Ripsbusker 2: Effektivisering

I denne følgjetongen til hagebæra sitt forsvar og fremje er vi i dag komne til kategorien gode tips og råd. For å prøve å halde tritt med det moderne samfunnet sine krav til mekanisering, effektivisering og konseptutvikling, kan vi i dag presentere ei aldri så lita innovativ nyvinning i kampen mot tida og bærmengdene: Ripsbærklipping!

Sidan førre innlegg har tankeapparatet jobba med å motivere og klargjere seg for ripsplukking i større skala. Dei som har plukka rips, veit at bæra veks i store klasar som det kan vere litt vanskeleg å få has på utan for mykje klin og søl. Til saftkoking plukkar vi bæra med stilken på, og riv dei av i heile raklar. Men når det er for tett av bær heilt oppunder greina, vert dei øvste bæra skvisa der du tek tak, og det vert eit klissete griseri. Stilkane er også litt harde og raspar i handa når du riv dei av. Sjølvsagt kan du ta færre om gongen, men det skal no helst vere litt raskt og effektivt.
Ja, ja, eit av livets mange ubehagelege, men ufråvikelege vilkår, har eg tenkt. Slik har det alltid vore, og slik måtte det vel vere i år òg.

Men så, ein tidleg morgon, der hjernen var i fristilt modus og ikkje oppteken med andre oppdrag, datt det ned ein idè: Kva med å bruke saks? Det måtte vere svaret!
Det bar rett ut for å teste nyvinninga, og det fungerte strålande: Tre baljar vart fylte på rekordtid. Hendene var velsigna fri for bærkliss og oppraspa fingrar, og det var eit lite kick å ha klekt ut ei effektivisering av bærplukkinga. Opptur! Så heretter er det altså ikkje ripsplukking som gjeld, men ripsklipping.

Slik gjer du det: Du treng ei gammal saks og ei bøtte med handtak, som du festar rundt livet med eit belte. Du kan bruke ei vaskebøtte, dersom du har ein pose eller passeleg stor bolle oppi. Med bolle kan du òg lett tøme bæra over i ein større balje etter kvart som det vert fullt.
Så tek du saksa i høgre handa, og klipper raklane av rett under greina. Dersom greina er slik at den kan henge rett over plukkebøtta, kan du halde greina med venstre hand og klippe bæra rett ned i. Dette er førstevalet, og mest effektivt. På greiner som er vanskelegare tilgjengelege kan du halde venstre hand rundt/under bærklasen medan du klipper med høgre. Ved låge greiner er det fint å sitje på ein krakk med ein vid balje på bakken under greina, og klippe rett i baljen.
Ei ulempe er at det vert klipt med ein del lauv, men det går ganske fort å plukke dei (fleste) opp att når du tømer bæra over i baljen. Småbær som vert hengande igjen raspar du sjølvsagt av på gamlemåten, eller så vert småfuglane glade for å forsyne seg med restane.

Så her openberra det seg altså, heilt overraskande, eit konsept som aukar effektiviteten på haustinga av rips og mengda av saftebær i frysen. Kvardagen vart litt kjekkare, og eg har framleis overtaket på arbeidsmengda og bærtrea (jfr. førre innlegg).
Bæra fylte to store bæreposar etter ei nokså kort økt, og eg smilte heile vegen til frysaren.

2 thoughts on “Ripsbusker 2: Effektivisering

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s