Stillstand?

Det har vore stilt på bloggen ei stund. Vintermørket har teke piffen ut av oss, og formidlingsbehovet har vore på eit lågmål. Kva er det å fortelje? Skjer det eigentleg noko i desse mørke månadane, der både vi og livet ligg halvveges i dvale? Vi held hjula gåande, kjem oss av garde om morgonane, kviler på sofaen om ettermiddagane. Mørket står mot ruta, og dei korte kveldane går med til førefallande oppgåver. Er det noko å melde? Tja og nei.

Vi har feira jul med familien samla, høyrt musikk vi kjende vi hadde sakna, hugsa tankar vi nesten hadde gløymt; om den kristne kulturarven og den merkelege verda, om verdien av dei nære og kjære vi enno har rundt oss. Ein eldre familemedlem døydde rett før jul, og vi var i gravferd og fekk dødens alvor og ugjenkallelege faktum klart for oss på ein iskald kyrkjegard i Jølster.

Eldstesonen fekk omsider kjøpt husvære i Bergen, og vi var av garde ei helg over nyttår og hjelpte til med å bere, køyre, handle, montere og installere han på 42 kvm på Laksevåg. Vi tenkte på slekters gang og vår rolle som utskytingsrampe for nye generasjonar. Vi merka at det kjendest godt å framleis vere nyttige og litt uunnverlege for guten, som for berre nokre vindpust sidan var ein bylt i armane våre. Vi gjorde oss nokre betraktningar om tida og vegen, om framtid og håp og draumar og vilkår for dei som skal etablere seg, og om kva vi sjølve eigentleg har gjort sidan vi var 25.

Vi har vore i to femtiårsdagar på rad, og sett igjen nære og fjernare bekjentskapar frå tidlegare år og samankomstar. Litt gråare, litt rundare i formene, litt skarpare i furene. Litt meir tygde på av tidas tann. Vi får høyre litt om kva dei tenkjer på og strevar med i sine middelaldrande liv, og prøver å sjå ein meiningsfull samanheng i våre eigne.

Vi har arbeidd vidare på våre gjeremål. Gått på jobb og prøvd å møte og formidle fag til ungdomar i ulike stemningsleie, livssituasjonar og dagsform.
Gått i fjøsen og kjent lukta  av 30 sauer som ventar på mat, kjent roa av umælande skapningar, ull og treverk.  Gått i gang med stadig nye fasar og delmål av Den store oppussinga i utleigehuset. Måla gamle, raudmåla, slitne, skitne kjøkenskåp innvendig, lege på kne og fikla med rull og kost i dei inste krokar. Kjent på motivasjonsbrist og uthaldenhetsvanskar, tenkt over kva det krev å fullføre det ein har starta på, og fundert litt over det vi har valt å bruke livet på.

Vi har sett lyset vende tilbake, og gitt oss over når sola strålar blank over fjorden timevis i strekk. Fjorden blåare, snøen kvitare, lyset sterkare enn vi kunne hugse frå i fjor. Vi kunne lene oss tilbake og la tankane flyte av garde på lyset, løfte seg over øyeblikket.
Noko å melde? Kanskje ikkje. Berre heilt vanlege dagar i heilt vanlege liv på ein heilt vanleg utpost i verda, eit heilt vanleg år i januar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s