Når nokon tek tak

Av og til skjønar eg kvifor eg er lærar. Når brikkene fell på plass, kabalen går opp, og det dannar seg tydelege mønster av meining og samanheng. Når alle spørsmåla i hovudet for ei stund stoggar å kverne, dei som spør kvifor og korleis og kor lenge.

Torsdag var ein slik dag. Åtte jenter i 8. klasse tok tak, og det var det som skapte stjernestunda. Åtte jenter som hadde øvd i fire månader utan heilt å sjå det store bildet, som hadde høyrt alle formaningane om å pugge og lære replikkar utan heilt å gidde, som hadde visst at dei skulle ha ei framføring 16. januar utan heilt å vite kva det innebar.
Klokka fem på seks torsdag kveld stod dei bak scena og kvidde seg inderleg til å gå ut i rampelyset. Sommarfuglane i magen hadde vakse til digre, ekle slangar som snodde seg rundt der nede og skapte motvilje: Eg vil ikkje dette!

Klokka sju stod dei på scenekanten og tok imot ståande applaus, og alt hadde falle på plass. Replikkane sat, kroppane talte eit språk som vart forstått, bodskapen som dei hadde villa formidle nådde fram til sjelene i salen. Stykket, som dei i september hadde kome med vage idèar om, hadde forma seg til eit samanhengande heile, meininga vart klar og tydeleg både for dei sjølve og publikum.

Men først måtte dei ta tak. Det skjedde dei siste timane før publikum kom. Endeleg skjedde det: Øving på eige initiativ. Dei visste kvar dei svake punkta var, og sette i gang med å styrke dei, utan å bli dirigerte. Replikkar vart pugga til dei sat – endeleg! Dei unge medhjelparane som styrte lyd, lys og digitale effektar la seg i selen, og alt det som hadde hange i lause lufta landa og kom på plass. Alle drog brått i same retning, fjas og fnising og løpske mobiltelefonar var endeleg lagt vekk.

Som lærar hadde eg gledd meg mest til å bli ferdig. Til å få legge av den store sekken av ansvar for å få prosjektet i hamn. Børa av tvil på om det kunne lande, om det kunne bli bra nok. Om jentene skulle få den gode kjensla av meistring, om foreldra skulle få den gode gleda av å oppleve borna si meistring. Om alle detaljane kunne komme på plass, om brikkene verkeleg kunne falle saman. Om alle instruksane om å formidle innhaldet gjennom kropp og stemme kunne komme til å bere frukter. Om stykket som vi hadde jobba fram kunne bli til noko i publikum sine auge. Eg hadde blitt nærsynt på heile prosjektet, mista heilskapen i kampen mot tidsnauda og praktiske detaljar som måtte fiksast og skaffast til veie; rekvisittar, møblar på scena, musikkinstrument, billedserie, musikkfiler, lydanlegg, plakat, programhefte, vekslepengar….

Kanskje er det alltid slik å vere lærar, ei ørkenvandring før gjennombrotet kjem. Venting på øyeblikket då det skal løsne, slå gjennom, openberre seg frukter av nedlagt arbeid. Og dette er den vakre belønninga: Augneblinken då blomen opnar seg framfor augo dine. Knoppen som du aldri trudde skulle falde seg ut, same kor mykje lys og vatn du prøvde å gje, overraskar deg med kor vakker han er.

«Ja, ja,» vil kritikarane innvende, «mange fine ord, men kva har dei lært, kva skal alt styret vere godt for?» Jau, reint fagleg har dei lært mykje om å formidle ein bodskap, om verkemiddelbruk, om oppbygging av handling og konflikter i eit drama, langt meir enn det som står i norskboka. Dei har lært om alle delane som skal til for å skape ei framsyning, om samarbeid og prosessarbeid i gruppe,om kreativitet og idèmyldring i praksis, om vegen frå idè til ferdig produkt. Og om verdien av øving, uthald  og kjedeleg repetering for å nå eit mål.

Men viktigast: Dei har lært om seg sjølv at dei kan gjennomføre, at dei kan tore og få det til, at dei kan overvinne slangen i magen, ta ansvar for sin rolle og bidra til fellesskapet. La oss tippe at dei har bygd nye steinar til sjølvtillita si. Og i alle fall har dei lært om nødvendigheita av å ta tak.

I BT-magasinet i går stod det ein liten populærvitskapleg artikkel med tittelen «Styrk din indre motivasjon» av Trond Haukedal. Vi siterer:
«Indre motivasjon henger nøye sammen med egenverdi og selvfølelse. Mennesker som føler seg verdifulle og elsket, trenger du ikke be om å gjøre sitt beste. Opplevd og følt egenverdi skaper en sterk indre motivasjon: Fordi jeg er verdifull og et godt menneske, ønsker jeg å gjøre mitt beste. Og når jeg gjør mitt beste som en naturlig konsekvens av den  jeg er, gjør jeg dette først og fremst for å bekrefte den jeg er. (…) Skal vi nå våre mål, realisere våre ambisjoner og lykkes på livets aktuelle arenaer, blir således den indre motivasjonen vårt viktigste våpen. Derfor må foreldre, lærere, ledere og trenere være rollemodeller og gode på å tilrettelegge for indre motivasjon.»

Debatten går høgt om kva skulen skal vere, men dei fleste er samde i at indre motivasjon er nøkkelen til framgang – og ofte mangelvare. La oss her gje eit poeng til Kristin Halvorsen for gjeninnføringa av valfaga, som opnar nye arenaer for å oppleve meistring. For ein ting kan vi vere samde om at vi ynskjer oss meir av: Situasjonar som tek tak i elevane, slik at dei tek tak. 

2 thoughts on “Når nokon tek tak

  1. Vi som var så heldige at vi tok oss tid til å få med oss avslutninga på det arbeidet som du Sonja, saman med jentene har lagt ned i valfaget sal og scene fekk ei flott oppleveing. Ikkje berre var det ei flott framsyning, men tema i det som vart synt var så absolutt aktuelet. Trur nok at jentene gjennom arbeidet har lært mykje og om å vere medmenneske, og håper at det og gav tilskodarane og noko og tenke på. Sjølv er eg stolt over å få vere lærar til den flotte ungdomen vi har, og ikkje minst jobbe saman med ein kollega som deg Sonja. Det er enormt kva du legg i av deg sjølv, og all honør er så fortjent.
    Ann-Mari

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s