I smørjebua

Det er OL, og eitt har vi lært: Betydninga av god glid og godt feste. Kor avgjerande viktige dei er, mannskapet i smørjebua. Sprengtrente, fyrige idrettsutøvarar får sitt livs sjanse øydelagd av dårlege ski. Musklane jobbar, augo vil ha, men skia vil ikkje ta. Og jubelen når alt klaffar, når idrettsheltane har nådd mål på medaljeplass med perfekte ski, og heile støtteapparatet omfamnar kvarandre i felles sigersrus.

Ofte kan ein kjenne seg igjen i personellet i smørjebua, i det å ha som oppgåve å jobbe for festesmurning og gli for dei andre på laget. Vi her på neset har vårt eige vesle meisterskap gåande, der utøvarane er avhengige av god tilrettelegging. Målstreken skal passerast første mai, når turistsesongen opnar og dommen fell. Fram til då står arbeidsoppgåvene i kø, og det er berre å stålsetje seg. Det skal gravast, ryddast, fiksast og ferdigstillast på fleirfoldige kantar samstundes: Parkeringsplass, kai, vatn og straum til sløyebenk i naustet, uteområde ved hytta på Klævoldsneset. Det er gravemaskiner og entreprenørar og telefonar og tidsskjema som bør haldast. Det må gli, og det kan ikkje vere for mange glipptak. 

Mannen i huset er tidlegare langrennsløpar, og den rikhaldige premiesamlinga frå lags- og krinsnivå står nedpakka i kassar på loftet. Han har kjent dei mange treningsøktene og dei harde løpa på kroppen, og har innleving og medkjensle med heltane i Sotsji. No er han inne i sitt livs femmil, som småbrukutviklar i distriktsnorge. Iherdig arbeider han tidleg og seint, med ein idrettsmann si psyke og uthald; alt anna vert sett til side for å nå målet.
Utøvaren er godt trent, men slit med ein meniskskade, og det kjem til å bli «en thriller der ute i løypa», og eit spørsmål om han kjem seg til mål i tide.Det er ingen tvil: Han treng godt personell i smørjebua. Han er ute i løypa og ofrar svette og krefter, kva anna kan vi andre gjere enn å gjere tilretteleggingsjobben så godt som råd?

Vi har eit juniorlag også, på standardøvinga «Den lange vegen mot det vaksne livet», med fellesstart og hyppige skibyte. Dei strevar seg fram på livets veg, i jungelen av forventningar, krav og mål. Lekser, prøvar og innleveringar, alltid noko som heng over nakken. Alltid ei vurdering som kjem, ein karakter som skal sankast. Dei blir vegde og målte på kvalitet og prestasjon. Utsjånad, kvisebekjemping, kle, hårvoks, rett type treningsskjorte i gymtimen. Kameratskap, plass i flokken, kampen om å vere med, forventningar om å stille opp for kompisar, vere imøtekommande og blid, vere i rett spor, halde god glid. Det krev sin mann. No jobbar juniorlaget mot grunnskuleeksamen og inntak til vidaregåande, med håp om å bli tekne ut på laget for neste sesong.

Det er ei uendeleg rekkje av oppgåver i smørjebua, og det tek aldri slutt.
Første bod er å fjerne gamal smurning. Det veit alle som har hatt ski på beina, at klister frå i fjor er drepen. Så vi fjernar alle spor av gamle aktivitetar; haugen av brukte handkle, flekkete dongeribukser, brukte truser. Den vesle haugen av jord som samlar seg på vaskerommet kvar gong bonden kjem inn med mold på støvlane. Matrestane, støvdottane, smulane.

Kva skal vi så smørje med? Kva er livets beste glidemiddel, kva farge skal Swix’en ha for maksimal framdrift og feste? Tolmod og kjærleik er velkjende oppskrifter, gjerne i meir konkret form: Reine kle på rett plass til rett tid, fyr i omnen, mat på bordet. System og orden, sokkar i sokkekorga, kontroll over kleshaugane, kvitost og mjølk i kjøleskåpet, pengar på busskortet, kontantar i skuffa. Trøst og oppmuntring når det buttar, når motløysa melder seg, når RLE-prøven gjekk dårleg, traktoren manglar straum på batteriet eller gravemaskina har streika.

