Aliens?

I følgjetongen «Korleis overleve med tenåringar?» er vi i dag komne til kapitlet Alternative forklaringsmodellar.  Vi som har tenåringar rundt oss både heime og ute, kvar dag, får mange sjansar til å fundere på saka. Generasjonskløfta er eit gamalt og velkjent fenomen, likevel grip vi oss av og til i fundere: Kvar kjem logikken deira frå? Er dei eigentleg av same stoff som vi? Er det den same verda vi lever i? Snakkar vi same språk? Er det dei same livslovene som gjeld?

Kreativ aktivitet kan løfte oss over kvardagens gnag og lette trykket på ventilane, så la oss no – for eigenterapien si skuld – setje fram ei ny hypotese:
Tenåringar er eigentleg heimehøyrande på ein annan planet.
Dei er ikkje skapte som oss, dei har ei anna støyping, eit anna opphav.
Kanskje har dei blitt plasserte hos oss som små, slik Harry Potter vart frakta hemmeleg inn frå trollmannsverda på ein flygande motorsykkel og plassert på trappa til den uforståande menneskefamilien sin.
Som gaukungar avslører dei først sitt sanne vesen når dei vert store nok. Då trengjer impulsane frå deira andre opphav gjennom fernissen av oppdraging og tillærte sosiale normer, og det viser seg at vårt oppdragingsstrev støyter mot tunge motkrefter og prellar av som vatn på gåsa. 

Dette må vere ein planet med heilt andre tankesett og livslover enn våre. Det ser beint fram ut til å vere eit slags bakvendtland, der det stikk motsette gjeld av det vi er opplærde til å tru. Nokre av lovene må vere omtrent slik:

  • Lær ikkje av erfaring. Teori og praksis skal ikkje samsvare.
    Har du til dømes ein mistanke om at det er samanheng mellom leggetider, søvn og fungeringsnivå, så skit i det! Logiske samanhengar finst ikkje.
    La deg ikkje påverke av folk som vil innbille deg at det er fordelar av å halde orden eller følgje daglege system.
  • Andre skal gjere mot deg som du vil, men du kan gjere mot dei som du vil. Du har rett på god behandling og full tilgang til velfylte kjøleskåp, klesskåp og lommebøker til ei kvar tid, og ingen kan krevje at du gjer noko i byte.
  • Det er ikkje same reglar for alle.
    Du trur på systematisk forskjellbehandling og utbreidd bruk av privilegium. Selektiv sosial fungering er heilt grunnleggande. Ver blid og sosialt intelligent med dei kule (dei det er viktig å halde seg inne med) og sur mot dei uviktige (dei som elskar deg uansett).
  • Det er ingen samanheng mellom kva du gjer og korleis andre reagerer mot deg. Dersom nokon for eksempel blir irriterte for noko du har gjort – eller ikkje har gjort – har det ingenting med deg å gjere, og all kritikk er totalt urimeleg og uforståeleg. Be gjerne om bråk. Du er uansett friteken for alt ansvar for følgjene, og har all rett til å stille deg totalt uforståande i etterkant.
  • Korleis andre har det, har ingenting med deg å gjere.
    Du treng ikkje ta omsyn til  andre whatsoever, om det gjeld lydnivå, TV-kanalar, bruken av rom og territorium, forbruket av mat eller goder. Dette gjeld uavhengig av avtaler, eigarforhold eller andre ytre omstende.
  • Omsorg er for pysar
    – Korleis har du det?
    – Har det betre viss du ikkje bryr deg.
    (NB! Gjeld ikkje i krisesituasjonar.)ImageDessutan har dei eit eige språk, med skjulte meiningar. Døme:
  • No shit!  Betyr: Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie, men vil berre ha sagt at eg er imot.
  • Kem bryr seg? Eller: Kunne ikkje brydd meg mindre!
    Betyr: Eg bryr meg eigentleg, men vil ikkje vise det for deg.
  • Gå vekk! Eg vil ikkje snakke med deg.
    Betyr: Kom igjen (på flekken!) når eg vil snakke med deg om noko eg er oppteken av.
  • Eg veeeeet det! Trur du eg er heilt dum, eller?
    Betyr: Eg veit alt i teorien, men gidd ikkje å gjere det i praksis.

