Lærargjerninga

DSC_0207[1]«Lærerens omsorg reddet meg,»  sa Marius Sørensen-Sjømæling. Artikkelen handla om Marius og Audhild, læraren hans. Marius vaks opp som eit forsømt barn med ei rusavhengig mor. I bladet fortalde han om korleis han hadde det, og om korleis læraren vart ein redningsplanke for han. Gjennom små, enkle ting viste ho omsorg og gav han hjelp til å komme seg gjennom oppveksten. «Det betydde så utrolig mye for meg, det hun gjorde. Hun var livreddende i hverdagen min og forandra mitt syn på både meg selv og resten av verden,» seier Marius i dag.
Artikkelen gjorde inntrykk. Den gav kjensla av noko som fall på plass: Ja, dette er meiningsfylt, det er slik ein god lærar skal vere. Så viktig. Men så krevjande!

Etter sju år på ein kombinert barne- og ungdomsskule har eg fått stor respekt for lærarar, kanskje særleg kontaktlærarane på barnetrinnet. Desse trufaste sjelene som år etter år står på for born av alle slag, i alle slags kategoariar, med alle slags ressursar, behov, modningsnivå, diagnoser og heimar. Dei står i konflikter, forhandlar, set grenser, tek telefonar, skriv vurderingar og individuelle opplæringsplaner, står i skvis mellom elevar, foreldre, timeplanen, ressurssituasjonen, PPT, rektor og alle andre mogelege faktorar i skulekvardagen. Dei tek opp mobbesaker, lagar klassereglar, gjennomfører elevsamtaler, forhandlar, meglar, lyttar, prøver å forstå.  Dei lagar undervisningsopplegg ut frå kjennskapen dei har til kvar klasse og elev, og gjer sitt beste for å strekke til mellom ein liten skog av hender i vèret og matematikk- og lese- og skrivevanskar. År etter år. Ære vere dei tapre sjelene.

Vi er ein månad ut i skuleåret, og lærarkvardagen er travel for oss alle. Det går i eit bankande kjør, tidsrammene er konstant skvisa, og vi er heldige om vi rekk å tenkje nokre samanhengande tankar når vi er innom kontoret. Men får vi først sett oss ned, er det så mykje anna vi må gjere før vi kan tenkje på elevane og undervisningsopplegget. Vi skal svare på undersøkingar, fylle inn i skjema, levere rapportar. Men ingenting skal vere ei ekstra arbeidsbelastning, og alt skal vere «fort gjort». Dreg du den, så dreg du den, som ho sa, kjerringa i eventyret.

Det er for få lærarar, og verre skal det bli. Om nokre år skal det bli ein skrikande mangel, seier dei. Hos oss er mangelen fullt stor nok som det er, vi har ikkje hatt ein fulltallig stab på fleire skuleår. Det er for få søkjarar med utdanning. Men ny regjering skal vi få. Dei har store planer for oss. Vi skal få kompetanseheving, vi skal helst setje karakterar på barnetrinnet, vi treng meir etterutdanning, vi skal bli dyktigare og meir effektive.

I sommar var det ein artikkel som gjekk over Facebook til skrekk og åtvaring, om ein ung, nytilsett lærar som slutta etter to månader. Henriette Høilund-Kaupang opplevde skulekvardagen som uoverkommeleg, og tok konsekvensen av det. Den norske skulen har truleg mista eit ungt, engasjert menneske, og det er ikkje god reklame for læraryrket. http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.11089196

I 7. klasse bestemte eg meg for å aldri bli lærar. Ikkje før 40-årsmerket var bikka tok eg til å tenkje annleis, og då av reint praktiske grunnar. Når ein vel å busetje seg i grisgrendte strok, og attpåtil har sett seg til på eit gardsbruk som bind ein opp til eitt grisgrendt strok, må ein ta det som byr seg. Så det var ikkje akkurat edelmodige tankar om å gjere noko godt for dagens ungdom som var leietråden. Tvert imot tenkte eg lenge at eg kom til å bli ein nokså håplaus lærar, utan tolmod med obsternasige tenåringar. Eg hugsar godt kor gelèaktige beina var den augustdagen i 2006 då eg følgde trengselen av elevar inn i ein fullpakka aula på Høyanger skule, og skulle ta til å vere lærar. Tankane ropte i hovudet mitt: «Kva i all verden er det du har gitt deg ut på no?» Det hadde vore freistande å spole filmen tilbake og hoppe av, om ein kunne.

Det er framleis stunder av tvil. Ikkje på grunn av elevane. Dei kjem i alle kategoriar, men det går an å få eit samarbeid og ei utvikling med dei aller fleste. Det er systemet som gjer at det luggar i motivasjonssenteret og i flytkjensla. System som ikkje fremjar, men hindrar elevarbeidet og kontakten, sjansen til å nå inn og bety noko for nokon. Når vi skal gjennomføre ei av dei mange undersøkjingane, ståstadsanalysane, prosjekta og nybrottsarbeida som nokon i utdanningsdirektoratet i sin visdom har pålagt oss, får eg ofte bilde i hovudet frå eventyret «Keiserens nye klær». Det kan ikkje vere tilfeldig. Den same flaue kjensla som  når kongen ikkje skjønar at han er naken. Kjensla av å vere midt i eit skodespel, å verte narra trill rundt av nokon som påstår å ha funne opp noko revolusjonerande nytt.

