Heimebaka brød

Det dukka opp ein artikkel på internett her om dagen, eit snusfornuftig oppslag om kosthaldet i vår moderne verd. Overlege Berit Nordstrand meiner at det hurtigmat og ferdigløysingar ikkje er bra for oss, vi blir overfora og underernærte. Vi bør lage maten frå botnen av og bake våre eigne brød, seier seksbarnsmora.

http://www.aftenbladet.no/sport/sprek/Overlege-mener-vi-blir-overfocircret-og-underernart-1970385.html#.UUrG5zdMd9y

Brødbaking går i arv. Den som har vore 10 år og vore ute og sykla ein klar og kald oktoberkveld heilt til mørket seinka seg, og så kome inn på eit varmt kjøken fylt med bakelukt, gløymer det ikkje. Å då kunne setje seg til bordet og ete lunka, mjuke brød med harde, litt brende skorper og brunost på, det var ein lukkeleg barndom i sum. Då visste tiåringen, kanskje utan å tenkje så mykje på det, at ho var lukkeleg og heldig i livet, og at morskjærleiken var sterk og uttrykt i brød, ikkje i ord.

Så har det lagt seg i ryggmargen, hangen til dei heimelaga brøda. Å bake brød, ha dei liggande på benken, kanskje gå ut av huset, komme inn igjen og kjenne bakelukta, å vite at i morgon kan du stå opp og ha ferske, heimebaka brød til frukost og niste, det er ei enkel, lita glede som du berre kan kroe deg over. Å stå opp ein tidleg morgon, grave gjennom frysen og finne heimebaka brød som du hadde gløymt at du hadde, det er ei lita, varmande kvardagslukke.

La gå at brødet lett blir tørt og smulete når det går eit par dagar. Sønene klagar, skivene dett frå kvarandre og er vanskelege å smørje. Gamle, heimebakte brød er meir tungt fordøyelege enn gamal kneipp. Kanskje fordi dei inneheld færre kunstige bindemiddel og konserveringsmiddel og smaks- og konsistensforbetrarar. Kanskje slik som livet sjølv, litt tørt og hardt og smulete blir det av og til, når det kjem i si opprinnelege form.

Ein har jo følt seg litt for gamaldags og bakstreversk. Ei moderne kvinne skal vere rask og effektiv, kjøpe sine brød på butikken og bruke tida til å gå på trening eller bestille neste utanlandstur. Det er liksom litt kjerringa mot straumen å stå heime ved kjøkenbenken og elte på brød.

Det verste skjellsordet ei moderne kvinne kan utsetje seg for i vår tid, er at ho «går tilbake til kjøkkenbenken». Der skal ikkje kvinner vere, dei skal vere ute i det pulserande samfunnet og byggje seg karrierer. Ja, det skal dei, ikkje noko vondt om det. Men likevel er det eit faktum at kjøkenbenken har ein grunnleggande, kanskje avgjerande rolle i våre liv. Kjøkenbenken er ikkje berre arena for kosthald og livsopphald, men for morskjærleik, trivsel og djup glede som sit i magen. «Mamma har bakt brød til meg», hugsar eg at eg følte når eg kom inn frå mine sykkelturar, cowboy-og-indianar-leikeøkter eller ski- og aketurar i næraste bakke. Barndomen hadde aldri blitt den same utan ei mor som tok sine økter ved kjøkenbenken.

Ved nærare ettertanke har brødbakinga ei sjeleleg side for mor sjølv òg, i tillegg til gleda over lukta og smaken av ferskt brød. Kjensla av å ha råd til litt langsam tid, å faktisk ikkje måtte ha det så travelt heile tida at det å kna ei brøddeig er prioritert ut av timeplanen. Langsam tid er vår største knapphetsressurs, og vi armar oss ut på å alltid vere travle og effektive.

Men på den andre sida: Denne overlegen i artikkelen, er ho ei slik superkvinne som skal legge enno ei bør på sine medsøstre? Er det ikkje grenser for kva vi skal klare?  I tillegg til å ta høg utdanning, gjere karriere, trene hardt og systematisk, vere vakre og velkledde, sosiale og med ein stor venneskare, vere gode mødre som følgjer opp lekser og køyrer i aust og vest, skal vi altså no også komme heim frå jobb og lage mat frå grunnen av – og dertil bake brød på jamn basis, fleire gonger i veka.
Vi blir litt sinte på desse betrevitarane som pressar oss til å vere enno meir perfekte enn vi allereie prøver å vere. Her piskar vi oss gjennom dagar og veker med tusen gjeremål og plikter, bukkar oss under pisken av dårleg samvit som jamnt heng over oss av ein eller annan grunn,  gnurar jamnt i oss som piggdekk i våt asfalt – og så er det likevel ikkje godt nok! Skal vi no også kjenne samvitet gnage kvar gong vi reddar oss i land med ein Toro-pose til middag?

Eg kan i alle fall takke henne på eitt felt: Ho har gjort det lettare for meg å stå fram og leve ope med min nedarva hang til brødbaking. Og ha ryggen klar for den gleda det gjev meg – og forhåpentleg dei andre i familien. Eg er ikkje kompetent til å vurdere den kosthaldsmessige gevinsten av brødbaking, det får legar og andre ta seg av. Men la oss setje fram ein påstand om at brødbaking i rimelege mengder er godt for sjela. Lukta og smaken av ferske skorper med brunost på er godt for store og små, og ei kvalitetsheving i kvardagen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s