Status medio mars

Det er vår på kalendaren, la oss ta ei lita oppsummering på tilstanden:
Sauene er klypte, lamminga er ein liten månad unna. Frukttrea er skorne, bærtrea er halvklipte, greinene er ikkje rydda. Skogsarbeid og vedkløyving elles tenkjer vi ikkje på, det ligg utanfor rekkevidde på ei stund uansett.

I huset som vi held på å pusse opp går det trått, og har gjort det lenge. Det er altfor mange må-ting som pressar seg innimellom heile tida, og det vi får gjort er som musepiss i havet å rekne. Handverkarar er dessutan seig materie å ha med å gjere. Først ventar du i veker og månader på at dei skal komme i gang. Når du først får dei innanfor døra og tenkjer at no skal det vel bli litt vei i vellinga, er dei brått borte igjen. Snekkaren må vente på rørleggjaren, rørleggjaren må vente på elektrikaren, alle må vente på golvleggjaren, golvleggjaren har flust opp av andre oppdrag, og skal dessutan på ferie. Så i mellomtida gjer snekkaren heller noko anna som han har i ordreboka, og fuglane må vite kor tid han kjem igjen.

Så har vi byråkratane i fylkeskommunen, som vi held i ande med ein heil masse arbeid kvar gong vi søkjer om eit tiltak. No har vi søkt om å få mure opp ei meir tenleg kai, så turistane slepp å balansere på glatte, grønskegrodde steinar og slå seg helselause når dei ferierer. Så har vi vore lettsindige nok til å søkje om å leggje ut ei flytebrygge, ei som er litt meir profesjonell enn den heimelaga med flottørar av plasttønner, som har lege ut eit par år no. Men slikt kan ikkje byråkratane ha noko av. Først er det eit par rundar med krav om nye skjema som så sendast inn, og opplysningar om eitt og hitt som manglar. Deretter er det avslagsbrev, med mange gode, byråkratiske formuleringar høgt heva over den verkelege verda vi lever i. Miljøvernavdelinga meiner tiltaka «er i strid med strandsonevernet, og at lova sine vilkår for å gje dispensasjon ikkje er oppfylte, jfr. paragraf ditt & datt». Fjernt er alle oppmodingar om initiativ, entreprenørskap og utvikling i distrikta – er det nokon som vil utvikle noko, får dei eit rapp over labben frå næraste paragrafryttar.

Og medan vi ventar på kommunen si avgjerd, putlar vi vidare med litt måling og småtteri. Nokre golvlister her, tre-fire dørkarmar der, ei trapp, eit lite tak, nokre dørstokkar, nokre kjøkenskåp som må målast innvendig. Kvar gong vi leikar med tanken om at vi snart kan setje lok på målingspannet for godt, dukkar det opp tre-fire nye ting som må takast. Og det går altfor seint.
Så kanskje må vi bøye oss for realitetane og gje oss sjølve eit ekstra år før vi inviterer tyskarane hit til fjorden. Ja, ja, kanskje like greitt. Så blir det eit ekstra år på tyskgjenoppfriskingsprosjektet òg. Det har ærleg talt gått rimeleg trått med tyske preposisjonar og ordtilfang dei siste månadane.

Er det då ingenting som går bra? Jau, på neset der sperrestova står, har omsider entreprenøren som skal grave og sprenge for VVS-anlegg kome på plass, 8 månader etter første avtale. Det er nesten så vi ikkje trur at det endeleg skal komme til å skje noko.

Og jobbmessig har vi vore inne for ein aldri så liten rast på laurbæra dei siste dagane.
Vi er i mål med 10. klasse sin konsert (jfr. innlegget Wow-faktoren), og det gjekk over all forventning. Det slo til som vi spådde; underet skjedde, konsentrasjonen slo inn, alle var med, og det fungerte i alle ledd. Børa av detaljar og mogelege feilscenario er løfta av skuldrane, og vi kan unne oss eit kvileskjær på gjort arbeid.
I dagane etterpå er det som det plar vere: Bilda flimrar over den indre skjermen i ein gjentakande reprise, med og utan lydspor. Ein blir jo så glad i desse ungdommane, og hjernen vil ha bilda opp igjen på nytt: Ho som endeleg viste songtalentet sitt og song så vi kjende det i magen. Ho som kom dansande inn som Pippi Langstrømpe med flettene rett ut og eit strålande smil. Han som for eit års tid sidan sat kul og sur i eit hjørne av musikkrommet, og som no gjennomførte oppgåvene sine til punkt og prikke. Dei konsentrerte blikka i dei unge ansikta, som omsider fylte sine rollar og følgde alle signal og instruksar, alle som ein. Det gler eit lærarhjarte og skaper motivasjon for nye oppgåver.

Innimellom prøver vi å vere gode fjortis-foreldre, og snart er det konfirmasjon.
Karusellen rullar vidare.

Mann med motorsag 2

Året har rulla, og det er ny runde med skjering av frukttre. Mannen har henta fram igjen motorsaga. Sola strålar, og det er ein perfekt dag for å starte vårarbeidet. Vi har bestemt oss for å gjere det grundig i år, opne opp, rydde plass for utsikta. Nokre gamle, ærverdige epletre må finne seg i å falle for den nye tida. Andre får omfanget sitt drastisk redusert.
Det var ein vakker dag i vårsola.

