Fylket mitt

Sogn og Fjordane har alltid vore fylket mitt. Det var aldri særleg tvil om at det var her vi skulle vere. Her var verdiane og tankesettet som vi identifiserte oss med; sunt bondevit, frisk natur, ærlege og skaplege folk og samfunn. Her var god plass, grøne bøar, fridom til å vere ujålete og avslappa. Annleislandet, med fokus på andre verdiar enn urbane kvalitetar.
Framtidsfylket, trivselsfylket.

Det er eit Veslebror-fylke, men det er heilt greitt. Vi er vane med å vere outsiderar. Vestlandet har mindre status enn Austlandet. Sogn og Fjordane har mindre status enn Hordaland. Omlandet har mindre status enn Førde. Vi er «grisgrendte strøk» og «distriktsnorge» i avisoppslag og nyheitssendingar, det har vi stort sett vent oss til. Vi har lege ante øvst eller nedst på alle statistikkar, alt etter kva det vart spurt etter; skilsmisser, alkoholforbruk, arbeidsløyse, folketal, kulturtilbod. Og vi har vendt det til noko godt og tolka det i beste meining: Vi har den vakre naturen, dei trygge oppvekstvilkåra, den gode livskvaliteten. Vi er det solide bygdefolket, dei trauste og trufaste innbyggjarane som har klart seg under karrige kår i uminnelege tider. Vi er Askeladden, som finn visdommen i ein skosole og eit bukkehorn, og tek innersvingen på dei fine folka på slottet.

Eg har trudd at vi spelte på lag, fylket mitt og eg. At vi stod saman om å vere minst, mest naive, mest naturbaserte, minst rusbelasta, mest grisgrendt. At vi gjekk inn i veslebror-rollen saman, og stod opp mot sentraliseringstrollet og bygdedyret og alle som ville oss vondt her på vestlandet. Eg har trudd at vi var eit fylke av velvillige sjeler som stod saman om å skape liv og vekst og livsvilkår i distrikta, som ville at folket skulle ta heile landet i bruk og skape verdiar der.

Eg trudde fylket mitt var styrt av kloke folk, oppfostra med det bondevitet og gangsynet som høyrer trauste vestlendingar til. At dei greidde å ha eit overblikk, sjå samanhengar, forstå årsaker og verknader. At dei evna å ha eit overordna perspektiv på viktig og uviktig, på kva som er strategisk og framtidsretta, på kva som er godt for folk.

No ser eg at eg tok feil. Fylket mitt har svikta meg. Dei sa at vi var viktige for dei, vi som bur her. Dei sa at heimflytting og framtid og trivsel var målet som vi saman skulle arbeide for. Men eigentleg er det pengane dei vil ha. No viser dei seg å vere som alle andre styresmakter. Vi betyr ingenting dersom vi kostar for mykje. Vi er berre ynskte i distrikta dersom vi ikkje krev for mykje, ikkje bed om det same som byane har. Då kan vi berre pitle oss i veg til tettbygde strok. Det kjem nok mange til å gjere no. 

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane har avsagt sin dom, rissa opp kartet over dei vidaregåande skulane for framtida i Framtidsfylket. Høgt heva over fakkeltog, appellar, lesarinnlegg og argumentasjon frå leg og lærd, ung og gamal, har han trekt sine konklusjonar. Han kjenner seg tvinga av realitetane, og Høyanger, Stryn, Jølster og Luster skal ofrast på økonomien og sentraliseringa sitt altar.

Fylket mitt har svikta kommunen min, Høyanger. Og det har svikta meg og alle mine blåøygde tankar om korleis verda er skrudd saman. Vi står ikkje saman om framtida i Framtidsfylket. Vi kan ikkje lenger trivast på same trygge måten i Trivselsfylket. For no veit vi at Annleislandet slett ikkje er annleis, men berre ein bleik, meir grisgrendt og folkefattig kopi av alle andre land og rike i denne vrangviljuge verda. Askeladden finst berre i eventyr, og det er fintfolket på slottet som rår. Det burde vi vel ha skjønt.

