Galleri-eigarar og andre idealistar

Det er sommar, og vi vil oppleve noko. Vi ynskjer oss noko å sjå og smake, noko å vise fram for andre vegfarande i fylket vårt. For nokre dagar har vi teke ein pause frå turistvertrolla, og er kortreiste turistar i eige fylke. No ser vi litt annleis på opplevingane, med både turist- og turistvertbriller på nasa.
Dessutan er vi stolte av fylket vårt, og litt bekymra for piler som peikar nedover: Budsjett som blir stramma inn, bøar som ikkje blir slegne, jordbrukspolitikk og storsamfunn som favoriserer dei store og folkerike områda. Så i dag skal vi snakke opp nokre av dei som skaper liv og aktivitet i bygder og grender i vårt vesle, vakre fylke. Mange av dei er kvinner.

Det finst mange gode døme. I Jølster har ei ung kvinne flytta heim og etablert seg som sølvsmed, med verkstad og butikk på Ålhus. Denne veka fekk ho pris som månadens handverkar i Norge. Du finn henne i eit lite, koseleg hus rett over vegen for Eikaas-galleriet.
http://mobil.firda.no/nyhende/article7458577.ece?ns_campaign=editorial.article&ns_mchannel=editorial.facebook&ns_source=editorial.facebook&ns_linkname=editorial.share.article&ns_fee=0

Ei gammal klasseveninne driv galleri i Rivedal. I ei gammal, oppussa stove med 60 kvm fordelt på to etasjer, heng det bilete som ein kan komme og sjå, utan inngangsbillett. Nokre har ho laga sjølv, mange er andre sine. Innimellom den fulle stillinga som rektor produserer ho bilde når ho har tid og krefter til overs. Eg besøkte henne nyleg, og spurde korleis det gjekk. Jau, det gjekk bra, reint bortsett frå at føretaket har kronisk underskot. Dei inntektene som kjem inn, har gått med til oppussingsutgifter. Ikkje desto mindre satsar ho vidare, med ny sommarutstilling.
http://rivedalgalleri.no/

Så kvifor gjer ho det? Eiga interesse, eit ynskje om å skape aktivitet. Rivedal er ei grend i Askvoll kommune, med ei handfull gardar og hus. Noko må skje, og aktivitet skaper optimisme. Folk skal ha ein plass å komme, noko å oppleve, noko som finst der. Og det gjer seg ikkje sjølv, så difor må nokon gjere det.

I kommunesenteret Askvoll har heimflytta unge starta «Askvoll sjømat og delikatesse».
Tre dyktige kokkar har gitt sunnfjordingane matrettar dei aldri før har sett, og ei satsing som ein ikkje skulle tru var levedyktig utanfor Oslo, har blitt stor suksess i Askvoll. Folk reiser langvegs frå for å handle og oppleve denne særskilde butikken.
http://askvolldelikatesser.no/

Tre eksempel på tiltakslyst og initiativ som gjer distriktet vår litt meir spennande å besøkje og bu i. Dei er gull verd! I Bondebladet og andre publikasjonar kan vi ofte lese om idealistar og optimistar rundt omkring i landet som startar verksemder og tiltak med kreativitet og fantasi. Gardsbutikkar, inn-på-tunet-tiltak, skinnfellproduksjon, ysteri, iskremfabrikk, spinneri og garnbutikk. «Idealistiske tapsprosjekt», seier husbonden, med dårleg skjult skepsis. Og sjølvsagt har han rett. I mange tilfelle kan ein lese mellom linjene at tiltaket krev stor arbeidsinnsats og gjev lite kommersiell forteneste. Og ofte er det kvinner som står bak. Så kvifor gjer dei det? Ofte er svaret at livet er meir enn pengar, og at det er meiningsfylt å få noko til.

Kanskje dette er vår tids dugnadsånd? Folk er tunge å få inn i idrettslag og husmorlag i våre dagar, og den gammeldagse dugnadsånda på bygdene visnar vekk. Men innimellom finst det nokre som gjev etter for skapartrongen, for ynskjet om å få noko opp å gå, for å lage noko med eigne hender, noko som blir til liv og aktivitet for ein sjølv og andre.

Det er skummelt å hoppe, å satse på noko nytt. Du risikerer pengane og omdømmet, og mykje tid av livet ditt som du kunne ha brukt på andre, langt meir egosentriske måtar. Det er heilt sikkert mange lange dagar og korte netter, raude tal, papirmølle og byråkrati, stivbeint regelverk, statlege kontorrotter med rikelege paragrafar og  minimalt med sunt bondevit som gjer livet langt surare enn nødvendig for ein godtruande gründerar der ute i distriktsnorge.

Og det er rikeleg med skeptikarar rundt om i bygdene. Innfødde og heimefødde sjeler som skuler bak gardinene på nyinnflyttarar som kjem og finn på noko nytt. Som sit rundt lunsjbord og i kaffislabberas og dømer dei nord og ned, dei som kjem her og trur at dei skal klare å få til noko anna enn det som alltid har vore. Som godtar seg når det går dårleg og sit klar med «kva var det eg sa» dersom stakkarane må hive inn handkleet. Kanskje har vi til og med vore blant dei, og slengt med leppa over kaffikoppane om halsbrekkande nysatsingar som «aldri kan gå».

Det burde ha vore forbode! Det burde ha vore sett i gang ein fylkeskommunal haldningskampanje med «Støtt småskalainitiativ i bygda di!» eller «Snakk aldri stygt om ein innflyttar med nye idèar!». Det burde ha vore plakatar langsmed riksvegane til støtte for lokalt engasjement og oppbyggjeleg verksemd. Kanskje det kunne ha vore ei ny oppgåve for fylkesbyråkratane?

Kanskje er det eit gode ved dei trange tidene for fylket og presset på distrikta: Kanskje vert det tydelegare at vi er i same båt og må jobbe mot same mål for å halde ripa over vasskorpa. Kanskje kan det bli ein sterkare motivasjon enn misunning og mistru mot nye tiltak. Kanskje kan vi til og med utvikle ein kultur for å heie kvarandre fram.

Galleristar, sølvsmedar, delikatessekokkar, gardsbutikkeigarar, ølbryggjarar, iskremprodusentar, friluftsgründerar, festivalgeneralar, bakstekjerringar, pølsemakarar og alle andre initiativtakarar kan vere framtida for fylket vårt – dei bør støttast og heiast fram.
Sannsynlegvis arbeider dei for mykje meir enn dei tener, av sta og strinakka idealisme og lyst til å skape noko rundt seg. Og vi andre burde vere dei evig takknemlege, der vi og andre turistar kan oppleve distriktsnorge på sitt beste.

Sommerutstilling 2014

Biletet er frå Rivedal Galleri si sommarutstilling 2014:
«Detalj» på pleksiglas av Bente Kystad Syr

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s