Det er slaktetid. Slaktebilen har henta dei fleste til industrialisert avslutning på sauelivet. Men nokre får særbehandling, og vert hand-flådde. Det skal bli juleribbe og spekekjøt av denne, og vener og familie skal få gle seg over mørt, godt villsau-kjøt.
Skinnfellen vert send til garving, og kjem til sals som flott, langhåra saueskinn om eit halvt års tid. Bonden har ein variert arbeidskvardag, og må kunne mykje forskjellig.