Livet startar liksom på nytt når den første sol-fridagen kjem etter nyttår. Når vi får vere velsigna med ein klår, blå himmel, rolege vindar og ei sol så strålande at vi hadde gløymt det gjekk an, og attpåtil ha tid til å vere ute. I fire timar var ho her, sola, og det var berre å gå ut og løfte blikket mot lyset.
Vi er på rett side av solsnu, året og våren ligg og ventar der framme, og no hugsar vi korleis det var. Vi har trakka oss gjennom haustmørke og regn, og bilda av lys har lege langt bak i minnet. Men no ser vi det: Det var slik det var. Slik skal det bli, i år òg!