Gras

DSC06733DSC06718

Vi har hesja. Det har regna. Mykje.
Gras og regn er ein dårleg kombinasjon. Det er dyvått og blautt, graset er tungt, og etter ei stund blir det vått gjennom regnbuksa og heilt ned i støvlane, og det er 12 hustrige vestlandssommargrader. Det er tungt på riva og på høygaffelen, og det blir vassblemmer i hendene og plaster og våte hanskar og elende. Og det er slike uhorvelege mengder med gras som berre står der og svaiar vått og tungt og liksom ropar anklagande mot oss at no må de sanneleg sjå til å bli ferdige.
Så vi hesjar, og kan ikkje anna.

DSC06707

Det er ein oppgjerets time for alt. Stunder då du vert stilt til rekneskap for dine val i livet.
Ingen skal sleppe unna med luftige vyar og lettvinte løysingar, og tru at noko går av seg sjølv. Livets logikk rullar innover deg med full tyngde. Har du valt å drive med dyrehald, må du ta følgjene. Dyr et gras. Skal du ha dyr, treng du gras. Sauer likar best høy, og då må graset tørkast. Er det ikkje sol, er det ikkje andre måtar å skaffe høy på enn å hesje. Det er bondelivets ufråvikelege samanhengar.

Sommaren er tida då bonden vert stilt ansvarleg for sine val. Den etterlengta sommaren, då alle skal ha fri og leve livet og slappe av og sitje på terrassen med ei bok og solkrem og kald drikke. Når vanlege folk reiser til Syden og sender sine flotte Facebook-oppdateringar frå basseng, solstolar og strender, då står du der bak ei hes med regnbukse på. Og du veit at oppgjerets time er komen og du må stå ansvarleg for dine lettsindige ynskje om sauer og grøne, velstelte enger og eit småbruk på landet.
Det er då det skal syne seg kva stoff du er laga av; om du er viljug til å stå løpet ut, eller om du fell av i sutring og sjølvmedlidande tankar.

Gras og sol, derimot, er bra. Å gå og svinse med riva i solvarme bakkar, lettkledd og med bris i håret, det er fint. Då kjenner du at graset luktar. Det luktar vestlandssommar og barndomsminne og ekte og godt. Og når hesa er tørr, og høyet skal takast ned og køyrast i hus, er det lett og fint på høygaffelen, og oftast skin sola og ungane hoppar i høyet, jobben er gjort og det er rein bonderomantisk fryd og gaman.

Fordelar med å hesje? Det er gratis trim inkludert, du får trent både styrke og smidigheit, armar og rygg. Og viljemuskelen. Og du får god tid til å tenkje. Det er langsam tid, stille og ro. Kroppen jobbar på enkel automatikk, og hjernen går på fri og syslar med sitt. Ein skal ikkje undervurdere den terapeutiske effekten av det. Du får tenkt over livet ditt ved ei hes. For eksempel grunnane til at du valde å bli småbrukarkone med sauehald.

DSC06734

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s