Jobb: Å bry seg

«God morgon, dette er Høyanger skule. Gjeld det skulemjølk, tast 1, gjeld det administrative oppgåver, tast 2. Ynskjer du å snakke med ein lærar, tast 3. Gjeld det barnetrinnet, tast 1, gjeld det mellomtrinnet, tast 2, gjeld det ungdomstrinnet, tast 3. Tast inn klassetrinn. Beklager, din lærar er oppteken med undervisning, ver venleg å vent (pausemusikk)..din lærar er framleis oppteken, du er no nummer 7 i køen (pausemusikk)…»

Dei to sønene mine på ungdomsskulen har kvar sin flotte, engasjerte kontaktlærar, og eg veit at dei bryr seg. Er det noko, er det berre å ta kontakt. På onsdag ettermiddag sende eg melding til ei av dei. Klokka var rundt 17, eg var nettopp komen heim og hadde fått snakka med sonen. Det var noko eg trengde å formidle til læraren før neste dag. Nokre få SMS-ar gjekk fram og tilbake, eg fekk forklart situasjonen og vi avtalte at ho skulle snakke med han dagen etter. For meg som mor betyr det så mykje å vite at ho veit og tek tak i saka. For han som elev betyr det så mykje å vite at ho veit, og at han blir møtt av interesse og vilje til å nøste.

Det er 26 elevar i klassen hans. Tjueseks unge sjeler som treng så mykje i tillegg til kunnskap og undervisning i fag. Omsorg, oppdraging, grensesetjing, samtalepartnarar, nokon som veit og grip inn. Det er alltid noko. Tankelause og vondsinna kommentarar går gjennom lufta, leksene tårnar seg opp, det er vondt i magen og i hovudet, og det kan vere så mange slags grunnar. Det er konflikter og kompleks og kviser og motløyse og mens-smerter og psykiske vanskar og mobbing og eit flokete klassemiljø. Lurer på kor mange meldingar og telefonar ho får på ettermiddag og kveld i løpet av ei veke?

På heile skulen, 1.-10. klasse, er det ca. 380 elevar. Alle foreldra treng på eit eller anna tidspunkt å gje beskjedar, melde om vondtar og bekymringar, lekser og uheldige episodar. Når vi kjem dithen at alt dette skal inn mellom klokka 8 og 16, burde ingen bli overraska dersom administrasjonen må ty til automatiske telefonsvarar og tastetyranni for å handtere trykket. Men kjem alle behova då til å få sitt svar?

Meldinga frå KS til lærarane er: I framtida skal du ikkje bry deg etter klokka fire. Det er det du får betalt for. Du skal heller ikkje bry deg utan betaling, det er uprofesjonelt og undergrev systemet. Og blir du utsliten då, er det i alle fall din eigen feil! Stakkars kontaktlærarar då, og stakkars foreldre og elevar.

Sjølv er eg norsklærar i 8. klasse og musikklærar for 8.-10. klasse. Denne helga sit eg med ein liten bunke rettskrivingstekstar som skal rettast. I går, før eg gjekk heim, las eg gjennom den siste rapporten som personalet er pålagde å lese, nokre titals sider om at mengda spesialundervisning er for høg, og absolutt må ned. Vi har meir å gå på, får vi vite. Rett nok er ressursane minka dei siste åra og det er ein del forståelege grunnar til at det er slik, men vi har likevel meir å gå på. Vi må gjere ein betre jobb før vi sender elevar til utgreiing for spesialundervisning. Systema må bli betre, vi må bli meir utviklingsretta og gjere meir kartleggings-og utgreiingsarbeid før vi kontaktar PPT.

Så no sit eg her og skal prøve å gje kvar elev individuell hjelp til å komme vidare med skrivinga si. Nokre må øve på dobbel konsonant og stor eller liten bokstav, nokre må lære å bøye nynorske verb og dei flinkaste kan gå vidare til å øve på kommareglar. Nokon treng heilt klart spesialundervisning og eit heilt eige opplegg, men verken eleven eller heimen er motivert for det, så kva gjer vi?

