Fylket mitt

Sogn og Fjordane har alltid vore fylket mitt. Det var aldri særleg tvil om at det var her vi skulle vere. Her var verdiane og tankesettet som vi identifiserte oss med; sunt bondevit, frisk natur, ærlege og skaplege folk og samfunn. Her var god plass, grøne bøar, fridom til å vere ujålete og avslappa. Annleislandet, med fokus på andre verdiar enn urbane kvalitetar.
Framtidsfylket, trivselsfylket.

Det er eit Veslebror-fylke, men det er heilt greitt. Vi er vane med å vere outsiderar. Vestlandet har mindre status enn Austlandet. Sogn og Fjordane har mindre status enn Hordaland. Omlandet har mindre status enn Førde. Vi er «grisgrendte strøk» og «distriktsnorge» i avisoppslag og nyheitssendingar, det har vi stort sett vent oss til. Vi har lege ante øvst eller nedst på alle statistikkar, alt etter kva det vart spurt etter; skilsmisser, alkoholforbruk, arbeidsløyse, folketal, kulturtilbod. Og vi har vendt det til noko godt og tolka det i beste meining: Vi har den vakre naturen, dei trygge oppvekstvilkåra, den gode livskvaliteten. Vi er det solide bygdefolket, dei trauste og trufaste innbyggjarane som har klart seg under karrige kår i uminnelege tider. Vi er Askeladden, som finn visdommen i ein skosole og eit bukkehorn, og tek innersvingen på dei fine folka på slottet.

Eg har trudd at vi spelte på lag, fylket mitt og eg. At vi stod saman om å vere minst, mest naive, mest naturbaserte, minst rusbelasta, mest grisgrendt. At vi gjekk inn i veslebror-rollen saman, og stod opp mot sentraliseringstrollet og bygdedyret og alle som ville oss vondt her på vestlandet. Eg har trudd at vi var eit fylke av velvillige sjeler som stod saman om å skape liv og vekst og livsvilkår i distrikta, som ville at folket skulle ta heile landet i bruk og skape verdiar der.

Eg trudde fylket mitt var styrt av kloke folk, oppfostra med det bondevitet og gangsynet som høyrer trauste vestlendingar til. At dei greidde å ha eit overblikk, sjå samanhengar, forstå årsaker og verknader. At dei evna å ha eit overordna perspektiv på viktig og uviktig, på kva som er strategisk og framtidsretta, på kva som er godt for folk.

No ser eg at eg tok feil. Fylket mitt har svikta meg. Dei sa at vi var viktige for dei, vi som bur her. Dei sa at heimflytting og framtid og trivsel var målet som vi saman skulle arbeide for. Men eigentleg er det pengane dei vil ha. No viser dei seg å vere som alle andre styresmakter. Vi betyr ingenting dersom vi kostar for mykje. Vi er berre ynskte i distrikta dersom vi ikkje krev for mykje, ikkje bed om det same som byane har. Då kan vi berre pitle oss i veg til tettbygde strok. Det kjem nok mange til å gjere no. 

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane har avsagt sin dom, rissa opp kartet over dei vidaregåande skulane for framtida i Framtidsfylket. Høgt heva over fakkeltog, appellar, lesarinnlegg og argumentasjon frå leg og lærd, ung og gamal, har han trekt sine konklusjonar. Han kjenner seg tvinga av realitetane, og Høyanger, Stryn, Jølster og Luster skal ofrast på økonomien og sentraliseringa sitt altar.

Fylket mitt har svikta kommunen min, Høyanger. Og det har svikta meg og alle mine blåøygde tankar om korleis verda er skrudd saman. Vi står ikkje saman om framtida i Framtidsfylket. Vi kan ikkje lenger trivast på same trygge måten i Trivselsfylket. For no veit vi at Annleislandet slett ikkje er annleis, men berre ein bleik, meir grisgrendt og folkefattig kopi av alle andre land og rike i denne vrangviljuge verda. Askeladden finst berre i eventyr, og det er fintfolket på slottet som rår. Det burde vi vel ha skjønt.

 

 

1 thought on “Fylket mitt

  1. Eit hjartesukk er dette Sonja …og med rette .Ja røyndommen vert noko anna ofte…. enn draumane.Stopp aldri å drøyme likevel :).For som han seier Rolf Losnegård i Fylkessongen:

    Det heiter Fylke,men det er eit land..der folk er få,kvar kvinne og kvar mann som bur i by og bygd her veit forlengst,kvar og ein må reknast med ,for alle trengst.
    Og ikkje minst omkvedet:
    Så lenge blodet bankar gjennom oss,for dette heimland tek vi tak… og sloss.

    For når» fintfolket» på slottet har frose lenge nok i si draumlause verd..finn vi alle ei felles verd av draumar …om ingen drep askeladden…eller for den sak Pippi i oss.
    Eg er sjøl ei lita Pippi Langstrømpe.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s