Lærar om sommaren

Alle lærarar burde ha innlagt i arbeidsavtalen plikt til ei viss mengde hagearbeid om sommaren. Som eigenterapi. Renske opp eit gammalt blomsterbed, bygge ein liten mur, vende ei viss mengde kvadratmeter jord. Berre for å sjå med eigne auge at dette har eg gjort med mine to hender. Sjå endringa som veks fram under hanskane og spaden i løpet av ein time eller to. Ha sola i nakken og vinden i håret og kjenne svettedråpane som renn for ei god sak. Rive opp grastustar og løvetenner med rota, kjenne den gode «schvupp»-kjensla når rotsystemet slepper jorda, og tenkje eit lite «yess!» for kvar ugrasrot som er fjerna og bekjempa.

Denne behandlinga bør foreskrivast for alle yrkesgruppar som arbeider med menneske, men særleg for lærarar. Legar og helsepersonell kan jo inniblant oppleve å lappe saman eit sår, avhjelpe ein verkefinger, redde eit liv, og såleis få den tilbakemeldinga dei treng på at dei gjer noko handfast og nyttig. Men lærarane er det verre med. Vi som står i eit klasserom haust, vinter og vår, framfor nokon-og-tjue fjortisar, og prøver med alle midlar å putte vit og kunnskap inn i deira meir eller mindre mottakelege hjernar. Vi som i eit utal timar pr. år møter 27 tomme blikk medan vi fortel entusiastisk om litteraturhistoria på 1800-talet, verkemiddel i dikt eller verdien av å skrive rett nynorsk. Vi som aldri ser kva som skjer der inne i hjernen sine løynde irrgangar, bak deira blå, meir eller mindre uskuldige blikk. Rett nok har vi våre mistankar, men dei har vi ikkje mental styrke til å ta inn over oss. Vi hugsar enno litt for godt kva som rørte seg i våre eigne tankebaner i den alderen, og dommen over lærarane var hard. Dei var merkelege og dustete, alle som ein, med nokre få, heiderlege unnatak. Og i alle tilfelle var dei på ein heilt annan planet enn vi var, og skjønte lite av kva som eigentleg hadde verdi og relevans her i livet. Slik er det truleg enno.

Så der går vi lærarane, i vår eiga, faglege forestillingsverd, og lever i trua på at dei ein gong kjem til å oppdage det dyrebare i å kunne noko om Snorres kongesoger, Bjørnsons bondeforteljingar eller bøying av sterke verb på nynorsk. Og når vi ser dei tomme blikka og den uinteresserte stilla rungar mot oss i klasserommet, ligg det ein tanke bak i vår eigen hjerne og spør oss kvar feilen ligg. Kva er det som kan gjere livsfrisk, fotballspelande, forelska, veltrent ungdom om til resignerte amøber bak ein skulepult? Er det vi som er udugelege? Vår pedagogiske utdanning som er utilstrekkeleg? Skulesystemet som er grunnleggande upsykologisk og nedbrytande på livslysta? Byråkratane i Oslo som har laga altfor teoritunge og uoverkommelege læreplaner og syg energi og lærelyst ut av både oss og elevane?

Ein del folk, min eigen betre halvdel inkludert, har tidvis ein uimotståeleg trang til å slenge med leppa om lærarane sin lange sommarferie. «Ja, det er fint å vere lærar om sommaren..?!»
Det beste svaret eg har funne, er: «Ja, og du kan jo prøve å vere lærar om vinteren, så får du smake på det.» Då vert det vanlegvis stilt i andre enden. For tanken på 27 fjortisar på eitt breitt, i eit klasserom som er stua til randa, freistar sjeldan. Dersom eg så fortel at ein i tillegg må skrive planer og vurderingar, rette stilar og prøvar, dokumentere karaktergrunnlag, delta på eit ukjent tal møte og lage individuelle opplegg for dei som treng tilpassa opplæring, fell dei fleste av lasset.

Rett skal vere rett. Det er stjernestunder i klasserommet. Augneblink der blikka lyser i «on»-modus, der kommunikasjonen fungerer, der du kjenner at øyra lyttar og formeleg ser tannhjula som sviv i hjernane bak augeepla. Stunder der brikkene fell på plass, klasserommet surrar av konstruktivt gruppearbeid eller musikkrommet svingar av samspel og musikkglede. For all del. Av og til får vi til og med små signal om at vi trass alt ikkje er så toskete, vi lærarane. Dei styrkjer oss og held oss oppe til vidare arbeid for den gode sak. Det er drivstoff rett inn på tanken.

Men store deler av tida må vi leve på opplagsnæring og god tru. Satse på at det vi gjer har ein verknad i eit lengre perspektiv, at vi tener den oppveksande slekt til gode, sjølv om dei førebels ikkje veit sitt eige beste. Men ein kan bli litt energifattig av å leve på opplagsnæring over lengre tid. Den mentale nista kan bli oppbrukt, og det går lett tomt i reservane.

Og det er då hagearbeidet kjem inn i bildet. Kor mykje oppbygging ligg det vel ikkje for ei utarma lærarsjel i å sjå raske resultat av sitt eige arbeid? Å sjå den svarte, reine jorda der vassarve og løvetann hadde teke grep. Å plante nye vekstar og sjå at dei veks. Å reinske opp mosegrodde steinheller og gje dei nytt, blankt liv. Det er honning for sjela, ny tru på at endring skjer og at arbeid nyttar. Så kan vi møte att elevar og fagplaner med styrkt sinn og nytt mot.

Så, tillitsvalde, de skjønar kva de har å gjere: I staden for ein ekstra planleggingsdag med instruksar og kurs, skal det avtalefestast ein dag med obligatorisk hagearbeid. Garantert utbytte for alle. Dei som ikkje har hage, kan få grave hos meg.

1 thought on “Lærar om sommaren

  1. Går gjerne for den siste kommentaren, men trur diverre ikkje eg ville fått mykje gjennomslag for praktisk gjennomførbar dag. Hageflekk kan eg og låne vekk om nokon har trong for dette. Ha ein riktig så god sommar fortsatt, og godt er det at verken hagearbeid eller arbeidet med elevane er forgjeves. Vi får alltid eit resultat, om ikkje alltid det vi forventar,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s