Heimesnikra jordbær

Jordbær er toppen av sommarlukke. Dei siste åra har det vore smått med slike lukkestunder, og frustrasjonen har vore påtakeleg. Og for ei glede då, når den først kjem! Dette er ei søt og saftig sanseleg lukke, vel verd å vente på. Så i dag er vi i hageblogg-hjørnet, med sjølvhjelpstips til andre frustrerte fruer utan jordbær.

DSC_0535[1]

Det er ei hake ved det å ha ein travel bonde som mann: Prioriteringa er hard. Mjuke verdiar og fruentimmersyslar – slik som jordbæråker – har ein tendens til å falle ut. Det vart ikkje tid i år heller. Noko anna var viktigare. Noko anna har alltid vore viktigare – i mange år.

Sett slikt! Korleis kan noko vere viktigare enn jordbær? Smaken av livskvalitet og lukke i eitt, einaste, saftig jafs. Ei smaksbombe som eksploderer i ganen og skaper dei vakraste bilde i sansane. Men slik er det no ein gong. Og det å få ein mann og ein traktor i gang med å lage jordbæråker, det har vist seg å vere ei uoverkommeleg oppgåve. Då må ein grave fram den nedstøva plogen frå lengst bak ein-eller-annan-plass, pløgje og bearbeide jorda, skifte til skuffe på traktoren, hente møk, gjødsle, blande, kanskje til og med harve, kjøpe plast, trekkje plasten over, feste, plante….Det må skje på rett tid i sesongen, alt utstyr må fungere, vêret må vere lagleg, humøret bør vere på topp og ingen andre presserande oppgåver kome i vegen. Altså: Berre å gje opp.

Men for to år sidan tok frua saka i eigne fruentimmerhender. Ved hjelp av to middelmådig motiverte søner med hammar og spikar, vart det sett i verk reserveløysing. Tre pallar vart dekte med duk, snudde opp ned og fylte med sauemøk og jord. Vi tok oss til rette i gjødselkjellaren og spadde i trillebåre, kjøpte butikkjord og fylte i.(Forferdeleg amatørmessig og kvinnfolkaktig, sjølvsagt, ikkje til å snakke om for ein bonde.)
Nytt lag med duk på toppen, og så plante. Dekke med bark, og vente ein vinter eller to.

Sjølvsagt avslørte det seg sviktande dømmekraft og ikkje-berekraftige val. Kantklipparen spjera sjølvsagt opp duken når graset  rundt kanten skulle bekjempast, og vi måtte komme opp med nye løysingar. Så i fjor vart det påspikring av fjøler rundt kanten, skeivt og stygt vart det. Og i år vart det nytt konsept med ei stripe duk rundt kanten og steinsetjing – for å stoppe graset og tone ned dei stygge fjølene frå i fjor.

DSC_0537[1]Men så kom belønninga!

DSC_0534[1]

Så no er det endeleg jordbær å finne – for ei lukke! Endåtil har eg fått lurt nokre ned i frysen, og gler meg allereie til å hente dei fram på ein aldeles motbydeleg, kald og rå vinterdag. Jordbær i frysen har vore mangelvare i ti år,minst!

For ei glede å hauste så gode frukter av sitt eige, amatørmessige arbeid, med enkle midlar.  Og mannen med viktigare ting å gjere må no innrømme at det er ein god ting med litt jordbær i hagen. Han blir no stendig sett snikande under bærnettet etter modne bær, av og til litt snurt, fordi det nettopp var plukka.

Så no har kjerringa fått blod på tann, og tenkt ut ei ytterlegare forbetring av konseptet. Så i løpet av sommaren skal ein ikkje sjå vekk frå at jordbærhagen har fått utviding med ein 2-3 pallar til.

DSC_0540[1]

 

 

 

Inn for landing

«We’ve had a really good time. Thank you for it all.» Det unge nederlandske paret kjem opp frå båten. Solbrende i ansiktet og med tre fiskar som dagens fangst. Dei har vore her i ei veke og reiser i morgon tidleg. Dei kom for å roe ned frå det stressande livet i Nederland, og det har dei fått gjort. Lese, drukke vin, sett ut på fjorden. Besøkt Nigardsbreen og Hopperstad stavkyrkje. Og køyrt båt.