Det er lett å gøyme seg bak fine modellar og system. Det verkar så profesjonelt og moderne. Ein får ei «fagleg tyngde», og kan stole på at alt er gjort etter boka, etter dei nyaste teoriane. Det trudde keisaren òg. Det krev mot å gjere som guten i gata – å stole på det han ser og veit om livet: «Han er jo naken, ser de det ikkje?» Det krev mot å berre stole på menneskekunnskapen, erfaringa, vissa om at menneske er menneske og treng meir til indre tryggleik enn til ytre system.

Det er kanskje her det har skore seg. Nokre skrivebordsskuleplanleggjarar kan ha komme i skade for å tenkje på elevar som maskiner, og gløymt at det handlar om menneske. Nokre som tenkjer på eleven som ein vandrande hjerne som kan programmerast: Installer programmet, trykk «Neste», til slutt «Lagre». Så skal ein ha test-program, der ein kan skanne kva som til ei kvar tid ligg på harddisken. Nasjonale prøvar – krysse av, finne formelen, score poeng.Høg, middels eller låg måloppnåing. 25 av 48 poeng, det er ikkje godt nok. Betre lukke neste gong. Vår skule, vårt fylke, vårt land skal ikkje behøve å skjemmast over resultata.
Så då er vel læraren ein installatør, då? Ein software-ansvarleg med oppgåve å trykkje på dei rette knappane, passe på at lagringa er vellukka, at ikkje disken er full eller at nettet er nede. Ikkje rart dei vil ha oss til å svare på testar om undervisningsmetodar, levere avvik i Kvalitetslosen, levere rapportar og vurderingar i eitt bankande kjør.

Draumen for ein skulebyråkrat måtte vere å kunne skru ut elevane sine hjernar, som batteriet i ein mobiltelefon, og setje dei på lading og nedlasting natta over. Enkelt og greitt, og ein kunne få utstyr og programvare på plass ein gong for alle. Ein slapp dillete lærarar som insisterte på å bruke tid på å snakke med elevar, å varme frosne sjeler, skape tillit, bygge relasjonar, løyse konflikter. Alt hadde vore så mykje enklare, om berre elevane og lærarane var slik som byråkratane ville ha dei. Berre fått jobben gjort, liksom, så kunne vi gått heim og levd livet etterpå.

Eg trur faktisk ikkje det er så mykje revolusjonerande nytt å finne opp i skulen. Dei tankane det er noko hald i, har vore tenkte for lenge sidan. Det handlar stort sett om det som mødre og lærarar alltid har visst: Å sjå eit menneske med eit kjærleg blikk og hjelpe det å vekse. Gamle, gode lærarar veit at bak ein kvar elevhjerne bankar eit hjarte. Der lever ein kropp, ofte med rastlause, usikre og utrygge tankar som kriblar i beina eller grev som ei klo i magen. Marius Sørensen-Sjømæling kan skrive under på det. «Det gjelder å finne den lille fliken som kan løfte dem,» sa læraren Audhild i intervjuet.
Vi treng fleire lærarar i Norge. Fleire Audhild’er som veit kva born treng og vil bruke eit yrkesliv på å gje dei det. Det må dei få lov til, utan å få si tid og yrkesglede gjennomhola av dokumentasjon og system som lever for systema sin del. Det må vere meiningsfylt å vere lærar, dersom fleire skal ville det. Elles sluttar dei, slik som Henriette.

I min enkle hjerne er det eit resonnement som verkar heilt logisk: Når læraren er så viktig, når det er så få av dei, så få kvalifiserte søkjarar, så store utfordringar, så skulle ein tru det var viktig å ta vare på dei lærarane ein allereie har? Tenkje over kva dei treng for å bli verande i jobben sin, for å vere trufaste og lojale mot yrket, elevane og arbeidsgjevaren. Nivået på lærarane er godt nok. På skulen er det så mange hjartevarme menneske som gjer ein heilhjarta innsats for andre sine born, for framtida sine borgarar. Men har lærarane det godt nok? Har dei tid nok til å vere oppriktig til stades i tanke og sinn?  Har dei lågt nok stressnivå til å la sitt bankande hjarte nå gjennom til elevane? Har dei krefter nok til å sjå den vesle guten som har det tungt heime og tungt i hjartet og vondt i magen, og slett ikkje konsentrasjon nok til å lagre noko i hjernen?

Mennesket lever ikkje av kunnskap åleine, men av kreativitet, fantasi, kjensler, omsorg, meining, kontakt og relasjonar. Det er når det boblar og lever inni deg, at du lærer og utviklar deg, du har vel kjent det? Vegen til den gode skulen går berre ein veg: Tilbake til den gode læraren som får tid og handlingsrom til å vere lærar. Som får bruke tida si på å vere eit heilt og varmt menneske i møte med unge menneske. Og har heilt klart for seg skilnaden på menneske og maskiner, på leiingsmodellar og lærarhandverk, på testing og tryggleik.

2 thoughts on “Lærargjerninga

  1. Du skriv så fantastisk godt Sonja, nesten så eg blir misunneleg. Det er akkurat slik vi opplever kvardagen, Skulle så gjerne kunne gjort endå meir, sjølv om eg trur vi har bedre forhold enn i grunnskulen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s