Novemberhelg

Det har vore ei helg med stort spenn. Fredag inntok ein gutegjeng med datamaskiner stova og rigga seg til med lan. Det var leidningar og dupedittar i alle retningar, og det blinka blått i mørket. Musikken dundra, og stemmeskiftestemmene gjekk på høggir. Det var kommentarar, latter, sigersbrøl og banning om kvarandre, medan spelerundane gjekk sin evige gang.

Mor stod på kjøkenet rett ved sidan av og laga pizza til gjengen medan partyet var i startfasen, og lydbildet var relativt heftig. Musikken var i sjangeren heavy metal, og skotsalvene frå skytespela på skjermen konkurrerte med dundrande bass og trommer. Assosiasjonane som forma seg på min indre skjerm gjekk i retning av dommedag og  scener frå krigssoner på dagsrevyen.

Det neste døgnet gjekk det i eitt, og trykket og stemninga var jamnt høg. Lattersalvene vitna om ei skikkeleg feststund for dei unge. Vi gamlingane gjorde vårt beste for å ligge lågt i terrenget og ikkje vere til sjenanse, og sneik oss inn og ut av kjøkenet for å hente det mest nødvendige av matvarer, før vi søkte tilflukt ved TV-en på loftet.

Heile natta heldt dei på, og då morgonen kom låg det framande gutekroppar og sov i sofaen, under pledd og rundt omkring. Utpå føremiddagen rakna dei til liv og fekk servert frukost. Så var det ny runde framfor skjermane, fram til foreldra stilte med bil til heimtransportering av sin utrangla fjortis, med tilhøyrande datamaskin, kablar og tilbehør.

Laurdag kveld var vi på konsert i Førde, Händels Messias framført av kor, solistar og strykeorkester. Kontrasten var total. Ei scene fylt av oppunder 100 personar med sine stemmer og akustiske instrument. Fiolinar, cello, cembalo. Ikkje ein mikrofon, ikkje ein kabel. Berre klangen av menneskestemmer, treverk og strengar. Tjukke notebøker med verket som Georg Friedrich Händel, hoffkapellmeister hos kong George 1., skreiv i London hausten 1741.

Og medan vi sat der og lot barokkmusikken snirkle seg harmonisk gjennom verket om Messias, basert på bibeltekstar om frelsaren sitt komme, fall våre rastlause sjeler til ro.
Kanskje var det den voldsomme kontrasten til lydinntrykka det føregåande døgnet, kanskje var det berre den fullenda forma og dei regelmessige harmoniane, den mjuke klangen og dei lange linjene som lot oss senke oss ned og puste med magen.

Den gode Georg Friedrich skreiv verket på 24 dagar, i følgje programheftet, ein utruleg prestasjon. «I desse tre vekene trekte Händel seg bort frå verda og såg ut til å vere i ein slags transe. (…) Ein dag fann tenaren han sitjande med tårer strøymande frå augo etter at han hadde fullført Halleluja-koret, og han utbraut: «Eg trudde eg såg heile himmelen føre meg, og den store Gud sjølv!»» Verket vart framført i London og Dublin i 1742, 1745 og 1749, og så seks dagar før Händel brått vart sjuk og døydde i 1759.

Og der sat vi, i Førdehuset i 2012, og høyrde på Førde kammerkor, Sogndal songdal og eit samansett orkester frå Sogn og Fjordane framføre dei same tonane. Det flaug nokre tankar forbi om alle dei menneska som i løpet av 270 år har opplevd dette verket på ulike stader, i kyrkjer og konsertsalar i mange land. Skal tru kva Händel hadde tenkt om han visste at verket hans skulle få ei slik utbreiing og levetid? Og kvifor vel vi, i vår teknologiske tidsalder, å oppsøkje denne musikken igjen og igjen?

Vår digitale og elektroniske tidsalder gjev oss alt vi måtte ynskje av stimuli for blikk og øyregangar, og musikken talar til rytmesenteret i mellomgolvet meir enn til harmonisenteret i hjernen. Vi vil ha trøkk, rytme og høgt energinivå, og kan få det kvar og når vi vil. Men likevel er det eit urmenneske i oss der nervetrådane tek til å vibrere – akustisk – når barokkmusikken spinn sitt nett av tonar og harmoniar.

Det var ei helg fylt med kontrastar. Kanskje det gjorde oss litt klokare, litt flinkare til å ha fleire tankar i hovudet på same tid. Takk til Georg Friedrich, og til Førde kammerkor, Sogndal songlag og alle gode krefter som gjev oss ein flik av barokken i eit novembermørkt Sogn og Fjordane. Eg trur likevel eg skal la fjortisane modnast litt før vi introduserer Händels Messias som eit musikalsk alternativ. Det får vere måte på sprang for ei ungdommeleg, energisugen sjel.

Pølseproduksjon

Jula nærmar seg, og julepølsene må sikrast. Bestemor og bestefar har troppa opp, med nyslipte knivar, nedsalta grisetarmar, kjøtkvern, pølsestappemaskin og oppskrifta frå i fjor.
I løpet av ein novemberlaurdag var tre generasjonar i sving på kjøkenet og i kulissane. Hjortekjøt frå jaktlaget, sauekjøt frå eige slakt og svin frå slakteriet vart skore, male og stappa.

Julepølsene er den viktigaste av alle familietradisjonar, og utgjer alltid høgdepunktet under julemiddagen. Då skal det vurderast om dei er betre enn i fjor; passeleg salte og krydra, passeleg faste – eller for faste? Som oftast er konklusjonen at dei er uhorveleg gode, og den første smakerunden utløyser samstemt nyting og smatting rundt bordet.

Pølseproduksjonen er eit like sikkert rituale i november, styrt med sikker hand av familiens eldste, Storfaren og Stormora. Barneborna har vore med kvart år sidan dei kunne trykke på knappen på ei kjøtkvern, og bestefaren set si ære i å formidle tradisjonane vidare til nye generasjonar. Sjølv no, som fjortis, tykkjer tenåringen det er stas å vere med, og stiller frivillig og med uvanleg stabilt, godt humør til innsats ved kvern og stappemaskin. 

Tarmskylling er eit ord med fleire meiningar. Her er det grisetarmar som får skylt seg før si neste oppgåve. Tarmane er eit sentralt element i pølseproduksjonen. Dersom tarmane er for dårlege, sprekk pølsene i stappeprosessen, og det vert produksjonsstans og misnøye.

37,3 kilo blanda kjøtdeig klar for krydring og elting. Det gjekk med ca. 14 kilo hjort, 12 kilo gris og 10 kilo sauekjøt, tilsett eit knapt kilo salt og ein del krydder.

Det kritiske punktet: Pølsene skal bli faste nok, men må ikkje sprekke. Konsentrasjonen må vere på topp gjennom heile løpet. Siger når heile pølsa kjem ut i eitt stykke, utan sprekk, stopp og restart. Pølsa er ferdig og kan knytast for. Jess!
Dottera under opplæring får bistand frå mors kyndige hender.

 Då er det berre å henge opp, røyke og gle seg til jul!

Slakting

Det er slaktetid. Slaktebilen har henta dei fleste til industrialisert avslutning på sauelivet. Men nokre får særbehandling, og vert hand-flådde. Det skal bli juleribbe og spekekjøt av denne, og vener og familie skal få gle seg over mørt, godt villsau-kjøt.
Skinnfellen vert send til garving, og kjem til sals som flott, langhåra saueskinn om eit halvt års tid. Bonden har ein variert arbeidskvardag, og må kunne mykje forskjellig.