Ved bålet

Brått kom tanken, klår og uventa, rett inn på sofaen: Eg treng eit bål! Bere ved, bygge eit bål og kveikje på. Sitje attmed og kjenne røyken sive inn i nasa, sjå flammane fate og sleikje, høyre at det knitrar, elles stilt. Det skulle vere på eit svaberg attmed fjorden, og der skulle ein sitje og late tankane fare utover vassflata med dei oransje flammane leikande i synsfeltet.

Hjernen skulle reinsast for alle opphakka, fragmenterte tankar som det moderne samfunnet påfører oss dag ut og dag inn. Vekk med skjermbilete og tastatur, innboksar og e-postar, scrolling over uvesentlege facebook-statusar, Eurovision Song Contest, flimrande nyheitsbilde, Syria, Ukraina, Northug, Siv Jensen, landsmøte i Høgre, streik i Norwegian og statens tilbod i landbruksoppgjeret. Lat det fare!

Slett bilda på den indre skjermen, korttidsminna om elevsituasjonar, konflikter, papirbunkane på kontoret, frustrasjonen over alt du ikkje rakk. Gløym det som ligg framfor, fristar som må rekkast, avtaler som må haldast, utfordringar som må møtast, keisemd og frustrasjonar som skal gjennomlevast. Set deg ved bålet og tre ut at den verda der alt dette finst, gå inn i eit anna rom som er berre akkurat der, akkurat no: Sitje på stein, sjå på vatn, lukte røyk, varme seg på flammar.

Det er heilt sikkert symptom på noko, når slike tankar skyt ned frå det ytre rom. Ein psykolog ville sikkert hatt forklaringa klar, og stilt diagnosen på våre forhasta og forhutla liv:
Stress, uro, kanskje ein mangeltilstand? For lite langsam tid, for mange fristar og krav, for mange ballar i lufta. For lite mindfulness, yoga og meditasjon. Så når vi ikkje har vit til å forstå det sjølv, melder undermedvitet frå om kor tid det er på tide å setje inn tiltak, og skyt inn ein tanke frå dei indre djup. Nokre nedfrosne, lagra bilde på den indre minnebrikka trengjer seg på: «Hei, har du ikkje gløymt noko viktig? Kor lenge er det ikkje sidan du sat ved eit bål? Kor tid lot du sist tankane fare på sjølvstyr utover fjordflata og tenkte på livet, og elles på ingenting?»

Det var ein tanke som kravde handling. Så det bar opp av sofaen og på med gummistøvlane, ved og kveikje vart samla saman, og bålet vart kveikt på berget. Måsane flaug, småbølgjer skvulpa og livet fekk den glideflukta det trengde. Ein times mindfulness ved fjorden.

DSC_0426[1]

1 thought on “Ved bålet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s