gongen var det nærast ein kuriositet, og tittelen var i seg sjølv ei sjølvmotseiing, tenkte vi. Jazz og Jølst, det passa slett ikkje saman.
Jølster har vore ei tradisjonell vestlandsbygd av bønder, basarar, hardingfeler, dansefestar, leikarring, Astrupbilete, fotball og langrenn, rømmegraut og bondekvinnelag. Kultur har det vore rikeleg av, og nokre nyvinningar har også vunne fram. Countryfestivalen på Breim har funne nokolunde gjenklang i den jølsterske folkesjela. Og Førdefestivalen har overtydd ein del skeptikarar, utvida horisonten for folkemusikken sine kvalitetar og vist fargar og klangar frå verda der ute. Men jazz?
Jølster jazzklubb har 70 medlemer, eit imponerande høgt tal i ei bygd med rotfesta bygdetradisjonar i slektsledd etter slektsledd bakover. Korleis få jølstringane til å lytte til jazz? For oss som har vokse opp i bygda, kunne det synast som ei umogeleg oppgåve. Kanskje det var vi som var for snevre i tankesettet vårt, og spende bein for vår eiga tru på kva som var mogeleg. Så då er det kanskje ikkje tilfeldig at det er ein tilflytta austlending som har vore initiativtakar og har drege store deler av lasset?
For over 40 år sidan kom ein annan innflyttar, frå bergenskanten, og vende om på kulturlivet på Jølster. Ein som fekk fart på korps og kor, og heldt det gåande som drivkraft i fleire tiår. Verknadene er velkjende for alle oss som fekk gleda av å sitje under hans taktstokk og kjenne på gleda over meistring og samspel. Vi fekk musikken inn i kroppen, i blodet, slik at det vart ei kjensle vi aldri kan leve utan. Vi fekk langsam og byggjande lærdom vi ikkje kunne vri oss unna, som rulla på seg og førte oss langs nye vegar vi elles aldri ville funne.
Dette er det spennande ved kulturlivet i ei lita bygd: Eitt menneske sin innsats kan ha ein snøball-effekt som spreier seg i mange retningar og set nye ting i gang. Ingenting gale med hardingfele, Astrup, basar og fotball, men den nye tida krev meir variasjon og utvikling. Skal ein kappast om ressursane, tiltrekke seg tilbakeflyttingsklar ungdom og vise attraktive fortrinn, krevst det mangfald og breidde i den nye tida. Vi skal ha det same som i byane, men i meir naturfagre omgjevnader. Alle grupper, frå bønder og fotballfans til akademikarar og vinkjennarar, skal kunne kjenne seg heime og kjenne seg att i musikkval og smak.
I tilfellet Jazz på Jølst har nytenkjande innflyttarar og innsatsviljuge jølstringar funne sin nisje, og er i ferd med å overtyde. Så langt har det vore ein suksesshistorie, sjølv om nokon-og-30 sjeler på Eikaasgalleriet ein regntung sommarlaurdag ikkje i seg sjølv er noko oppsiktsvekkjande. Forhåpentleg gjev summen av opplevingane så mykje tilbake at eldsjelene i Jølster jazzklubb får att for innsatsen og får motivasjon til vidare satsing.
Også for oss utflyttarar som innimellom vender attende til heimbygda, er det godt å møte nye musikkopplevingar, sjå gamle og nye ansikt som deler dei spennande rytmane og tonane, late seg gripe og inspirere av nokon som gjer noko på nye måtar. Opne øyregangane for leik og improvisasjon, for dei som fann på å setje om brasiliansk bossanovapoesi til klingande nynorsk. Då kan vi finne nye sjelefrendar, glede oss over at det nye og uventa kan slå rot, sjølv om mykje er det ved det same.
Eit støttemedlemskap i Jølster jazzklubb trur eg ville vere heilt på sin plass. Eldsjelene som tek jobben med å planlegge, organisere, budsjettere, invitere og gjennomføre kulturlivets små høgdepunkt er verd vår fulle støtte. Dei som skaper påfyll for sjelene våre og plantar nye tankar i hovuda våre. Vi gler oss til Jazz på Jølst i oktober 2012!
Eit fantastisk bra og velskrive innlegg om Jazz på Jølst og det kulturelle nybrotsarbeidet som Jazzklubben representerer. Det bør ut til eit større publikum! Kan eg dele på FB?
Ver så god! Og tusen takk for tilbakemeldinga, kjekt å få respons når ein skriv.