Det må vere tungt å vere i smørjebua når det går trått. Når kritikken haglar, måla er utanfor synsfeltet og det kan sjå ut som om ein ikkje kjem av flekken. Dei virrar rundt i blinde på leit etter årsaker og løysingar; temperatur, snøkvalitet, blindeføre, klabbeføre, det er eit einaste virvar av misnøye og elende. Smørjarane i store skimeisterskap høyrer vi berre om når det går dårleg. Alle dei gongane Bjørgen, Northug og Bjørndalen har innkassert medaljar til nasjonale sigersrop, har vi aldri høyrt kommentatorane brøle «FOR en innsats som er blitt lagt ned med de skiene!» Vi får aldri rørande heime-i-stova-framfor-innspurten-på-TV-reportasjar frå snøenkene til dei tapre uthaldande mennene i smørjebussen. Får dei noko diplom til å henge på veggen for alle medaljar dei har vore delaktige i? Sjølvsagt ikkje, dumt spørsmål. Deira løn er gleda over å ha gjort ein god jobb, over at utøvarane lukkast – og at dei slepp å få kjeft.

Det ligg ein eim av oppofring over smørjarane. Den same, litt innestengde lukta av frustrasjon som generasjonar av husmødre har latt sive ut over familiane sine: «Akk ja, kor eg har ofra meg for mann og born, må dei no ein gong forstå det..» Det er absolutt utrendy å vere i smørjebua for mann og born i vår tid. Anten skal dei kjedelege, nødvendige jobbane i heimen minimaliserast til det ugjenkjennelege, setjast bort til billeg arbeidskraft, eller så skal dei i det minste delast likt.

Hender det at det blir streik mellom smørjarane? At dei blir så leie at dei legg ned arbeidet der inne i voks-dampen, slengjer døra opp og spring ut? Når det hopar seg opp, og ingen takkar, når kritikken strøymer inn og dei får skulda for all slags fiasko. Når dei bortskjemde utøvarane fer stygt med skia, går på grus eller gras, slit vekk voksen i første sving, leverer inn skia for ny smørjerunde med det same du hadde levert dei frå deg? Når dei skuldar på deg for alt som er gale, når dei er kravstore og forlangar service utover det du kan levere? Er det greitt å tenkje: No er det på tide at dei får prøve å smørje sjølv, og sjå kor lett det er?

Det kokar av og til i støtteapparatet her, og servicefunksjonane vert tøygde til det ytterste.
Når det vert forbrukt ei ufatteleg mengde boxerar og handkle pr. døgn, når brukte koppar og fat, matrestar og halvfulle mjølkekartongar hopar seg opp i ein svinesti i andre etasje. Når «MAMMAAA!! – kor er boxerar?» eller «HAAAR ikkje du kjøpt skinke??» tordnar gjennom gangane. Når den fjøslukt-luktande kjeledressen fyller vaskerommet med eit merkbart og usjarmerande hint av sau gjennom heile lammeperioden. Når sko, jakker og sekker hopar seg opp i inngangspartiet utan at nokon viser snev av vilje til å ta tak. Når alle «MÅ» alt til ei kvar tid, og det berre er å stå med lommeboka open og bilnøkkelen klar.

Kva motivasjon og personlege eigenskapar må til for å bli smørjar? Ynskjet om å sjå andre prestere, den gode kjensla av å bidra? Uthald, å jobbe på for andre sine mål, trivast best i skuggen, verte van med å vere der i osen av kjemikaliar og innestengd luft?
Den viktigaste motivasjonen må vere kjensla av å vere med på laget, å vite at jobben er avgjerande viktig for resultatet. Team-building er viktig på alle moderne arbeidsplassar, å skape kjensla  av å jobbe saman mot eit mål. Det gode liv er å ha nokon i smørjebua, å vere i smørjebua for kvarandre. Skal vi komme nokon veg, er det tvingande nødvendig. Kanskje burde vi oppvurdere det å jobbe i smørjebua, endre tankesett overfor oss sjølve og andre. Arbeidsdeling, spesialisering, team-arbeid kling betre. 

Eitt er sikkert; støtteapparatet her har hendene fulle resten av sesongen, og må legge ned ein avgjerande innsats for glid og feste, halde motivasjonen oppe og heie på utøvarane i sporet.

DSC_0324

1 thought on “I smørjebua

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s