DSC05992DSC05954

DSC05979

DSC05983

Wow-faktoren

Så er vi der igjen: Det er halvanna veke til årets 10.klasse-konsert i Høyanger.
53 ungdommar skal stå på scena på samfunnshuset i nesten to timar, og synge, spele gitar, bass, trommer og piano. Nokre skal danse, lese dikt og vere programleiarar. Saman skal dei fortelje historia til det 20. århundret i musikk og tekstar. Salen skal vere full av foreldre, vener og sambygdingar, og dei unge artistane skal sitre av skrekkblanda fryd, nervar og forventning.

Musikklæraren gler seg mest til nok ein gong å kunne oppleve underet, Den Store Forvandlinga. Det skjer kvart einaste år: Flokken med femtenåringar på scena forvandlar seg frå eit uinteressert, mangehovuda troll av fnising, masing, flørting og fjas, til ei konsentrert gruppe med eit felles mål. Eit fellesskap der alle brått forstår betydninga av «ein for alle, alle for ein». Der kvar einaste sjel brått er seg medviten sitt ansvar og sin rolle, og dreg i same retning. Alle hentar omsider ut sitt beste av det dei har lært og er skjerpa til fingerspissane. Det er ei jubelstund for ein lærar.

Men akkurat no, i innspurten, er det spenninga som rår. Før dørene kan opnast er det ein stor jobb som skal gjerast, og musikklæraren kjenner ansvaret tynge. Klassane sitt øvingsarbeid gjennom hausten og vinteren skal samlast og syast saman på nokre få, korte fellesøvingar. Alle byter på å spele instrument, og plassar skal skiftast for kvart nummer. Det er nybyrjarar i dei fleste ledd, berre eit fåtal hadde peiling på gitargrep og trommerytmar då dei starta i 8. klasse. Dei har gått gradene, og no er den store finalen rett rundt hjørnet.

Deira meistring og oppleving er avhengig av at læraren har gjort dei rette vurderingane, plassert rett person på rett plass, lagt lista på rett nivå, klarer å lose dei gjennom eldprøva med ro og tydeleg leiing. Ingen skal måtte oppleve fiasko og nederlag. 
Tankane kvernar om alt som det bør øvast meir på, elevar som ein skulle hatt tid til å snakke med, instruere, hjelpe ein ekstra gong. Er programmet altfor langt? Skulle noko ha vore kutta? Skulle nokre oppgåver ha vore fordelt annleis? Klarer vi å koordinere alle innslaga? Blir billedserien ferdig? Rekk alle å skifte kostyme på rett plass i programmet? Klarer trommisen og gitaristen på dei kritiske oppgåvene å komme inn til rett tid og i rett tempo? Presset kjennest. Det er i denne fasen at ein kvart år spør seg sjølv kva ein eigentleg driv med, og kvifor.

Musikk er eit uviktig fag. Det gjer ingen til legar eller ingeniørar. Det kan ikkje målast på nasjonale prøvar eller internasjonale testar, og vise kor god skulen er samanlikna med andre skular, eller med resultata frå i fjor. Det skal ta kort tid i skulekvardagen, berre 45 minutt i veka, og det har ingenting å bety i den store samanhengen, samanlikna med matematikk, norsk og engelsk. Slik må det vere.

Den australske professoren Anne Bamford har forska på kunstfaga si rolle i utdanninga i ulike land i heile verda. Det store forskningsarbeidet munna ut i rapporten «The Wow Factor» – Wow-faktoren. Den viktigaste konklusjonen er – overraskande nok – at kunstfaga bidreg til å gjere elevane betre i andre fag. Anne Bamford har funne at «..utdanning gjennom kunstfag øker de samlede akademiske prestasjonene, reduserer uvilje mot skolen og fremmer positiv kognitiv overføring. (…..)
Kunsten kan spille en enorm rolle for den totale utdanningserfaringen elevene får. Ved å engasjere seg i kunsten kan elever i høy grad utvikle seg med hensyn til å få tillit og eierskap til egen læring. (….) man involverer seg, den formidler en følelse av fellesskap gjennom å dele holdninger, og den oppmuntrer elevenes motivasjon til å lære.»

Det er ikkje alltid slik at 4-1 = 3. Det er ikkje slik at ein time musikk er ein time tapt frå matematikk og norsk. Visst skal 15-åringane bli legar og ingeniørar, advokatar og tannlegar, og sjølvsagt må dei kunne rekne og skrive godt. Men på vegen dit kan dei ha nytte av å få styrka sjølvtillit og fellesskapskjensle, kjenne ein felles rytme og arbeide mot eit felles mål. Truleg har dei nytte av å jobbe hardt mot ei stor og uoversiktleg oppgåve, forstå sin rolle og jobbe for å fylle den. Kanskje har dei òg nytte av den kick-opplevinga det er å stå på scena, synge og spele gitar framfor eit publikum, kjenne nervøsiteten rive i kroppen, og kjenne bølgjene av stolt glede når applausen tordnar.

Når dei til slutt står der i scenelyset med strålande auge, er det ingen som lurer. Då er det ingen tvil om kva vi driv med, eller kvifor. Av alt uviktig opplever vi det viktigaste, akkurat då, og kvar slitsam undervisningstime har vore verd det. Det har skjedd kvar gong før, og forhåpentleg får vi oppleve det igjen, neste torsdag. Omtrent klokka ti den kvelden skal det stå 53 femtenåringar der på scena med ei felles, brusande kjensle: WOW!

Kjelde:
Bamford, Anne: Wow-faktoren. Globalt forskningskompendium, om kunstfagenes betydning i utdanning.
Musikk i skolen, Oslo, 2008.

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article4059767.ece