Sauer i sol

Det var ein av desse sjeldne dagane då alt stemte. Sola skein etter veker med trøsteslaust regn. Det var nesten så vi ikkje trudde det var sant. Hausten var endeleg akkurat så vakker som han skal vere. Og så kom sauene heim frå fjellet.

Når ein svingar inn på veg heim frå jobb, med skuletankar i hovudet og handleposar i bilen, og det står ein flokk sauer på bøen, er det som å skifte fil, å gå rett frå eitt program til eit anna. I låg, varm ettermiddagssol breidde det seg ein flokk på 60-70 brune, svarte og grå dyr utover graset. Når du nærma deg, kom dei langragga, hornete og med forsiktige snutar bort og lurte på om det var noko godsaker å få.

Det er noko med sauer som får pulsen til å seinke seg, pusten til å komme heilt ned i magen, som set sjela i gang med nye tankar. Som får deg til å sjå med nye auge på det livet du elles lever. Ein lærar eg hadde på høgskulen for mange år sidan kom med ein treffande kommentar då eg fortalde om garden eg budde på: «Då er du heldig, som har ein fot i gummistøvlane og ein i den akademiske verda.» Han hadde heilt rett. Det å leve i to verder har mykje for seg. Å skifte ham, frå lærarrolla med bøker og datamaskin til bondekjerring med støvlar og arbeidsbukse. Å skifte tankar, frå pedagogiske utfordringar til naturens gang. Å skifte tempo og arena, frå kompliserte menneske til enkle dyr.

Nokre meiner at sauer er dumme. Det trur ikkje eg. Dei er berre fredelege og velsigna lette å ha med å gjere. På grunn av dette blir dei lett undervurderte. Det har oppstått eit urettmessig rykte om at fredsæla deira er dumskap. Slik har det lett for å bli i ei verd av spisse albogar, der ein kvar helst bør vere litt sjølvhevdande og setje seg i respekt for å komme nokon veg. Uskuldige, fredelege skapningar vert stempla som litt undermåls. Sauer er ein slags naturens born. Dei spreier ei kjensle av ro, av noko enkelt og opprinneleg.

Det er fint dei første dagane etter at sauene er komne heim, å gå der i tunet og pusle med eitt og hitt, og høyre bjøllene ringle litt no og då. Mekring og breking formar korte eller lengre samtaler. Når artsfrendane på nabogarden brekar, er dei snare til å svare, og det utspelar seg gjerne ein lengre dialog på tvers av sauerasar, gjerde og grensemerke.

Det er ei god kjensle av haust.Verda er ekstra vakker når det sluttar å regne etter 4 veker, sola skin og sauene er komne heim.

 

Traktor og møk

Sauene skal snart komme heim frå fjellferie. Fjøsen må stå klar til ein ny sesong, og møka frå i fjor må ut. Så då er det for sauebonden å køyre i gang med traktor og skuffe, handmakt og greip. I år vart det litt ekstra komplikasjonar, for midtveges i operasjonen melde vår venn Massey Ferguson 135 heilt uventa pass. Dermed vart det å køyre under tak og opprette operasjonsstove for traktor. Den sjølvlærde traktorkirurgen var på gyngande grunn ei stund, og såg noko mørkt på situasjonen.

Den gamle slitaren hadde aldri vore alvorleg sjuk eller skadd før i sitt nokon-og-tredveårige liv, og vi hadde teke til å tru at han kunne gå evig. Han har vore sjølve berebjelken i det lågkostnadslandbruket som drifta har vore tufta på.  Og som med alle anonyme, trufaste slitarar var det ingen som heilt forstod kor uunnverleg han var, før han brått var ute av drift. Takhøgda på møkakjellaren er til og med tilpassa akkurat denne Ferguson-modellen, slik at han med minst tenkjelege margin glir inn under døropningen og får sett skuffa i møkablandinga på golvet.

Så den dagen tidleg i september, då det endeleg vart opphaldsvêr og møka skulle ut under tørre og forsvarlege forhold, enda det i havari og frustrasjon. Sidan har det gått to veker med sveising, grubling, seine kveldar og utprøving av eit breitt spekter problemløysingsmetodar. Til slutt lukkast det!
Bonden viser seg atter som ein dugande altmogelegmann, og løysinga vart funnen.

Denne dagen var det slett ikkje opphaldsvêr, men no måtte fjøsen tømast utan smålege omsyn. Med oljehyre og greip, nyoperert Massey og høgtrykksspylar vart jobben fullbrakt. 

Snart kan vi hente sauer.

Framdrift

Det går framover! Sperrestova på Klævoldsneset har fått golv. Den er beisa og har fått ytterdør og takoverbygg. Snart kjem det torv på taket. Vi anar konturane av eit staseleg, gamalt bygg i ny drakt.

Sperrestova har ei solid trapp.

Døra er i ubehandla tre.

 

Innvendig er det originale tømmerveggar og nytt tregolv.

I det kvite huset i tunet er det mykje att å gjere, men det første soverommet er ferdig!

Vi gler oss over framdrifta!