 

 

Stilla etter stormen

Det er 17. mai klokka 21.48. Våren kom i dag.
Her på terrassen er lufta som fløyel, og kveldsdisen har lagt eit slør over fjorden. På det grøne graset vaggar ein flokk med grågås, og måsar kryssar lågt og skrikande over hovudet på dei. Eit heilt orkester av sauebjøller kling i bakgrunnen, og frå fugleberget litt lenger ute kjem det uregelmessige kor frå våryre struper.

Her, på terrassen, er vi i stressreduksjonsmodus. Det har vore ein alternativ 17. mai, utan bunaden på. I staden bestemte vi oss for å nyte fedrelandet på grasrotnivå, bokstaveleg tala. Det var ein vakker dag i skogen, med kvitveis langs vegkanten, «en hvitstammet bjerk oppi lien», nysprotte lauv og grastustar som rett og slett voks opp framfor auga på oss.

Vi gjekk ein tur, rett og slett. Saman, åleine. Det er altfor lenge sidan sist. Vi tenkte rolege tankar, høyrde på fuglesongen, kjende den langsame tida risle som balsam inn i systemet. Vi steig opp på toppen så vi kunne skode utover Vadheimsfjorden, deretter gjekk vi ned att på støylskvia og grilla pølser og kokte kaffivatn på bål. Så tenkte vi litt på alle flagga som vaia i vind og alle våre landsmenn som feira dagen med korpsmusikk og talar. Det var ein rekreasjons-syttandemai, ei stille feiring av våren som endeleg kom.

Det har vore ein lang, kald vinter, og vi har jobba seigt og trutt. Vi har konkurrert mot ein hastig kalendar, og teke unna det ein delmålet etter det andre. Helgane har vore fylte med målretta arbeidsoppgåver, og vi har lagt under oss ei uhorveleg mengd detaljar.
Det toppar seg sist helg med det store målet for våren: Konfirmasjon og fest i heimen. To staute konfirmantar, stolte foreldre, fint vèr, god mat, fornøgde gjester. Ei god kjensle av stas og høgtid, og av å kunne gje dei unge ei spesiell merksemd for ein dag. Halde ein tale, få sagt dei nokre gode og oppbyggjande ord med på vegen. Synge songar, fotografere, fylle rituala med innhald. Det var den siste konfirmasjonen vår, og vi ville gjere det skikkeleg.

Og så var det ein milepæl fordi Huset, Oppussingsobjektet, Hjartebarnet det siste året, skulle takast i bruk for første gong. Slekta skulle få sjå resultatet av arbeidet vårt, den forvandlinga som har skjedd sidan vi stod der og sorterte, kasta og vaska for eit års tid sidan. Det har vore ein lang prosess, og vi har jobba hardt og mykje. Den siste innspurten vart sjølvsagt meir pressa enn godt var, innimellom lamming og vårvinne og dagleg drift. Det er alltid ein skog av detaljar på slutten, og dei siste dagane jobba vi samanhengande, det reimar og tøy heldt.

Innsatsen vart krona med glede, og vi var utslitne og fornøgde veka derpå. Så når 17. mai opprann, og den uendelege rekkja av isande vinterdagar og kaldt regn vart broten av uforståeleg milde vindar, var tida inne for å kapitulere. Det vart dagen for dei lange tankane, for å puste ut og sleppe skuldrane ned. Etter pølsene på bålet gjekk vi heim og fann fram rømmegraut og spekekjøt. Så senka kvelden seg på terrassen, der vi altså kunne sitje roleg og utan å fryse, og skode ut over gjæser, lam og måsar og ein blådisig fjord. Fagert er landet.

DSC00299[1]

DSC00304[1]

DSC00308[1]