Raringar

Det er eitt av to: Anten er det vi som er nokre raringar, eller så det dei styrande som har mista sikta. For no strøymer det inn med stadfestingar på at vi er på feil spor. Landbruksministeren vil radere ut småbøndene. Små fylke som Sogn og Fjordane sakkar stadig akterut (http://www.nrk.no/sognogfjordane/sogn-og-fjordane-taper-235-mill.-1.11717506). Lærarane kjempar for sitt yrkesmessige liv i arbeidstidsforhandlingane med ryggen mot veggen. Og så alt dette på ein gong. Teikna i tida er ikkje til å ta feil av: Som lærar og småbrukarkone frå Sogn og Fjordane er eg utan tvil på taparlaget, og må ta inn over meg bodskapen: Du er ein raring, tida har sprunge frå deg, og du har ikkje forstått det.

Kvar var det det gjekk gale? Det må ligge i tankegangen. Vi tenkjer og trur så mykje rart.
Til dømes trur vi at smått kan vere godt. At det går an å ha verdi og skape verdiar utan å vere stor. At nærleik er ein god ting, at ut av noko smått kan det vekse noko. At det ikkje er storleiken det kjem an på, berre det fungerer. Dette er heilt feil, viser det seg. No skal alt vere stort, og alt smått skal bort frå kartet. Kommunane må bli store. Fjøsane skal vere store, produksjonen må for all del vere stor, og dei store skal bli større. Og alt må vere effektivt, straumlineforma, moderne, teknologisk forsvarleg. Arbeidstidsordningane må samsvare med normalen. Ingen skal vere sære og krevje særlege omsyn, menneske og maskiner går under eitt. Alt må kunne setjast på den same formelen, den som industrisamfunnet har utvikla: Større, glattare, likare, kaldare.

Vi trur på menneska òg. At folk kan skape noko rundt seg der dei er. At noko kan spreie seg frå menneske til menneske, frå bygd til bygd, frå tanke til tanke. Ein idè, eit engasjement, ei vilje til å skape noko, få noko til. At einskildmenneske har noko å seie. At små samfunn har ein verdi. At ulikskapar utfyller kvarandre. Vi trur rett og slett at det kan ha noko seie at folk bryr seg, at det kan gjere gode ting. Vi trur at ein engasjert lærar kan bety allverda med skilnad for nokon, når han får tid til å bry seg. Sett slikt tøys! Det stemmer visst slett ikkje. Volum og vekst, system og struktur er det som gjeld.

Vi har trudd at det var meininga at vi skulle ta heile landet i bruk. At det skulle vere eit reelt val, at det gjekk an å velje eit liv  på bygda. Vi trudde det var eit gode at ikkje alle klumpa seg saman i byane, men at nokon tok vare på bøane, grendene, forsamlingshusa, lagsarbeidet der ute i distrikta. At nokon skulle kunne komme frå byen og sjå levande bygder og velstelte landskap, sjå kvar maten kjem frå. Vi trudde rett og slett at vi hadde ein verdi. Så naive har vi vore. Vi trudde vi gjorde ein god jobb her på vår vesle stad, og bidro med ei form for verdiskaping som landet vårt sette pris på. Vi trudde det var hjelp i å arbeide hardt, å setje seg mål, å bidra med det ein kunne der ein var. For nokre raringar!

Men no tek vi til å forstå. Endeleg kjem sanninga til oss i eit visst klårsyn: Dei vil ikkje ha oss. Vi tenkjer feil, bidreg for lite, er for små og uvesentlege. Vi bur på irrelevante kantar av landet og jobbar på umoderne måtar. Vi bryr oss for mykje og produserer for lite.
Så må vi vel berre ta det innover oss: Vi har valt feil. Å setje livet sitt til på eit småbruk ved Sognefjorden er eit tapar-val. Vi skulle ha følgt straumen til byane, meldt oss på i stimen og i bustadkøene. Vi skulle ha teke til vit og satsa på eit liv i det sentrale austlandsområdet, der landets hjarte bankar og vegmeldingane på radio alltid melder om køer inn og ut. Der politikarane ivrar for utvikling, vekst og vegbygging.