I kårhuset har eit middelaldrande tysk par hatt sine rolege dagar. «We don’t need a boat, we just want to sit and look at the fjord.» Dei har feriert i feriehus i Norge i ti år, og veit kva dei vil ha. I dag reiste dei vidare til neste etappe av ferien, i Olden. «It’s a nice house, we really like it!»

Det har vore ei merkeleg veke. Ein milepæl er nådd. Tida som utleigebyrå-feriehusutleigarar har starta. Gjestene som vi har tenkt på, sett for oss og førebudd oss på å ta imot så lenge har materialisert seg som levande menneske.  Dei er her og vandrar på bøen og står på berget og ser på fjorden og cruiseskipa som glir forbi i kveldssola. Dei lèt vel om staden og vèret, som har velsigna oss og dei med ein pangstart på feriesesongen.

Vi går rundt med uvant låge skuldrar og smakar på kjensla av å ha passert ein milepæl, ei målsnor. Det er eit gamalt mål som er realisert. Vi har snakka om turisme som satsing sidan første gong vi kom hit, i 1987. Reguleringsplanen for hytter på Klævoldsneset var gjennom ein tre år lang og kostbar runddans i byråkratiet tidleg på 2000-talet. Sperrestova vart riven i 2008, påbegynt gjenoppbygd i 2010. Huset var rydda og oppussinga starta i 2012. Dei siste to åra har vore ei meir eller mindre samanhengande arbeidsøkt.

Og sjølvsagt vart det ei halsing for å bli klar med alt den siste veka. For ei mengd detaljar! «Djevelen er i detaljane», seier dei, og det er lett å skrive under på. Vi har kryssa av på dei detaljerte listene frå utleigebyrået for begge husa: To knivar, gaflar, skeier og teskeier pr. person. Kakeskeier. Vinglas, ølglas, champagneglas (det siste droppa vi). Dørslag, potetskrellar, vinopptrekkar, boksopnar (der enda eg opp med å kjøpe dobbelt sett). Åtte kleshengarar pr.person. Grillbestikk, parasoll, solstolar, puter til utemøblane (og så må vi jo ha putekassar til putene!). Vaskemiddel, klesklyper, oppvaskklutar, kjøkenhandkle. Er det nok panner? Og lòk til steikepanna fekk eg ikkje tak i (søren òg!). Til slutt gjekk det heilt i surr i hovudet.

Og så kjensla når alt har landa. Når kvar minste potetskrellar ligg trygt i skuffa, klutane er fint stabla, badstuomnen er montert og endeleg verkar som han skal. Når naustet endeleg er rydda, og redningsvestane heng fint på knaggar på veggen.  Flytebrygga ligg der og duppar med snubleplankar langs kantane, bildekk på sidene, landgang med rekkverk, fint festa i murkanten på kaia som vart støypt i to møysommelege omgangar. Hellegangar og trappetrinn, sløyebenkar, vatn og lys, platning med bord og blomstrar. Graset er slege i stiar og på plenar. Og sola skin attpåtil  uvanleg villeg, fleire dagar på rad, og vi kan gå glade og småputle og kjenne oss så uvant lette, utan det vanlege bli-ferdig-åket over nakken.

«Gubbevaremegvel for ein innsats vi har lagt ned!» seier husbonden, han står i kjøkenglaset og skodar ut over herlegdomen. Og han har heilt rett. Så no er det på tide å lande, puste med magen, kjenne på solstrålane. No kan vi suge på karamellen ei lita stund, og vente på at dei neste gjestene kjem.

Kva vi no skal finne på? Jau, no blir det rydding og reorganisering. Noko må nødvendigvis ha vorte forsømt i kampens hete, og det har tårna seg opp med rot i kulissane.
I redskapshuset står ein gammal, havarert traktor og fungerer som stativ for alskens tilfeldig verktøy, søppel og rot. Framfor står ein halvbrukt palle med ved, ulekkert dandert med ymse utstyr. Søppel-lageret på låven er fullt og trugar med å ete seg utover all mark. Eige hus har vore vanskjøtta og forsømt, skuffer og skåp skrik på rydding, og krokane ventar med støv, skit og spindelvev. Det skal bli godt å endeleg kunne tak i det.
Men det blir ikkje før skulen sluttar. Og ikkje før regnet kjem. Inntil vidare er det sol og glede.

DSC_0462[1]