Berre ein hund

DSC_0125[1]Vi skal snart miste ein hund. Vi har stålsett oss lenge no. Sissi, 9 år gamal Border Collie, har fått kreftdiagnose og dødsdom, og om nokre få veker er det slutt. Vi ser at svulsten veks, og lurer på kor lenge vi kan vente. Eit hundeliv er så kort, og det kom brått på oss. Ho har liksom alltid vore der, og skulle alltid vere her. Ein blir så glad i ein hund, utan heilt å vite det sjølv. Kva er det som gjer det?

Ein hund er ei enkel sjel. Når han spring glad og logrande mot deg, veit du at han er ærleg og oppriktig lukkeleg. Han himlar ikkje med auga bak ryggen din eller møter deg med eit fleirtydig skuldertrekk. Han er ikkje fornærma fordi du ikkje kom før, eller sur fordi du snart skal gå igjen. Du slepp å lure på kva han tenkjer om deg, eller korleis du best skal opptre for å gjere han til lags. Du kan stole på at den logrande kroppen framfor deg rett og slett er veldig glad for at du er der, akkurat no. Du kan senke skuldrane og gle deg og han med litt enkel kos i pelsen og nokre fjasete, dustete, gode ord som han umogeleg kan oppfatte feil. Tenk om alle var så enkle å vere saman med!

Ein hund er så klok, så flink på kontakt. Han søkjer deg, les deg, vil vere saman med deg, alltid klar til å komme når du bed han. Når du oppdreg han og lærer han å kjenne, er han føreseieleg. Trykkjer du på dei rette knappane, gjer han som du vil.  Han er trufast, utan svikefulle tankar bak dei store auga. Han lurer aldri på om du er god nok, om han burde forlate deg og finne ein annan, om du eigentleg oppfyller dei ynskje og forventningar som han har. Han er rett og slett glad i deg, anten du har fortent det eller ikkje. Tek alltid imot deg med glede og vil vere saman med deg, sjølv når du ikkje ein gong har lyst til å vere saman med deg sjølv. Han er så merksam for signal, tolkar deg og prøvar å gjere deg til lags, legg seg i selen for å fylgje deg.

Verda hadde vore ein betre stad om vi var meir som hundar. Vi kunne ha senka skuldrane, spart oss all den energien vi brukar på å tolke gode eller vonde hensikter, sende ut rette ord og fakter, stille oss i posisjon som sosiale vesen i eit komplisert spel. I staden kunne vi berre leve, slik ein hund gjer. 
Alt dette har eg lært av Sissi. Før 2004 skjønte eg ikkje kva det var, dette snakket om «menneskets beste venn», «en hengiven kamerat», «hundeblikk» og alt dette som no har vorte sjølvsagt og openbert.

Så det er sorg i heimen, og for å bøte på smerta har vi skaffa oss ein ny hund før vi må misse den gamle. Ein ny, liten og energisk gjetarhund full av spillopper og barnefakter. SIko, snart 4 månader, vart henta på Løten i juli, og vann alle hjarte umiddelbart. Han tissar og drit, grev og bit, men blir elska til og med av tenåringar som slett ikkje strør om seg med kjærleik og velvilje i utide. Full av sjarm og ungdommeleg livsmot står han klar til å ta over oppgåva som livsvenn og sjelefrende for ei heil familie. 

DSC_0110[1]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s