Rom for gleder

Korleis går det med gardsutviklinga? Jau, vi er i innspurten til å bli turistvertar på ordentleg, og jobbar med dei siste tinga som må i boks før tyskarane kjem i mai. På nettsida til utleigebyrået InterChalet har bestillingane rulla pent inn i løpet av hausten, og vi har
pr. 1. februar bestillingar for til saman 27 veker på dei to utleigeobjekta våre.
Hos InterChalet vert dei presenterte slik for den tyske marknaden:
http://www.interchalet.com/detail.cfm?object_code=FJS281&bquick=true
http://www.interchalet.com/detail.cfm?object_code=FJS282&bquick=true

Denne hausten har vi brukt til å pusse opp det siste rommet i det gamle våningshuset. «Bestestova» var sett igjen i førre runde, og har fått eit nytt ansikt denne hausten.

DSC_0291

 Veggar er målte og parkett er lagt, og midt i det gammal-nye står nokre gamle, ærverdige møblar; ein «høgsetebenk» og tilhøyrane stolar med forseggjorde utskjeringar og vovne seteputer, eit gamalt orgel som vi håpar ein gong å få brukbar lyd i. Mesteparten av dei gamle bøkene som fantest i huset (og det var ikkje reint få!) er samla i ei stor bokhylle på den eine veggen. Nye bord og stabelbare stolar er kjøpt inn, saman med ein instrumentpark som kan brukast til ymse musikalske hendingar. 

DSC_0268

Dette er ikkje eit rom som turistane skal bruke, i utleigesesongen skal denne stova vere stengd. Men det er eit rom som opnar nye mogelegheiter resten av året. No har vi tre stover på rad, som kan opnast og fungere som eitt lokale. Der kan det dekkast til 30 personar, og vi håpar det kan brukast til små selskap og arrangement.

DSC_0311

Vi håpar at det kan bli eit rom for gleder, for overskot, for selskap og glade menneske. Vi ynskjer å fylle stovene med folk, med latter og prat og musikk. Vi håpar det er nokon som vil bruke dei. Kanskje kan dei fyllast av menneske som har noko å feire, eller ynskjer å treffast. Nokon som vil ha ein bursdag, eit kollegatreff, ein barnedåp? 

I sperrestova på Klævoldsneset har vi også fått eit rom som kan innby til koselege kveldar og gode samvær for 10-15 personar. Sjå fleire bilete på sida «Sperrestova» her på bloggen eller på http://www.facebook.com/Klevold.


 Eit rom ber i seg så mange mogelegheiter. Det står der med ei taus forventning om kva det kan fyllast med. Vegen vidare blir spennande, og vil vise om det er rom som kan skape gleder for fleire. 

1 thought on “Rom for gleder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s