Alle Tenåringsriket sine lover kan oppsummerast i dette eine, grunnleggande dogmet: Alt er mor sin feil. (Og for så vidt far, men han er av ein eller annan merkeleg grunn ofte ute av bildet.) Resonnementet har sin eigen, soleklare logikk:
1) Mor har født meg. Det er hennar genar. Er ho misnøgd, har ho berre seg sjølv å takke. Eg berre ER slik, sorry!
2) Mor har oppdrege meg. Er ho ikkje nøgd med resultatet, har ho seg sjølv å takke. Du skulle ha gjort ein betre jobb, sorry!

Elles må mor merke seg dette:
– Alt som blir sagt mindre enn to gonger, kan ein ikkje forvente at eg oppfattar.
– Alt som blir sagt meir enn ein gong, er masing.
– Dersom eg ikkje står opp, har du ikkje vekt meg grundig nok, og det er ikkje min feil at eg ikkje har høyrt noko.
– Dersom du vekker meg på bråkete, ubehagelege, utolmodige måtar, er det ekkelt for meg, og eg har full rett til å bli sint og kjefte.
– Dersom eg har ete opp all påleggsskinka eller drukke opp all safta, er det din feil at du ikkje har kjøpt meir.

Og ein tek uvilkårleg til å lure: Kva har vi gjort feil? Er vi for gamle, lever vi i ei anna tid, med forelda forestillingar om rett og godt? Har vi slurva i grunnarbeidet og oversett viktige ting undervegs? Eller er det tolmod som gjeld? 
Er det berre slik at empati er den evna som vert utvikla sist? Eller at egoismen er den arvesynda som heng i lengst? Skal vi berre sitje stille i båten, ause av tolmod og kjærleik og vente på at det går over?

Men dersom det verkeleg er aliens vi har med å gjere, infiltratørar frå ei anna verd, kan vi vel heller ikkje risikere at dei tek overhand på oss? Kva skal vi så gjere?
Eitt er klart: Omfattande behandling er nødvendig. Og her må velferdsstaten ha forsømt seg. Her burde det ha vore statlege ordningar og system. Foreldrekurs, kvalitetssikring av atferda, helst sertifisering før dei vart sleppte ut i det demokratiske samfunnet. Her kan ein ikkje forvente at foreldre skal ha nok medfødd kompetanse, så her burde helsestasjonane ha ei lovpålagd oppgåve.

På dagen 15 år etter fødselen burde foreldra ha vore kalla inn til etterkontroll på helsestasjonen, til masemeistringskurs, informasjon og opplæring.Her ville dei truleg få sjokkmeldinga: De må starte heilt på nytt. No, når de trudde at de hadde gjort grøvste oppdragarjobben og var på veg til å sleppe fuglen fri, må de spole tilbake til start. Det som de jobba så hardt med på treårs-stadiet må no ha ein heilt ny runde: Grunnprinsippa for dialog, empati og samhandling: Skal du få, må du også gje. Det du vil at andre skal gjere mot deg, må du gjere mot dei. Det gjeld same reglar for alle. Det du gjer, slår tilbake på deg sjølv.

Så er det berre å jobbe på. Skilnaden er at treåringen såg på mamma og pappa som sjefar og heltar i livet sitt, og visste at utan dei var han fucked. Femtenåringen veit alt, kan alt og har skjønt alt, og han ser at mamma og pappa er gamle, kjedelege og fucked.
Så lukke til, du òg!

Image

Etterord:
Ja, sjølvsagt er det overdrive og sett på spissen. Sjølvsagt er det mykje godt i ungdomen, og det er mange gode stunder av samhandling og harmoni. Nei, vi reknar oss ikkje som ei dysfunksjonell familie utover det som er normalt i tenåra. Og det skal visst vere sunt og nødvendig med trass og opprør, og sikre at ein får lausrive seg og komme i gang med eit sunt vaksenliv. Så då er vel alt i orden?

1 thought on “Aliens?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s