I staden for å vere lærar i ein liten kommune med ei stolt industrifortid og lite anna, med korte søkjarlister og kronisk personalmangel, kunne vi ha vore akademikar i byen og teke doktorgrad i eit eller anna fint. I staden for å late hjartet banke for elevar og deira utvikling, læring og opplevingar, burde vi ha tenkt mest på status og karriere. Vi burde ha reist for lengst. Men skal ein først reise dit makta og vinnarlaget er, kvifor stogge i Oslo? Det er jo berre ein utkant i verda. Då må vi vidare, til kontinentet, til Amerika, til den store verda. Kva skal vi meir i Norge då?

Skal eg vere heilt ærleg, forstår eg det enno ikkje. Sett herfrå neset, er det dei styrande som er rare. Ressurssterke menneske som har kome til makt og posisjonar, men ikkje skjønar samanhengar som for oss er enkle og sjølvsagde. Som ikkje ser skilnad på pengar og verdiar, på stort og viktig. Moderne politikarar som er gode på kommunikasjon, omkransa av rådgjevarar som tenkjer ut kva signal som vert sende ut og kva følgjer kva minste utsegn kan få. Og så sit dei og sender ut meldingar som ikkje er til å misforstå, om at store delar av landet og folket deira er for små og finst der ute til fånyttes? Har dei ikkje lært noko om grunnleggande menneskeforståing?

Attpåtil skal vi feire grunnlovsjubileum og nasjonaldag nummer 200, og honnørorda flyg gjennom lufta: Folkestyre, demokrati, fridom, utvikling. Og så sit vi her og kjenner ikkje landet vårt igjen. Bjørkelauvet og raudt, kvitt og blått falmar i augo. Raude løer, grøne bøar, blå fjord og kvite lam taper noko av glansen. Det er ikkje dette dei vil ha. Som ein dumpa kjærast sit vi og vansmektar; det er ikkje oss dei vil ha.

Men ei trøyst er det: Vi er ikkje åleine. Det er mange der ute som kjenner det på same måten. Så mange raringar, så mange naive og blåøygde landsens nordmenn, lærarar, bønder og andre idealistar. Så mange at vi kanskje torer tru litt likevel. Kanskje har dei feilvurdert sitt publikum, produksjonsstormarane.

I tiåra etter 1814, då den unge nasjonen skulle byggje opp identiteten sin,  var odelsbonden sjølve symbolet på det norske. Rund og raudkjaka stod han der på trappa si med tomlane i vestlomma, kjernen i det nasjonalromantiske bildet som vi ber med oss i bakhovudet. Difor svir det i nasjonalkjensla når dei tuklar med det vi trur på; bonden, landbruket, kommunane, bygda. Og svie gjer dei fleste sinte og vanskelege å ha med å gjere.

Så her klorar vi oss fast i vestnorske bygder mot alle gode råd. Her vil vi famleis sitje og tenkje rare tankar om korleis verda er skrudd i hop. Vi sullar med forestillingar om at ein mann med ein traktor og innsikt kan få noko til, at engasjement skaper det det drøymer. Vi innbiller oss at det har noko å seie korleis noko ser ut, at velstelte bøar med dyr på er til glede for nokon, at vakre bygder har verdi for nokon. At annleis-fylket Sogn og Fjordane har noko på kartet å gjere, at det er til bate for landet at nokon bur her òg.  At nokon må bruke livet sitt til enkle ting, som å bidra til læring og opplevingar for ungar som veks opp inne i fjordarmar og grender. At turistnæringa vil ha nytte av vestlandet, fordi det er her fjordane ligg. At eit av verdas beste reisemål, Sognefjorden, vil vere eit enno betre reisemål dersom det bur folk der som steller hus og bøar og lever eit dagleg liv.

Så vi blir ei stund til. Nokre andre strinakkar blir vel òg att. Kanskje det likevel er her ute på bondelandet at Noregs hjarte bankar?

DSC00210

 

1 thought on “Raringar

  1. This made my day!, som det heiter på ny-norsk. Mykje helsebot å lese denne teksten. No skal eg ut å sjå til skogen. Allereide kjenner eg at stega vil vere lettare å gå i dag. :o)
    Helsing Lars i Brattlia.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s