Eg må bry meg, eg må tenkje, eg må vere så strategisk og lur som eg berre kan. Og eg må ha overskot til å engasjere meg. Eg må gjere det i helga. Det er heilt umogeleg å samle tankane i fritimar på skulen, der dei tre andre lærarane på kontoret diskuterer konflikter i 4. klasse, nokre kjempar med papirstopp i kopimaskina på andre sida av gangen og det er ti minutt til neste time startar. Difor må eg gjere det heime, når eg har tid og rom. Når hovudet blir fullt, må eg kanskje gå ut og gjere noko praktisk medan eg tenkjer vidare.

Eg bryr meg om musikkundervisninga òg. Kanskje for mykje, vil nokre meine. Kan det vere nødvendig å lage så mykje styr, å gjere det så vanskeleg? Kvifor all denne støyen med instrumenta?  Ville det ikkje vere enklare å spele nokre lydeksempel på sjangrar og artistar på plater og youtube, og lese stoffet i boka?
Nei, fordi det er eit hjartefag, eit opplevings- og meistringsfag. Eg vil at elevane skal få spele på instrument, å oppleve musikalske samspel, ikkje berre høyre om det. Det er ei oppleving som skaper så mykje: meistring, forståing, samarbeidsevner, sjølvdisiplin, opplevinga av å vere del av eit skapande fellesskap, å få til noko flott i lag. Å kjenne rytmen i kroppen, sanggleda i magen, å kjenne at dei musikalske brikkene grip inn i kvarandre, som logikken i ei matteoppgåve.
Etter den årlege konserten i 10. klasse er det ingen som spør om det har noko for seg. Men vegen fram dit er lang og masete, mykje engasjement vert lagt ned gjennom dei tre åra vi brukar på å nå målet med kvar klasse, kvar elev. Det krev tolmod, uthald og robuste øyregangar.

Denne veka brukte eg forresten ein fritime til ein samtale om musikktimane med ein lite samarbeidsviljug kar i 9. klasse. Det tok noko tid, for det er ikkje berre å legge vilkåra på bordet og setje kniven på strupen. Vi må byggje relasjonar, skal vi komme nokon veg. Det seier dei på kursa vi er pålagde, og det er slikt som vi veit. Så ein må lytte og komme i møte: Korleis er det for deg? Kvifor er det blitt slik? Er det noko du likar eller meistrar, som vi kan gjere meir av? Kva burde vi gjere annleis? Kva foreslår du? Kva avtale kan vi gjere? Han valde å samarbeide, og i neste time gjekk det fint.

Dei vil ha lærarar som bryr seg, for læraren er det viktigaste elementet for eleven si læring. Engasjerte lærarar, som kan skape meistring og motivasjon.
Ja, vi vil bry oss, eg vil bry meg. Det er heile poenget med å vere lærar. Eg vil sjå unge menneske lære, meistre og utvikle seg, bygge opp sjølvtillit og ei oppleving av å bli sett og verdsett. Det vil kollegaene mine òg, det veit eg. Elles blir det uinteressant, og då ville det vore mykje lettare å gjere noko heilt anna.

Difor er eg redd det ikkje er rom for oss i den framtidige skulen, dersom det går den vegen det teiknar. Og difor er det fleire av oss som vurderer å gjere noko anna i staden.
Dei styrande må bestemme seg: Kva slags verdisett og menneskesyn skal skulen byggjast på? Vil dei ha «drøymelærarar», engasjement, meistring, motivasjon, relasjonsbygging mellom lærar og elev, klassemiljøutvikling, tilpassa opplæring, levande menneske som bryr seg? Eller vil dei ha supereffektive, distanserte undervisningsmedarbeidarar som slår av telefonen klokka fire? Som overlet til sentralbordet å ta imot telefonstormen neste morgon klokka åtte?

Det får halde. Alt det andre som eg gjerne ville ha sagt kan du lese i kronikken til Kristoffer Robin F. Kirkhus i Bergens Tidende i dag, lørdag 8. februar (bilde).  No må stilbunken prioriterast. God helg!

DSC_0315[1]

4 thoughts on “Jobb: Å bry seg

  1. Tilbakeping: Meningers mot! | laererlarsen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s