Ein milepæl er nådd. Plogen er sett i jorda, og det er ein gledens dag.
Det gjenstridige, vanstelte, vasstrekte, overgrodde arealet er teke under kontroll. Forfallet har måtta gje tapt for langsiktig planlegging og seigt arbeid. Seint, men godt.
Alle åra då det har stått på planen, men ikkje nådd opp i kampen om tida, ligg no som eit tilbakelagt stadium. Dei skal ikkje gløymast, men hugsast som eit døme på at det alltid er for tidleg å gje opp.
(Sjå elles innlegga Grøftegraving og Grøftegraving 2).