Song for tante Norunn

Langfredag blir det song i stova, i huset der tante Norunn budde då ho levde her. Det blir ei uoffisiell nyopning, og ei musikalsk helsing til Norunn og til dikta hennar. Eigentleg var det grandtante ho var, farmor Besta si syster. Ho voks opp i Støfringsdalen på Jølster, og gifta seg til Klævold i 1963. Og det er på grunn av henne at vi er her no. Det var ho som spurde, den gongen i 1987, om vi kunne tenkje oss å komme og ta over garden. Kreftsjukdomen hadde kome tilbake, og ho skjønte kva veg det gjekk, så ho ville syte for at staden hennar skulle førast vidare.

No, snart 27 år seinare, er vi framleis her, og ein del er ført vidare og endra. Andre ting minner om det gamle. Då vi rydda ut av huset for to år sidan, fann vi Norunn sine handskrivne diktbøker i ein kommode. Med sirleg skrift var dei noterte, dikta hennar om livet, tida og gleda. Noko var kryssa over og streka ut, noko var skrive opp att og redigert i fleire omgangar.

DSC_0371[1]

 

Ho må ha vore ei filosofisk og tenkjande dame, Norunn. Dikta hennar speglar tankar om historiske hendingar, natur og religion, om verda der ute og gleda over små ting heime, om tida som går og det store alvoret i at alt ein gong skal ta slutt.

Eg gjeng i usynlege fotespor ifrå farne tider
Dei talar til meg forutan ord, om at tida ilar og tida skrider

Ein gong vil tida over meg vinne, den frå meg glir
Eg kan den ikkje lenger finne, om enn kor mange dagar det blir
Det vert ein siste dag, då tida fører meg frå sitt lag
Tida vinn, mennesket forsvinn

I stova står òg eit gamalt orgel, som både Norunn og andre i familien har spelt på.
Det er prega av tidas tann, men med iherdig rensing og pussing frå nokre velviljuge hjelparar er det i alle fall kome lyd i det. Med tida må det kostast på ei grundigare rehabilitering, med skifting av belg og stemming, så kanskje det kan bli det stasinstrumentet det ein gong var.

DSC_0346

No vil vi prøve å knyte saman det gamle og det nye, og minnast tante Norunn i stova hennar, med dikta hennar i ny drakt. Det gamle orgelet skal få låte igjen også, etter mange tause år. Vi er to amatørmusikalske systre som har bestemt oss for å invitere slekt og vener – og andre som måtte vere interesserte – til ein liten stovekonsert i påska. Saman med to unge menn på trommer og bass skal vi synge songar om livet, tida og gleda, i tante Norunn si ånd. Vi har tonesett to av dikta hennar, og spedd på med andre songar som vi tykkjer fangar noko av den same stemninga.

DSC_0373[1]
Tante Norunn døydde i 1988. På dette bildet frå barndomsheimen på Jølster er ho den yngste i syskenflokken, det må vere på slutten av 1920-talet. Ho fekk 63 år i verda, før tida henta henne inn.Og langfredag skal vi altså bruke litt av vår tid til å synge songar til minne om henne, av dikta hennar, i stova hennar og i hennar ånd.

5_sostre_stofringsdal

 

2 thoughts on “Song for tante Norunn

  1. So flott å finne fram slike skattar! Trur slekta har nokre skrivegen krydra med musikalitet langt over normalen ! Lukke til med songstunda 🙂 Kult orgel !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s