Lovsong frå hengekøya

Solguden har sett i nåde til oss. Løfta sitt åsyn på oss og gjeve oss sol. Forbarma seg over oss og omsider tint våre sjeler og lekamar. Velsigna oss med lys og varme i overflod, så vi kjenner oss frelste og salige. Vi forfrosne, innkrøkte sjeler, vande med å gå her med bøygde nakkar, krokne mot vêr og vind, forsona med vår lagnad, vi har fått ny von. Det umogelege har vorte mogeleg, under har hendt. Vi leikar i Edens hage med lite meir enn fikenblad, vi sym som fiskar i fjorden og let gledene flyge som fuglar under himmelen. Alle minne om frost og nordavind er ute av tankar og sinn, og vi lever bekymringslaust som uskuldige born på ei sandstrand.

Og så vi, som ikkje har vore truande. Vi som har tvilt og svikta, tenkt syndige tankar om at tidene med velsigning og sol var attgløymde i barndomens rike, at vi heretter var dømde til evig juli-regn og aldri meir enn ein soldag om gongen. Vi som har levd på trassig vilje, vore tapre nordmenn med vikingblod i årene og med vona hengande i pakkereisene til Syden. At vi no skulle få ei slik openberring, beint fram verte omvende! Vi har fått trua igjen, har sett lyset med eigne auge, slik at vi må tru at det er mogeleg: Ja, det kan vere sommar på vestlandet i juli! Det kan vere stabilt høgtrykk i ei veke i strekk. Og det kan klarne opp att sjølv etter to dagar med regn.

Og det beste av alt: Surpompane og sutreposane er sette aldeles til veggs. Vi skal sleppe å høyre på klaginga på landets personalrom etter ferien, over sommaren som ikkje vart, over det gudsjammerlege regnet og dei sørgjelege 8 gradene, over bikinien som ikkje har vore på og nordavinden som aldri tok fred. Vi skal sleppe å høyre «Det har ikkje vore sommar i år (heller)». Nei, no er det klageforbod i månadsvis.  Skulle det no slå om og regne kaldt i eit par månader, har vi likevel opparbeidd så mykje indre lys og varme at alle klager tørkar opp og prellar av i overskodeleg tid. Ikkje før oktober, minst, kan vi akseptere surmuling om nedbør og temperaturar.Og er det no ein hardsett grinebitar som prøvar seg med sutrete vêrkommentarar i lunsjpausen, har vi full rett til å setje stakkaren dugeleg på plass omgåande, kollektivt og utan knussel. Er han no ikkje nøgd, er det berre ein ting som gjenstår: Livslangt eksil i Spania.

Slikt er det vi let tankane halde seg i ande med, her vi ligg i ei hengekøye og prøver å lagre minnet på harddisken for framtidig bruk. Ja, for det kjem til å bli vinter igjen. Så om ikkje minnet no er fullt, så la oss legge inn litt fleire bilete, sansingar, minne: Om korleis sjøvatn kjennest mot kroppen når det ikkje er kaldt, om korleis sein natteluft er mjuk mot armane når vi sit ute i T-skjorte, om korleis morgonlufta på terassen luktar før sola kjem.
For det kjem tider med prøvingar. Det er alltid slangar i paradiset, og vi er ikkje evig sæle. Drivhuseffekten går sin gang, fly forsvinn og i UD sender dei ut terrorvarsel.
I hengekøya syng vi ein salme so lenge.

DSC_0616[1]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s