Maratonmannen

1. mai er passert, korleis gjekk det med langdistanseløparen, støtteapparatet og målgangen? (Jfr. innlegget «I smørjebua»).
Det gjekk som vi trudde, det har vore ein lang veg mot mål, ein retteleg maraton. Og den er ikkje over enno. Dei første gjestene avbestilte, og det var rett og slett ei lukke. Så no har vi tre nye veker på oss for å få alt på stell, og ny målpassering vert 24. mai. Maratonmannen spring framleis mellom arbeidsoppgåvene.

Kva det er som har skjedd? Det har vore laga to parkeringsplassar, kaianlegg, og flytebrygge med landgang (snart montert). Det har vore lagt inn sløyebenkar, vatn og straum i naustet. Det har vore lamming, gjødsling og jordarbeid. Det har vore klargjering av uteanlegg, riving av skur og rydding av område ved sperrestova på Klævoldsneset. Og innimellom der har det vore hundrevis av småting som er for spissfindige til å bli nemnde. Ein del er rett nok ikkje ferdigstilte heller, og det er rikeleg med detaljar som gjenstår.

Bonden er framleis ute i maratonløypa. Han har vore innom huset for å snu, ete og sove sidan nyttår, elles kvilelaust arbeidande. Mykje har gått med til kaianlegget. Vi hadde flaks, og fekk på plass ein mann med gravemaskin som mura kaia, grovt sett. Så har det vore køyrt på fyllmasse, stein og grus for å jamne til. Første etappe med støyping vart gjord ein marsdag då det snødde på tvers, med hjelp av to tapre tenåringar som ikkje ville avfotograferast i sementskitne oljebukser.

Landgangen til flytebrygga vart sveisa saman av den gamle rullator-rampen ved kårhuset, og gjenbrukt med rekkverk og det heile. Men så viste det seg at nivå-forholdet mellom flo og fjære var feilberekna, så det måtte ei heving til, og ny runde med støyping. Denne gongen var det eldstesonen på påskeferie som fekk ein dag ved blandemaskina.

DSC_0366[1]DSC_0365[1]DSC_0392[1]DSC_0350[1]DSC_0357[1]

Det har vore bekymringar. På Klævoldsneset har det vore vanskar med vatnet, det vart ikkje klårt. Etter årelangt arbeid med vass- og kloakkanlegg, grøfting og brønnboring, tusenlappar som har flagra som haustblad i vinden, var vatnet gråkvitt og lite å by gjester. Krise. Det har vore lensa og tappa i vekesvis. Pumpa har vore heva og senka, filter av ymse slag sett på. Det såg lenge moalaust ut. Utleigebyrået måtte varslast, måtte dei kansellere bestillingane? I førre veke tok det endeleg til å gå rette vegen, og det ser ut som vi kan puste med magen igjen, etter å ha hatt denne bekymringa over nakken sidan januar.

Hadde ikkje bonden hatt idrettsbakgrunn, hadde det aldri gått. Den seige læringa i å stå løpet ut, halde motivasjonen opp i seige treningsøkter og lange motbakkar har vore heilt avgjerande for resultatet. Viljen til å vinne, i det minste til å gjennomføre med eit heiderleg resultat, trass trøyttleik, smerter og ubehag, har gjort det mogeleg å komme seg fram til målstreken.

Støtteapparatet har òg fått køyrt seg. Nokon må halde mat i kjøleskåpet og klede i hyllene, halde tenåringane i øyra og hygienenivået på tilnærma akseptabelt nivå. Dessutan er det ein del turistførebuingar som fell på husfrua òg. Det er uhorveleg mange detaljar som skal på plass. For kvar innkjøpsrunde dukkar det stendig opp nye behov som ikkje er dekka: Eggedelar, vinopptrekkar, sengeteppe, pannelok, ølglas, støvsugarposar…… Listene er lange, og vi held bankkortet varmt og kryssar av etter kvart. I neste veke blir det ny tur til Førde. Informasjonspermen på tysk er under skriving, og den tyske turist-ordlista på kjøkenskåpet blir pugga på litt innimellom (oppvaskmaskin = Geschirrspühlmaschine). Lytting på tysk nett-TV er med på å førebu øyra og styrke ordforrådet før det blir alvor.

«Eg skulle gjerne hatt den fine plassen, men eg trur ikkje eg ville hatt arbeidet,» sa ho, kollegaen min. Nei, det går an å forstå henne. Ho måtte i tilfelle hatt ein maratonmann òg. Ein med idrettsbakgrunn, med sterke langdistansemusklar både fysisk og mentalt. Og ho måtte tolt å vere med han gjennom dei lange løpa, venta ved sidelinja, stilt opp med mat og drikke og heia han gjennom medgang og motgang.

Men så får vi betalt i stjernestunder innimellom. Det har vore test-rundar på selskapsfronten, med to flotte selskap og mykje glede. I påska var det stove-konsert med song og kaker. I solskinet på bøen har lamma sprunge lette på foten dei siste to vekene, og det går an å setje seg ende ned i solskinet og sjå på dei. Eller gå ein tur opp på nærmaste topp med hunden i og skode utover Sognefjorden i sola.
Og vi kjem nok i mål til den 24. mai, og då har alt vore verd det.

DSC_0403[1] DSC_0406[1]

DSC_0424[1]

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s