Målgang

«Oh, wonderful!» Situasjonen er nesten surrealistisk. Det står fire vaskeekte amerikanarar på tunet mitt. Dei skal bu i huset der vi så lenge har måla og innreia med dette som eit fjernt mål: At det skal komme turistar og bu der. No skjer det, og det går opp for oss at vi nesten ikkje har trudd at det verkeleg skulle bli realitet. Når vi viser dei rundt i etasjane, er dei godt nøgde, «how nice, and what a view!» Neste morgon møter vi dei på tunet og spør om dei har det bra: «Yes, thank you. Everything in the house is good.» O, glede! Det er som musikk i øyra våre, og vi kan senke skuldrane og ta til å forstå at vi er komne i mål.

Det var dobbel målgang på fredag. Oppussingsmaratonet vart avslutta, kapitlet som utleigevertar vart påbegynt. Før på dagen vart skuleåret 2012/2013 offisielt avslutta, med festlunsj og «God sommar!» til alle. Det har vore ein maraton, kvar for seg og ikkje minst saman, og vi stuper over målstreken, lukkelege og slitne. Skuleverda kjem vi snarleg attende til i eit eige innlegg, men her og no skal det handle om garden, vyene og vegen mot målet.

Den siste veka har det vore slik det alltid er i store innspurtar. Vi har teke eit steg til sida og tenkt: Kva er det eigentleg vi held på med? Medan sola har skine til fånyttes ute, har vi stått inne i ein kjellar og pussa på mørtel, sparkla, måla, skrudd og montert, vaska og gnidd. Timane har sprunge frå oss, slik dei plar gjere, og det har vore seine kveldar og tidlege morgonar. Detaljane såg ut til å ikkje ta nokon ende, det var stadig noko nytt som måtte fiksast, kjøpast, monterast, flikkast, vaskast.

Det er 15 månader sidan den dagen vi hadde utryddingsaksjon med innleigde hjelparar og ein 20 kubikk stor container på tunet, og tømde, kasta og sorterte alt som samlar seg i eit hus gjennom eit livs bruk. Det er knapt eit år sidan målaren kom og starta med å måle tak, og vi sjølv starta så smått med å måle dører og veggar. Sidan har vi gått vegen gjennom alle rom og ei uhorveleg mengde detaljar som ingen hadde fantasi til å sjå. Der det no er nytt bad var det ein mørk potetkjellar full av rot og spindelvev. Eit gradvis og møysommeleg hamskifte har skjedd under hendene våre, og vi har levd i ei arbeidsboble, ein tunnel som lenge såg ut til å ikkje ha nokon opning mot dagslyset.

Det er snart 26 år sidan vi kom hit til garden for første gong, med tilbod om å overta. Vi kunne ikkje motstå sjansen til å få ein slik arena for draumane våre, og kasta oss ut i det med ungdommeleg naivitet og mot. Vi skal ikkje gå i detaljar, men det har vore ein lang og kronglete veg. Arbeidsoppgåvene har vore uendelege, ressursane begrensa,  tankane har tumla og tvilen har av og til gnege. Har dette vore rett å satse livet på? Vil vi komme nokon veg, eller er det eit blindspor? Har det ei framtid, eller er det å snu ryggen til utviklinga? Klarer vi arbeidspresset, er det økonomisk forsvarleg, har det mål og meining for komande generasjonar? Er dette ein blivande stad og tilstand?

Men vi er her framleis, og i dag har vi nådd eit målsnøre. Det kjennest som om vi har hatt startnummer på brystet lenge, og energilageret har truga med å gå tomt. No er det tid for ei aldri så lita kvilestund på laurbæra, der tankane skal prøve å ta inn den nye, uverkelege tilstanden: Ferdig. Inntil vidare. I dag skal vi ta ein roleg fjelltur og tenkje litt på det.

DSC06573

1 thought on “Målgang

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s