Ripsbusker og andre buskvekstar

Det er ei glede når hagebæra modnar. Når ein i forbifarten kan strekkje ut ei hand etter ein klase svarte, store solbær, og la dei friske opp ganen. Eller raspe nokre rips, eller strekkje seg etter nokre kirsebær som fuglane ikkje har fått tid til å ta. Hagebær er lite kravstore, enkle å ha for handa. Og så er dei vakre. Runde, glinsande, struttande av farge, der dei heng på den grøne greina si.

Solbær er favoritten mellom buskbæra. Det er svart og saftig og sødmefylt, med eit smakskick som har likskapstrekk med mørk sjokolade. Rips er eit meir snusfornuftig husmorbær. Det eignar seg nesten berre til saft, og er for surt til å freiste så ofte rett frå greina. Det å plukke rips og koke saft er som ein jobb å rekne. Kirsebær er det meir svung og klasse over, litt sjeldant og eksklusivt. Solbær er eit gamaldags masse-bær, eit lågstatusbær som finst i overflod, noko forsiktig og smålåte. Men solbær er eit undervurdert bær, tykkjer eg. Eit bær å glede seg over, verd meir merksemd og ein plass i sola. 
 
Bærplukking er i det heile undervurdert. Det er ein slik bestemorsaktivitet som er gått av moten for lengst. Moderne kvinner plukkar ikkje bær, og dei kokar ikkje saft. Det er eit teikn på at dei er travle og karrierebevisste og har viktigare ting å gjere. Til naud kan ein plukke ei lita skål og lage ein solbærpairfait eller noko anna trendy og spennande, etter råd frå dei oppdaterte matsidene i ei avis eller på ein blogg. Men dei som tek seg tid til å sitje på ein krakk med nasa inne i ei bærbusk og trille bær i ei bøtte med den hensikt å lage saft for vinteren, er akterutsegla husmødre som ikkje prioriterer hardt nok eller er travle nok til å vere med der det gjeld. Eller?

Det er mogeleg at tida har gått frå hagebæra, men det er synd. Dei går glipp av noko, dei som aldri har kjent lukta av eit solbærtre. Og forskarrapportane om vitaminar og antioksidantar i hagebær vert berre meir og meir sikre i trua: Dei er små eksplosjonar av godsaker for kroppen, og til mørkare bæra er, til betre er det. I vår helseopptekne tid bør vel det vere eit vinnarargument. Eg vil påstå at det også er helsefremjande for sjela. Det er veldig sytaluast å sitje der på ein krakk og tenkje på alt og ingenting medan hendene raspar bær frå ei grein. Fell det seg no slik at sola skin litegrann òg, er det reine helsebota. Stressreduksjon, hadde det vorte kalla om det hadde vorte skrive ein fagleg rapport om emnet.

Og  å sitje ved kjøkenbordet etterpå og ete rista brød med nyrørde bær til kvelds, det er enkel glede. Og ein av landlivets verkelege luksusopplevingar er å gå ut før middag og plukke ei skål med bær, røre dei og ete is med bærsaus til dessert. 

Men det er klart det er ein kamp om tida. Det er ein langsam aktivitet å plukke bær, og ein kan lett gå i skvis-fella, der det heile berre blir eit pes og eit dilemma, og gleda forsvinn.
Når bæra heng der på greina si, blir stendig mørkare og meir innskrumpa og liksom ropar deg i synet kvar gong du går forbi: «No må du altså få plukka oss snart, elles dett vi ned!» Då er det ikkje moro lenger. Når det då regnar i dagevis og jobb og alle dei sokalla viktige gjeremåla pressar på, då kan bæra vere ei pest og ei plage. Då har dei teke herredømmet, husmorsvøpa heng over deg, og dei er berre enno ein må-ting som pustar deg i nakken.

Ein må vere litt hard og bestemt med seg sjølv og bæra. Det er litt som å ha hund: Det må vere klinkande klart kven som er sjefen, elles har han snart overtaket. Så får dei heller berre dette ned, dei som ikkje oppnår å hamne i bøtta. Vi nærmar oss snart smertepunktet no, der det ikkje er greitt å berre småplukke i forbifarten, men der støtet bør setjast inn dersom det skal plukkast i saftkokingsomfang. Då vert det avgjort om strategien skal fungere i år.

Men inntil vidare er det i alle fall eg som er sjefen over bæra, og ikkje omvendt. Dei heng der og gledar meg, dei blenkjer i sola og er runde og vakre for auga, og dei er lukt og smak til fri disposisjon. Framleis lever eg i trua på at eg skal rekke å plukke dei fleste, og vere litt gamaldags, landleg husmor med krakk og sjelefred i bærbuska. Og til vinteren skal det bli heimelaga saft. Det blir bra.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s