Halvgått løp

DSC_0148[1]«Korleis går det med turistane dykkar?» spør folk. Jau, det går bra, svarer vi. Faktisk over all forventning. Vi har møtt ei rekkje smilande, fornøgde folk som har kosa seg i finveret og gitt uttrykk for å stortrivast. Dei fleste frå Tyskland, men òg nokre frå Nederland og Austerrike. Det er framleis litt rart å stå på bøen sin og snakke engelsk eller tysk, og å tenkje på at folk frå det store kontinentet har funne på å komme akkurat hit til vårt vesle nes.
Ei familie valde til og med å ta med seg eigen båt på hengar heile vegen frå Austerrike, for så å sjøsetje den med mykje styr og møye i moloen på Kyrkjebø, og deretter berre ta seg nokre småturar på fjorden. Dei hadde reist i to og eit halvt døgn før dei kom fram, og då dei kom ut av bilen og møtte oss i tunet, var kommentaren spontan: «Oh, you live in a paradise!»

Vi har vore turistvertar i godt og vel to månader, og har knappe to månader igjen av sesongen. Så korleis skal vi oppsummere så langt? Først og fremst har vi hatt uvurderleg drahjelp av vêret. Det hadde ikkje vore det same i 12 grader og regn, og kanskje vil responsen bli litt meir blanda no når vi er tilbake i tradisjonelt vestlandsvêr.
Men vi ser òg at fasilitetane fungerer godt. Vi får gode tilbakemeldingar både på huset og hytta, og flytebrygga og båtane har fungert fint. Med eitt unntak.

«Das Boot funktioniert nicht!» Eg har opna døra, og utanfor står ein tysk gutunge og forklarer meg at båten ikkje vil starte. Ok, kva gjer vi? Husbonden, den som har greie på båtar, er på jobb i Førde, og eg veit bortimot ingenting om kva som skal til for å få ein gjenstridig båt til å gå. Det er å gripe telefonen og ringe, og samstundes følgje gutungen tilbake til foreldra i båten og prøve å sjå på saka. Det blir kommunisert på tysk og norsk fram og tilbake, i og utanfor telefonen, om sikringar, klem på bensinslangen og andre teoriar.
Sjølvsagt blir det inga ordning, og konklusjonen blir at «wir müssen warten, bis mein Mann nach Hause kommt». Svetten renn på ryggen, og det er ikkje moro å vere vertinne når gjestene må rusle slukøyrte tilbake til hytta og finne på noko anna. Som plaster på såret får eg vere til hjelp og bestille legetime til tenåringsjenta med øyreverk, og teikne kart så dei finn legesenteret i Høyanger. Og om ettermiddagen kjem den båtkunnige heim frå jobb og finn ut at feilen var dårleg kontakt på batteriet, og dei får seg ein ny båttur på kvelden.

Men stort sett har det altså gått på skinner, og vi har teke farvel med strålande glade gjester som takkar oss i handa og berre har godt å seie. Nokre vil til og med komme tilbake neste år. Og på e-posten kom det her om dagen inn melding frå utleigebyrået om at gjester har gitt fine tilbakemeldingar og vurdering «5 av 5 stjerner», som blir lagt i annonsa vår på nettsida:
«Sehr nette Hausbesitzer. Sprechen sogar ein wenig deutsch. Top-Haus, mit allem ausgestattet, was man benötigt. Infomappe vom Vermieter vorhanden.»
«Ein sehr schönes, liebevoll eingerichtetes und gepflegtes Haus in traumhafter Lage. Sehr freundlicher und hilfsbereiter Vermieter.»

Språk er sjølvsagt ei utfordring, men det går framover. Det spenningsmessige høgdepunktet inntreff ofte laurdag ettermiddag, når mobilen ringjer og displayet viser +49 etterfølgt av ei uendeleg rekkje av tal. Då er det berre å tenkje engelsk og legge inn eit truverdig «Hello?», for så å ta fram alt av konsentrasjon og prøve å få til ein funksjonerande dialog med ukjende, framande tyskarar som prøver å finne fram på smale vestlandsvegar. Verten har hatt bratt læringskurve i engelsk, og har no fått slik vatn på mølla at han snakkar engelsk både i og utanfor sitt eige hus, av og til så tenåringssønene slit seg i håret.
Nokre har vist seg å vere dårlege i engelsk, så då må vertinna fram med tysk-vokabularet. Det fungerer visst stort sett forståeleg, men bøyingsformer og kjønn på ord går over stokk og stein. Det kokar i hovudet, orda som skulle ha komme forsvinn plutseleg, og så blir det så irriterande klart etterpå korleis ein eigentleg burde ha ordlagt seg. Men vi lærer, og gjestene er tolmodige og glade for at nokon i det heile prøver å snakke deira språk.

«Men de kjem dykk vel ikkje på tur sjølv?» spør folk. Tja, både ja og nei. Takk vere vaksne søner som kombinerte heime-ferie og turistpassing fekk vi oss nokre dagar på støylen og ei veke i indre Sogn. Men det er klart, helgeturar blir det lite av. Laurdagane er blitt den mest hektiske dagen i veka, då gjester skal betale, reise og komme, og alt skal fiksast og gjerast klart. Så det er klart vi blir meir heimebundne, og jobben må gjerast. Boss må tømast, gras klippast, detaljar fiksast, og ein må sjå staden sin med gjeste-auge heile tida.
Men slik denne sommaren har vore, har det vore heilt greitt å vere heime-turistar, og ta eit bad eller to i fjorden innimellom øktene med kantklipparen. Og i haustferien går ferda til Spania – i feriehus.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s