Karusellen går

Skuleåret har starta, og vi har kasta oss på karusellen. Livet snurrar av si eiga tyngde, vi kjenner sentrifugalkrafta i magen og lufttrykket i håret.

Dei håpefulle kjem att med skulesekkane sine, og det strøymer inn med timeplaner og informasjonsark. Lappar skal skrivast under om kompetansemål og vurderingskriterium som skal vere lesne, mjølk som skal bestillast, bøker som skal takast ansvar for. Bunkevis med bøker skal ha papir. Forkle skal skaffast til mat og helse-timane. Gymkle skal pakkast til rett dag med shortsar og shampoflasker og sko i rett storleik for inne- og utebruk.

Klokka er igjen herre over våre liv, og tidspisken heng oss over nakken, særleg om morgonen. Dagen skal startast klokka 6 igjen. Vi slengjer oss i dusjen, og deretter går det slag i slag. Vi førebur middag, vekkjer ungar, lagar nistepakkar, tenkjer på alt som må hugsast, beskjedar som må gjevast og kva dei ulike familiemedlemane ikkje må gløyme i dag.

På jobb er det ny frisk. Nye elevar skal treffast, namn skal lagrast i hukommelsen. Nye halvårsplaner skal leggast, prøvar og innleveringar plottast inn på kvar klasse sin kalendar. Ulike kontaktlærarar skal ha sine system opp å gå, og datasystem skal følgjast opp, fråver førast, vekeplaner fyllast inn, innleveringsmapper lagast, e-postar lesast. Møte skal avhaldast, informasjon utvekslast. Alt må hugsast, for ein vil jo ikkje vere det svake leddet som bryt kjeden, spolerer systemet og ikkje gjer oppgåvene sine.

Ein må vere mentalt og åndeleg til stades for menneska rundt seg. Elevane har krav på ein tilstadeverande, konsentrert og engasjert lærar, helst med eit godmodig smil på lur.
Når niandeklassingen heime treng hjelp med naturfagleksene klokka 5, etter ein 8 timar lang skuledag, rett etter middag, må du vere tolmodig og konstruktiv, lese i boka om protonar og nøytronar og elektronar og det periodiske systemet for grunnstoff. Forklare tolmodig, avverge mismot og frustrasjon, irettesette slurv utan å eskalere ein konflikt, lose han trygt gjennom ei ukristeleg lang rad oppgåver med underpunkt a, b og c.

Klesarsenala må vere fylt opp for at karusellen skal gå. Det må til ei kvar tid vere handkle i skåpet på badet, sokkar i korga, shortsar i gymkle-kassen, reine fotballsokkar, akseptable bukser og gensarar på rett stad og i rett fase i vaskesystemet.
Livet er så fullt av ting, og likevel er det alltid noko som manglar. Gangen flyt av sko, men det er stadig nokon som treng fleire. Rom etter rom er fylt av ting på logiske og ulogiske stader, men det er alltid krav og etterspørsel etter noko anna og meir som må skaffast til veie. Kjøleskåp og frysar bognar, men er det for lite brød eller kvitost til nista, er hundreogeitt ute. Mellomleggspapir, tannkrem, dopapir og kattemat er sjølvsagt når det finst, uunnverleg når det manglar. Butikkrundane må vere jamne og planmessige, og lister må førast kontinuerleg.

Lister er forresten mors fremste våpen i kampen mot detaljane. Lister over småfikseting, Førde-handle-ting, langtidsprosjekt (som truleg aldri når opp på prioriteringslista likevel) og alt anna som skaper uro i sjela og som ein får ei falsk kjensle av å kontrollere når det står svart på kvitt på eit papir. Nær og fjern framtid må planleggast. Treningar og aktivitetar må bookast inn, køyring avtalast, kalendaren fyllast og finlesast. Konfirmant-foreldremøte og presentasjonsgudsteneste i kyrkja. Fotballtreningar 3 dagar i veka, til ymse klokkeslett.

Graset veks, plommene skal plukkast. Gjerde og veggar burde ha vore målte. Eit hus skal pussast opp og innreiast (jfr. innlegget Gardsturisme). Søknader skal sendast, fristar haldast, avtaler plottast inn. Og så må vi trene sjølv. Fysikken må haldast i køyrbar stand, skal vi halde tritt i kvardagen. Annankvar dag bør vi ut og svette i ei eller anna form. Helst bør vi òg få kulturelt påfyll, gå på konsertar og tilskipingar, engasjere oss i lokalmiljøet og organisasjonslivet, pleie og skaffe nettverk og venner, vere sosiale, vere med der det skjer.

Karusellen går. Det er kjekt å vere i fart. Kjenne vinden i håret, oppleve at noko skjer. Vite at livet lever og at ein er midt i det. Men kjensla av at det aldri stansar, at du ikkje kan gå av når det er nok, kjem innimellom.
Eg har aldri vore så glad i å køyre karusell, eigentleg. Blir så lett svimmel.
Då vi var små, var det moro å slengje skulesekken rundt, og snurre med i kraftfeltet til vi vart svimle. Då var det moro, og vi kunne stoppe når vi ville. No er det livets obligatoriske karusell, vi går på skinner, og det er køyreplikt. Du er ein hest som dreg i seletøyet, eit hurtigtog lenka til skinnegangen. Ei mengd ballar heng i lufta, kabalane går ikkje opp, tidskontoen er overtrekt.

Ein kan lure på om mennesket eigentleg er skapt for det moderne samfunnet, eller om vi har utvikla oss langt forbi vår eigen kapasitet. For nokre år sidan vart eg fascinert av boka «Øyeblikkets tyranni» av Thomas Hylland-Eiksen. Der trekkjer han fram mange eksempel på korleis tidsramma for livet vårt i det moderne samfunnet er fullstendig sprengt, og i realiteten umogeleg å få til å strekke til.   
«..bokens påstand er at langsom tid burde stå på toppen av enhver ønskeliste i informasjonssamfunnet. (….) Nå er det utilgjengeligheten vi må sloss for, retten til å tenke en tanke som er lenger enn fem minutter.»

Her om dagen kom eg til å tenkje på eit sitat eg har hengande på veggen, men sjeldan ser.
Orda er frå eit dikt av Karin Boye, i eit søtt lite bilde med ramme på, kjøpt på ein dill-dall-butikk på ferietur ein gong på 90-talet:
«Alla dessa dagar som kom och gick. Inte visste jag att det var livet.»

4 thoughts on “Karusellen går

  1. Jau, det er berre å halde seg fast når karusellen snurrar som fortast. Men nokre gonger, sånn no og då, er heldigvis farten såpass låg at ein kan hoppe av ei lita beite, og då er det lurt å gjere det. Og ikkje sparke meir fart enn ein tåler. (Var det ikkje forresten Stig Johansson som snakka om alla dessa dagar …?) Ønskjer deg ein fin haust vidare på tivoli! 🙂

  2. «Ein kan lure på om mennesket eigentleg er skapt for det moderne samfunnet, eller om vi har utvikla oss langt forbi vår eigen kapasitet.»

    Denne setningen seier det veldig mange av oss tenkjer, men ikkje klarar sette så effektive ord på. Diggar bloggen din – du skriv verkeleg kjempebra!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s